Du er her

«Fint» arbeid og «simpelt» arbeid

Publisert
5. januar 2010

Kjell Underlid, denne månadens kronikkforfattar, er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Saman med Ingunn Skre, Guri Vindegg, Peder Kjøs, Magne Raundalen og Karen Kollien Nygaard er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gong: Ingunn Skre.

Sist sommar kom eg over ei spaltei ei norsk storavis som tok for seg arbeidsliv, utdanning og liknande emne. Ein av spaltistane i ekspertpanelet som uttalte seg – dei fleste var psykologar – skreiv om ungdommar sine val av utdanning og yrke. Eg tok ikkje vare på avisa og manglar difor referanse. Det kan vere ein fordel, for eg er ikkje ute etter å henge ut nokon. Det er det prinsipielle som tel her.

Spaltisten tok først for seg eit spesielt tema, nemleg ungdom som vel å ikkje begynne på dei mest prestisjefylte og statusprega utdanningane der nålauget er trongast, jamvel om dei hadde tilstrekkeleg poengsum frå vidaregåande skule til å komme inn. Skepsisen min var alt vekt. Er dette nødvendigvis noko problem, og kva er dei «gjævaste» utdanningane og yrka? Spaltisten stilte ikkje slike kritiske spørsmål.

Seinare vart det verre. Han skreiv at somme ungdommar valde utdanningar som medførte at dei kunne bli nøydde til å ta «skitjobbar» for å livberge seg, i alle fall den første tida etter endt utdanning. Val av utdanning og yrke er ei alvorleg sak for unge menneske, og feilval kan sjølvsagt vere skadelege, sett både frå ein samfunnsmessig og ein menneskeleg synsvinkel. Men skepsisen min vart skjerpa ved ordet «skitjobbar».

I slike tilfelle spør eg meg gjerne om det berre er eg som reagerer slik. Men i eit lesarinnlegg i same avis noko seinare fekk eg stadfesta at den sterke og negative reaksjonen min ikkje berre var eit uttrykk for eit eige «hang-up». Forfattaren av innlegget (ei tvillingsjel!) skreiv: «At noen utfører de dårligst betalte jobbene som både kan være møkkete og kjedelige, er en forutsetning for at samfunnet skal fungere, og derfor fortjener de ikkje å bli sett ned på.» Og ho viste til Halldor Laxness sine ord i Liv og lagnad i Brekkukot: «Det finnes bare ett ekkelt arbeid, og det er dårlig utført arbeid». Her støyter vi på ei heilt anna holdning, ein djup vørdnad for all slags ærleg arbeid, som Alf Prøysen syng om i Griskokkvisa.

Ein kan også seie at innlegget frå ekspertpanelet er eit uttrykk for ein daningssvikt, for historieløyse og jamvel ein slags sjølvvanvørdnad, for alle har vi vel foreldre, besteforeldre, eller forfedrer og-mødrer, som korkje har hatt høgare utdanning eller «finare» stillingar. Det kan også innebere ei lovprising av akademisk intelligens og ei tilsvarande undervurdering av andre former for vit og av personlegdommen si sentrale rolle. Eg kjem her i hug boka Intelligensen som overklasse av Michael Young frå 1966, der han tek for seg meritokratitenking.

Kva er «simpelt» og «fint» arbeid? Det er vel ikkje noko anna enn det som eit gjeve samfunn, og helst den hegemoniske kulturen, til kvar tid definerer slik. Det eine kan vere like viktig som det andre, målt ut frå kva det har å seie når det gjeld bidrag til menneska sitt ve og vel i samfunnet. Dei som tek seg av bosshandtering, kan til dømes yte eit like viktig bidrag her enn mang ein byråkrat eller akademikar.

Sjølvsagt finst det arbeid som ut frå objektive kriterium kan vurderast som «dårleg». Dette gjeld helst ytre aspekt ved arbeidet, knytt til løn, tilsettingsforhold og arbeidsmiljø. Men slikt kan gjerast noko med. Lønene kan hevast og skadelege trekk ved arbeidsmiljøet kan utbetrast. Somt arbeid burde til dømes kompenserast ved å heve løna radikalt eller å tilføre andre gode (til dømes kortare arbeidstid); ein times arbeid i kloakken skulle lønast med det dobbelte samanlikna med professorarbeid, for å låne Pjotr Kropotkin sine ord.

Eg har støtt sett opp til dei grå slitarane og verdset flinke fagarbeidarar med yrkesbyrgskap; dei får til det eg sjølv ville ha mislykkast med, som den «treneven» eg er. Mellom desse har eg møtt mange av dei finaste og klokaste menneska på livsvegen. Mang ein treffande replikk frå den folkelege grasrota kan romme ein djup livsvisdom, ofte uttrykt kortfatta og kvardagsleg. Som den vesle guten – han ser på at faren spreier hestemøkk, og kommenterer at det støtt er dei største dritane som fer lengst (henta frå ei diktsamling av venen min, Herman Starheimsæter).

Det er også slik at skiljet mellom kroppsarbeid og åndsarbeid er falskt; i alt intellektuelt arbeid inngår det kroppslege element, og alt kroppsarbeid inneber kognitive prosessar. Mykje manuelt arbeid krev utruleg mykje av kunnskap, dugleik, arbeidsrøynsle, estetisk sans, intuitiv kløkt og evne til å halde ut og vere nøyaktig. Eg har sett sjølvlærde bygdesnikkarar som har imponert meg storleg i så måte. Det ville vore eit stort tap om slike yrke vart tappa for dei såkalla skuleflinke, for dei teoretiske evnene deira kan komme vel med i praktisk yrkesutøving og i samband med kollektiv interesseartikulasjon i fagrørsla.

Dersom psykologen meiner at klienten har eit «skitarbeid», ville det vore rart om ikkje dette på ein eller annan måte set sitt stempel på relasjonen deira

Eg har også sjølv hatt mykje glede av praktisk arbeid i barne- og ungdomsår, på markene, i skogen, på sjøen og i fabrikkhallen. Nærleiken til naturen og elementa – og til det sanseleg-konkrete (lukta av nysaga plank!), og opplevinga av å sovne sutlaus etter ein dag med gagns kroppsarbeid, er uvurderlege kvalitetar. Og så har vi gleda over å skape noko konkret og synleg: Vedhaugen ligg der, synleg for alle, og kjem vel med til vinteren. Det er elles forunderleg å observere at dei fleste av dei store forfattarane våre – som Olav Duun (på fiske på Namdalskysten), Johan Falkberget (i gruvene i Røros-samfunnet), Hans Børli (i Hedmarks-skogane), og Hamsun (som trikkeførar og gardsarbeidar i USA) har hatt ein slik variert arbeidsbakgrunn – som eit råmateriale for å skape stor kunst.

Den vitskapleg-tekniske revolusjon har medført ei enorm automatisering, og mange gamle arbeidsoperasjonar og jamvel yrke er borte. I dag er fiskarar og jamvel industriarbeidarar blitt minoritetar. Folk ror ikkje lenger fisket ved Gjæslingan, det vert ikkje utvunne kopar i Røros-gruvene, og store skogsmaskiner har overteke i skogane. Hadde Karl Marx vakna opp att, ville han nok teke for seg nye former for framandgjering og skrive med harme om den profittdrivne transnasjonale statsmonopolkapitalismen i vår tid, som bryt ned menneskeverdet og som utbyttar arbeidskraft. Men også i dag er det nokon som utfører det som hånleg og nedlatande vert omtalt som «skitarbeid». Dei kvinnelege omsorgsarbeidarane, spesielt innanfor eldreomsorga er for meg «arbeidets adelsmenn», eller rettare: adelskvinner.

Dersom det skulle finnast psykologar som medvite eller umedvite nedvurderer slitarane som utfører arbeid som ikkje krev høgare akademisk utdanning, er dette særs skadeleg. Det kan innebere at ein helst vel bort slike klientar, og prioriterer meir «interessante» og «ressursrike» klientar frå øvre mellomklasse. Og kanskje endå verre: Slitarane møter kanskje holdningar, kommunisert verbalt, nonverbalt eller via handlingar, som tilkjennegjev at dei har eit lågare menneskeverd enn dei som har «finare» og «betre» utdanning og jobbar. Dersom psykologen meiner at klienten har eit «skitarbeid», ville det vere rart om ikkje dette på ein eller annan måte set sitt stempel på relasjonen til klienten. Ein må hugse på at arbeidet er ein viktig del av vår identitet. Klassesisme, er etter mitt syn like ille som rasisme.

I det eg avslutta arbeidet med denne kronikken, tek eg meg i å nynne på Griskokkvisa av Alf Prøysen: «for arbe’ skjemmer ingen, gå trøstig inn i bingen». Songen blanda seg med ein annan tone og tekst frå Internasjonalen: «Opp alle jordens bundne treller».

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 1, 2010, side 54-55

Kommenter denne artikkelen