Du er her

Psykopatidiagnosen gir lite meining

Bergen fengsel Asle Makoto Sandvik si forsking viser at dei innsette her ikkje er ein eigen type menneske. Vi har felles trekk, men i forskjellig grad. (Arkivfoto: Hallgeir Vågenes / Scanpix)

Psykopati er ikkje ein samlande kategori, konkluderer Asle M. Sandvik etter å ha intervjua 94 innsette i Bergen fengsel.

Publisert
5. mai 2015

– Psykopatiomgrepet gir lite meining når ein forskar på det som einskapleg diagnose. Det overraska meg kor klart dette blei da eg gjekk inn i det, seier psykologen etter eitt år saman med folk dømde for alt frå vinningskriminalitet og sedskapsbrot til vald og narkotika. Asle Makoto Sandvik sin doktorgrad handlar om samanhengen mellom ulike personlegdomstrekk og kriminell åtferd. Arbeidet loggar seg direkte på diskusjonen om kor vidt ein skal forstå personlegdomsforstyrringar som unike forstyrringar, eller som ei samling ulike dimensjonale trekk ved personlegdomen.

Upåliteleg sjølvrapportering

Kva er samanhengen mellom ulike instrument for vurdering av personlegdom, og korleis heng personlegdomstrekk saman med andre biologiske, emosjonelle, kognitive og psykisk helserelaterte faktorar? Dette ville Sandvik og kollegar sjå nærare på.

For å måla psykopatiske trekk brukte dei fleire instrument. Sjølvrapportering blei gjort med The Self-report Psychopathy Scale [SRP-III]. To kliniske mål blei utarbeidde på bakgrunn av eit djupneintervju og gjennomgang av arkivinformasjon (The Psychopathy Checklist – revised [PCL-R] og The Comprehensive Assessment of Psychopathic Personality – Institutional Rating Scale [CAPP-IRS]). I tillegg blei kognitive funksjonar målt gjennom databaserte utføringsoppgåver. På toppen av dette samla forskarane også inn ein del biologiske mål, som blod- og spyttprøver og hjartefrekvens.

Resultata viser at val av forskingsmetode kan ha mykje å seia. Sjølvrapporteringsskjema gjer til dømes at ein kan gå glipp av viktige poeng ved vurdering av personlegdom. Men det viktigaste funnet i doktorgradsarbeidet hans handlar altså om det lite eintydige psykopatiomgrepet.

Nyansert: – Folk i fengsel er ei utsett og marginalisert gruppe. Studien min nyanserer biletet gjennom å visa at dette ikkje er ein eigen type menneske, seier Asle Makoto Sandvik. (Foto: Privat)

Stor variasjon

Alle dei tre studiane som inngår i avhandlinga, viser stor variasjon av element internt i det som tradisjonelt blir kalla psykopati.

– Alle dei tre studiane viser skilnad i psykopatiomgrepet når vi ser det opp mot andre variablar, som affektivitet og emosjonsgjenkjenning.

Nokre affektive trekk er assosierte med gode evner til å tolka andre sine kjensler, medan meir åtferdsmessige antisosiale trekk er assosierte med ei svekka evne til å tolka andre.

– Dei affektive forstyrringane blir ofte kalla primærpsykopatiske trekk, fortel Sandvik. Men han er likevel ikkje tilhengar av å kalla personar som skårar høgt på desse trekka, for psykopatar – til det er diagnosen for uviss. Men det gir meining å snakka om grader av psykopatiske trekk. Ein kan seia at personar som skårar høgt på affektive forstyrringar, har høg grad av psykopatiske trekk. Psykopati diagnostisert ut frå antisosiale trekk blir av nokre forskarar kalla falsk psykopati, fortel Sandvik.

Plan B

Eit doktorgradsarbeid kan by på overraskingar, og for Sandvik var kanskje den største kor lang tid det kan ta å venta på godkjenning frå den forskingsetiske komiteen. Planen var å utføra ein behandlingsstudie blant innsette i Bergen fengsel, knytt til forskingsgruppa for Operativ psykologi ved universitetet same stad. Men godkjenninga av denne studien lét venta på seg. Psykopatistudien han enda opp med, var altså plan B.

– Dei innsette er ei sårbar gruppe, og historia har mange døme på at dei er blitt utnytta i forsking. Men fråværet av sjansen til å vera med på forsking er også etisk problematisk, seier Sandvik.

– Det handlar om ein må få reelt frivillig samtykke, og at dei ikkje skal føla seg pressa. Dei må veta at det er frivillig.

Då det kom til stykket, var dei innsette svært villige. Ein stor del av dei innsette som sat i Bergen fengsel og snakka norsk, stilte opp og gjennomførte, anten dei var innom seks veker eller hadde 20 år pluss forvaring som perspektiv.

I fengsel ved ei tilfeldigheit

Soldaten Sandvik, med teneste bak seg både i Kosovo og Kirgisistan, fortel at han eigentleg var mest interessert i militærpsykologi og prøvde å finna eit doktorgradsprosjekt i det landskapet. No hadde det seg slik at operativ psykologi-miljøet han blei del av i løpet av studiet, også dreiv med forsking rundt kriminell åtferd, knytt til Bergen fengsel. Her fann Sandvik noko som fanga interessa. I dag fortel han korleis dette arbeidet har endra synet hans på dei innsette.

– Det blei mykje enklare å sjå dei menneskelege sidene deira. Dei er ikkje så ulike oss, samtidig ser du kvifor dei har hamna der.

Det finst grunnar, men dei fleste hadde ikkje reelle val. Livsvala er nær sagt allereie tekne for dei, gjennom barndom og oppvekst. Dette er òg bakgrunnen for at han meiner forskinga hans er viktig.

– Folk i fengsel er ei utsett og marginalisert gruppe. Studien vår nyanserer biletet gjennom å visa at dette ikkje er ein eigen type menneske. Vi har felles trekk, men i forskjellig grad. Psykopatiske trekk er normaltrekk som er ekstreme. Det handlar om dimensjonalitet. Her føyer studiane våre seg inn i rekka av forsking som viser at det ikkje går klare skilje for personlegdomsforstyrringar – det er meir snakk om flytande overgangar mellom normal og sjukeleg styrke på trekk.

Denne innsikta er viktig også for behandling og rehabilitering av dei innsette. Den gjer det enklare å laga individuelt tilpassa behandling. Personar med affektiv psykopati vil ha heilt andre behov for behandling enn personar med åtferdsmessige symptom.

Omveg med fordelar

Den opphavlege behandlingsstudien er ikkje lagt på is, og Sandvik er framleis involvert. Men som følge av doktorgradsarbeidet hans vil den nok få endra design, og bli ein betre studie.

– Det tar lang tid å halda på med dette, og det er mykje som kunne gått galt i ein slik behandlingsstudie. No har eg erfaring med å jobba i fengsel, eg veit korleis systema fungerer der.

Kan henda var det altså til sjuande og sist bra at godkjenninga av behandlingsstudien lét venta på seg.

– Du fekk fem år fri og uavgrensa med midlar. Kva ville du forska på?

– Då ville eg halde fram med psykopati og emosjonalitet. Eg skulle gjerne sett meir på korleis personar med psykopatiske trekk tolkar emosjonar hos andre, og kva dei føler sjølv. Og så ville eg sett det opp mot andre kognitive og biologiske mål. Eit anna felt eg har begynt å lukta på, er forholdet mellom politi og psykiatriske pasientar, korleis politiet si framferd påverkar sjukdomsbiletet når dei hentar inn folk. Bergen har psykiatriambulanse, og det viser seg at folk som blir henta av denne, ofte verkar rolegare enn dei som er henta av politiet, seier psykologen som no er førsteamanuensis ved politihøgskulen i Stavern.

Asle Makoto Sandvik

  • Ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen 2014 med avhandlinga «Psychopathy – the heterogeneity of the construct»
  • Førsteamanuensis i psykologi ved politihøgskolen i Stavern

Kontakt: aslsan@phs.no

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 5, 2015, side 413-415

Kommenter denne artikkelen