Du er her

Fann det dei visste, men ikkje ville vita

Dei utførte den første landsomfattande studien om førekomsten av seksuelle overgrep i Noreg. No får dei pris for artikkelen. Men funna, som nok ein gong viser kor alminnelege slike overgrep er, skulle dei gjerne vore forutan.

Publisert
5. september 2013

VINNARLAGET: Bak den prisvinnande fagartikkelen står (frå venstre) Iris M. Steine, Anne Marita Milde, Inger Hilde Nordhus, Janne Grønli, Ståle Pallesen, Bjørn Bjorvatn og Jelena Mrdalj.

Sommaren 2011 – før blekket på profesjonsbeviset hennar for vel var tørt – sette psykologen Iris M. Steine (31) seg ned framom pc-en med eit stort datamateriale. Ønsket om å finna og formidla ferske tal på førekomst av seksuelle krenkingar i Noreg, var endå større. Før eit nytt kull med psykologstudentar tok dei første prøvande stega over terskelen ved Det psykologiske fakultet i Christiesgate 13, var førsteutkastet sendt til dei seks medforfattarane ved helserelaterte institusjonar rundt om i byen: Anne Marita Milde, Bjørn Bjorvatn, Janne Grønli, Inger Hilde Nordhus, Jelena Mrdalj og Ståle Pallesen.

Sidan blei det både refusjon og akseptasjon, redigering og premiering. Meir om det seinare. Først må vi få den umiddelbare reaksjonen:

– Vi er veldig glade for å ha fått prisen, og at Psykologtidsskritet på denne måten bidrar til å setta søkelyset på feltet seksuelle overgrep, smiler Steine.

Overraska av det dei visste

Var det noko som overraska henne då ho sat bøygd over rå-data og statistikkformlar og byrja å ana konturane av eit publiserbart materiale?

– Ja, på ein måte så trur eg både eg og resten av forfattarane blei overraska over kor høge tala er, sjølv om vi har sett det mange gongar før. Det at seksuelle overgrep skjer mange, er ikkje noko nytt, men når ein ser det sånn svart på kvitt, er det akkurat som ein tenkjer: Det kan ikkje stemma!

Kan henda er det noko i oss som ikkje vil tru at så mange som ei av ti jenter før fylte 16 år har opplevd det straffelova definerer som den alvorlegaste forma for seksuelle overgrep. Over 11 prosent av alle jenter opplever altså uønskt inntrenging med fingrar, gjenstand eller kjønnsorgan i vagina eller endetarm, inntrenging med kjønnsorgan i munn, å bli tvungne til samleie ved bruk av vald eller trugande åtferd eller når ein er bevisstlaus eller ute av stand til å motsetta seg handlinga, eller på anna vis å føla seg pressa til samleie. Over 11 prosent. Det er tre i kvar skuleklasse, det.

I ANDRE MEDIER: Fagartikkelen om seksuelle overgrep fekk stor merksemd. Her forsida i Dagsavisen 1. oktober i fjor.

Klar tale ut

På slutten av studietida blei Iris Steine involvert i eit prosjekt om seksuelle overgrep ved Universitetet i Bergen. I dag er ho stipendiat i Prosjekt Dobbelkompetanse og arbeider med ein doktorgrad der ho undersøker faktorar som påverkar ulik grad av psykisk uhelse hos personar som har blitt utsette for seksuelle overgrep. Artikkelen ho og hennar seks medforfattarar no har vunne pris for, er ikkje ein del av doktorgradsprosjektet, men ho held seg i det same faglege nabolaget.

– Artikkelen er god å lesa, den har eit klart og fint språk….

– Det var hyggeleg å høyra, eg er veldig oppteken av det, seier Steine.

Ho er oppteken av det, og ho veit etter alt å døma litt om kva som skal til for å få det til. Ein del av det handlar rett og slett om å bruka tid, seier ho – ein god del tid – på å prøva å formidla ting på ein enklast mulig måte, på språk og setningsstruktur.

– Eg får litt allergi sjølv når eg møter setningar som eg må lesa tre gongar før eg forstår kva som eigentleg blir uttrykt, seier formidlaren.

Vi spør om eventuelle litterære aspirasjonar kan ha vore utløysande for allergien. Det kan ho avkrefta. Iris Steine er ganske enkelt glad i godt fagspråk. Men ho er ikkje framand for tanken om at det kanskje er noko med universitetet der ho jobbar, at det har utvikla seg ein kultur for å tenka formidling når ein skriv. Steine er i alle høve rask til å dra fram medforfattarane sine som gode døme på fagpersonar som også veit å vera tydelege i tekstar dei er med å produsera.

Frå avvising til formidlingspris

– Vi høyrte ein fugl synga om at de først freista å få artikkelen inn i Tidsskrift for Den norske legeforening, men at de blei refuserte der. Stemmer det?…

– Ja, det stemmer.

Ifølgje Steine la Legetidsskriftet mykje vekt på den låge svarprosenten blant respondentane i studien, noko forfattarkollegiet framleis finn litt rart. Den var på 48,7 prosent, noko som godt kan samanliknast med andre norske befolkningsstudiar. Dessutan var førekomsttala i tråd med studiar som hadde hatt ein svært høg svarprosent, understrekar førsteforfattaren.

– Kva tid får vi sjå slike systematisk gjennomførte førebyggingsprogram i alle barnehagar og skular i alle fylker i Noreg? Er dei som styrer klare over behovet for slike tiltak?

Iris M. Steine

– De gjekk altså frå å bli avviste der til å vinna i Psykologtidsskriftet.

– Ja det blei litt komisk nesten.

– Kvifor ville de så publisera i Psykologtidsskriftet?…

– Vi villa at desse funna skulle vera lett tilgjengelege for norske lesarar, difor ville vi publisera artikkelen på norsk i eit norsk tidsskrift.

– Kven er så lesarane de skriv for i denne artikkelen? Kven såg du for deg den sommaren du sat og skreiv?…

– Seksuelle overgrep er eit tema som vedkjem mange, fordi problemet er så utbreitt. Eg hadde difor ein brei lesarskare i tankane. Vi ville formidla funna våre til alle som gjennom jobben må forhalda seg til seksuelle overgrep, eller kan ha nytte av kunnskap om førekomsten av seksuelle overgrep, som psykologar, legar, barnehagetilsette, skuletilsette – og politikarar.

– Kjenner de til om artikkelen faktisk er blitt lesen?…

– Den er blitt lesen, også av folk som ikkje held Psykologtidsskriftet, det veit vi, men av kven og kor mange, veit vi ikkje. Men etter at den blei omtala i media, blei vi kontakta av ein del både av organisasjonar og privatpersonar.

– Ifølgje mediearkivet vårt blei artikkelen omtala oppimot 100 gongar rundt publiseringa i oktober 2012….

– Så mange? Oi, vi har ikkje høyrt noko tal på det før, seier ein tydeleg opprømt førsteforfattar. Men kva synest ho om rolla som byr seg når ein får slik merksemd, rolla som ekspert i radio og aviser?

– Det gir jo ein ypparleg sjanse til å trena på å formidla forskinga ut i samfunnet, noko som er ei av universitetet sine kjerneoppgåver.

Avdekka høg førekomst

Artikkelen bygger på den første landsomfattande førekomststudien i eit representativt befolkningsutval i Noreg.

Avhengig av type overgrep viste undersøkinga ein førekomst på 11,4 % – 24,3 % før fylte 16 år for kvinner, og 0,9 % – 12,0 % for menn. Dette er nokså høge tal samanlina med to tidlegare norske førekomststudiar som nytta tilsvarande alderskategoriar (7,5 % – 8,0 % for kvinner, og 1,4 % – 4,0 % for menn). Korleis kan dette ha seg?

– Studiane er ikkje råd å samanlikna direkte. Vi valde å bruka ein brei definisjon av seksuelle overgrep fordi ein på den måten fangar opp hendingar som er seksuelle overgrep men som ikkje blir fanga opp av ein smalare definisjon, forklarar Steine.

Seksuelle overgrep handlar om mykje meir enn bare gjennomført uønskt samleie, understrekar ho. Noko av det denne studien definerer som seksuell åtferd og seksuelle handlingar, som å bli vist pornografiske bilete, kan i utgangspunktet kanskje høyrast mildt ut. Men det er det ikkje i heile tatt om det er far, onkel eller bestefar som gjer det når du er 5–6 år.

– Ein får svar på det ein spør om. Stiller ein spørsmål bare om valdtekt, så er det dette ein får høyra om. Målet vårt var å kartlegga eit breitt spekter av seksuelle overgrep. Difor spurte vi breitt.

VOND INNSIKT: – Det at seksuelle overgrep skjer mange er ikkje noko nytt, men når ein ser det sånn svart på kvitt er det akkurat som ein tenkjer: Det kan ikkje stemma! seier Iris M. Steine, førsteforfattar på artikkelen som vann Bjørn Christiansens Minnepris 2012.

Etterspør førebygging frå tidleg av

Internasjonal forsking viser at seksuelle overgrep mot born er svært utbreitt og at det kan gjera stor skade. I tillegg til den personlege lidinga det påfører den som opplever slike ting, kostar det samfunnet dyrt i form av langvarig behandling av seinskadar og tapte arbeidsår.

– Likevel finst det per i dag ingen systematiske tiltak på landsbasis som kan bidra til førebygging og tidleg avdekking, fortel Steine.

Eit unnatak er Vestfold fylke. I regi av eldsjeler ved Incestsenteret i Vestfold får alle elevar i andre, fjerde og sjette klasse og alle konfirmantar der eit undervisingsopplegg om seksuelle overgrep. Dei går igjennom kva slike overgrep er, og kven dei kan melda frå til dersom dei vert utsett for seksuelle overgrep, eller andre former for overgrep og omsorgssvikt.

– No jobbar dei med å koma inn i alle barnehagane med eit liknande opplegg, fortel Steine, og held fram med eit hjartesukk:

– Kva tid får vi sjå slike systematisk gjennomførte førebyggingsprogram i alle barnehagar og skular i alle fylke i Noreg? Er dei som styrer klare over behovet for slike tiltak? Har dei i så fall ein plan for å hanskast med det? undrar ho. Og dersom nei: Kvifor ikkje?

Det er ifølgje prisvinnarane gjort studiar i USA som viser at ungar i barneskulealder som har fått liknande undervising som dei i Vestfold får, har sagt frå oftare dersom dei har opplevd overgrep, enn med ungar som ikkje har fått slik undervisning. Ein anna studie fann at universitetsstudentar som hadde fått slik undervisning i barneskulen, rapporterte berre halvparten så mange overgrep som dei som ikkje hadde fått det

– Kva effekt ønskjer du at artikkelen skal ha?…

– Vi ønskjer at den kan skal bidra til auka merksemd om kor mange som blir utsette for seksuelle overgrep, og dermed kor nødvendig og viktig det er å førebygga slike overgrep.

DETTE ER SAKA

Iris M. Steine et al. har vunne Bjorn Christiansens minnepris 2012 for artikkelen «Forekomsten av seksuelle overgrep i et representativt befolkningsuvalg i Norge». Prisen gar i praksis til den eller dei som skriv den beste fagartikkelen i Psykologtidsskriftet

Artikkelen blei publisert her i Tidsskrift for Norsk Psykologforening i oktober 2012. Malet med studien var a undersoka forekomsten av seksuelle krenkingar for og etter den seksuelle lagalderen i eit representativt uval av den norske befolkninga. Eit tilfeldig utval av 1450 menn og kvinner fra 18 til 80 ar fekk eit sporjeskjema om uonskte seksuelle erfaringar. 703 svarte (48,7 %), 387 kvinner og 316 menn.

DETTE FANT DEI

  • 7,6 prosent rapporterte a ha opplevd krenkingar innanfor alle straffelova sine tre kategoriar: seksuelt krenkande åtferd, handling og omgang
  • 11,4 prosent av kvinnene rapporterte at dei hadde opplevd uonskt seksuell omgang (handlingar sidestilt med valdtekt) for fylte 16 ar
  • 8,5 prosent hadde opplevd krenkingar bade for og etter fylte 16 ar
  • 16,3 prosent av kvinnene opplevde uonskt seksuell omgang forste gong etter fylte 16 ar. 1,6 prosent av mennene rapporterte det same
  • 24,3 prosent av kvinnene hadde opplevd seksuelt krenkande atferd for fylte 16 ar. Blant mennene var talet 12 prosent
  • Totalt oppgav 55,3 prosent av kvinnene og 22,7 prosent av mennene a ha opplevd ei eller anna form for seksuell krenking i lopet av livet

Viktig fordi vi har en tendens til å glemme

Den offentlige og profesjonelle oppmerksomheten rundt seksuelle overgrep, spesielt av barn, har kommet til overflaten for så å forsvinne gjentatte ganger de siste tiårene. De kulturelle tabuene knyttet til seksuelle krenkelser gjør at mange holder sine overgrepserfaringer skjult for andre. Av og til dukker det opp saker som vekker medienes interesse, for eksempel «Alvdal-saken» og «Øygard-saken», og vi tvinges til å ta innover oss at seksuelle overgrep er et stort samfunnsproblem som ikke bør ties i hjel.

Fordi vi har en tendens til å benekte at seksuelle overgrep skjer, er god dokumentasjon av forekomst ekstra viktig. Vi trenger å bli minnet på at seksuelle overgrep skjer, og at både jenter og gutter, og barn og voksne, utsettes. Artikkelen til Steine et al. bidrar til å minne oss om dette. Gjennom sin studie viser de at seksuelle overgrep forekommer hyppig, at de fleste ofre er kvinner, og at mange overgrep skjer mot barn.

Styrkene med studien er at utvalget kan sies å være representativt for befolkningen, at aldersspennvidden er vid (18–80 år), og at respondentene ble stilt konkrete spørsmål om de hadde erfart spesifikke hendelser (f.eks. opplevd inntrenging med gjenstand i vagina eller endetarm). Artikkelen viser også grundig til nasjonal og internasjonal forskning på feltet. Forfatterne får på denne måten dokumentert at seksuelle overgrep ikke er mindre omfattende i Norge enn i andre land, og at omfanget i Norge ikke ser ut til å ha endret seg nevneverdig i de siste årene.

Det er også en styrke med artikkelen at forfatterne tillater seg å reflektere over hvilke implikasjoner studien deres har, og hvilke tiltak som kan virke forebyggende. De peker dessuten på det som, etter min mening, er en stor utfordring for psyko- loger, nemlig at mange ofre for seksuelle overgrep ikke forteller om sine opplevelser til noen, heller ikke til sine behandlere. Det er viktig å reflektere over hvor vanskelig det er for en overgrepsutsatt å ta initiativ til å snakke om noe som er så smertefullt og også så tabubelagt i vårt samfunn. Jeg mener at det er urimelig å forvente at klientene våre skal bære byrdene ved å bryte tausheten – det påhviler oss å tørre å spørre om overgrep. Studier har gjentatt dokumentert at seksuelt misbrukte har gått i behandling i årevis uten noen gang å ha blitt spurt om de har vært utsatt for overgrep. Artikkelen til Steine et al. viser med all tydelighet at det bør vi begynne å gjøre.

Stadfestar det som overgrepsutsette fortel

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) takkar for at vi er invitert til å gje ein skriftleg respons/kommentar til artikkelen om seksuelle overgrep i Noreg basert på ei undersøking i eit representativt befolkningsutval. Undersøkinga gir ny kunnskap om førekomst av seksuelle overgrep, og er viktig bakgrunnskunnskap for vårt arbeid med hjelpetiltak for utsette både innanfor barnevern og gjennom Senter mot incest og seksuelle overgrep.

Bufdir publiserer årleg ein nasjonal statistikk om bruken av sentra mot incest og seksuelle overgrep og kva for hjelpetilbod dei gir. Undersøkinga frå Universitetet i Bergen tener som ei verdifull referanseramme for denne statistikken, og stadfestar det som overgrepsutsette fortel om at seksuelle overgrep ofte startar tidleg, og oftast før fylte 13 år. Sentra mot incest og seksuelle overgrep er viktige instansar i det førebyggande arbeidet og i undervis- ninga i skulen om seksuelle overgrep, noko som òg blir trekt fram i artikkelen som eit verksamt førebyggande tiltak.

En etterlengtet omfangsundersøkelse om seksuelle krenkelser

Seksuelle overgrep og voldtekt skjer i langt større omfang enn det som tidligere har blitt avdekket, og behovet er stort for mer kunnskap.

Steines undersøkelse er et svært viktig bidrag til vårt og andres arbeid mot overgrep, fordi funnene synliggjør et problem i samfunnet som i mange år har blitt nedprioritert og skjøvet under teppet. Når vi vet mer om hvem og hvor mange som rammes, blir vi bedre rustet til å etablere gode forebyggende tiltak. DIXI merker seg at en betydelig prosentandel av deltakerne som hadde opplevd seksuelle krenkelser, opplevde disse før fylte 16 år. Vi mener dette viser hvor viktig det er å starte forebyggingen tidlig.

Vår erfaring, slik Steine også beskriver det, er at mange ikke kjenner hjelpeapparatet og hvilke rettigheter de har. Informasjonsbehovet er stort og må dekkes, nettopp fordi rask tilgang til hjelp bidrar til å minske de langsiktige skadevirkningene etter et overgrep.

Steines funn tydeliggjør det alarmerende omfanget av seksuelle overgrep. Tallene forteller klart at dette er et alvorlig samfunns- og folkehelseproblem som vi og norske myndigheter må ta på alvor. DIXI håper Steines undersøkelse nå er starten på en rutinemessig kartlegging for å følge utviklingen av omfanget, og at funnene fører til en bredere satsing på forebygging, behandling og oppfølging av overgrepssaker.

DIXI Ressurssenter mot voldtekt gratulerer Iris Steine med utmerkelsen og takker for et godt gjennomført og viktig arbeid.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 9, 2013, side 926-931

Kommenter denne artikkelen