Du er her

Eg har møtt ei som vil endra verda

– Pass på! Gå forsiktig! seier ho og ser meg vel ned den vinterglatte trappa utanfor bislaget. Ho har nett fortalt om ei ny stjerne ho vil skapa på himmelkvelven, ei påminning om vår felles lagnad. Eg går ut i dagen og veit ikkje kva eg skal tenka. Mest eg er freista til å gje meg ende over.

Publisert
5. mars 2010

Ho er ein respektert forskar, med doktorgrader både i psykologi og medisin, og med eine boka si kåra til ei av dei viktigaste fagbøkene i verda av renommerte Choice i 2006. Desmond Tutu kom jamvel og spurte om å få lov til å skriva føreordet til den siste boka hennar. Eg burde nok halda meg objektiv overfor ein slik autoritet. På den andre sida, eg slit med å oppnå ein kritisk distanse i møte med eit menneske som byrjar alle e-postar med «Min kjære Arne Olav!», og som 40 år etter tenåra framleis meiner ho kan endra verda.

– Eg vil leva ut kjærleiken min til menneskeheita, ikkje bare snakka om den, seier ho.

Eg innrømmer det: Evelin Gerda Lindner fascinerer meg djupt.

Objektet

Det siste vi snakka om, medan eg knytte skoa mine på veg ut av rekkehuset på Holtet sør i Oslo, var det absurde i omgrepet intervjuobjekt. Ein journalist er ein med definisjonsmakt, ein som kastar det opphøgde blikket sitt på verda og seier til kven han vil: Du! Ja du der! Du med den lange lyse fletta og raud genser. I dag er du objektet mitt! Ein slik metode fungerer dårleg med Evelin Lindner. Grunnleggaren av fagfeltet humiliation studies let seg ikkje audmjuka, men deler gjerne audmjukt av seg sjølv. Ho stiller seg fram for biskopar, presidentar, professorar og psykologistudentar og seier: «De er min Mercedes! Eg vil mykje heller treffa dykk enn å ha ein Mercedes – eller 30 mercedesar for den saks skuld.» Slike ting seier Evelin Lindner, og meiner det.

Ho gjev ikkje så mange intervju, mellom anna fordi ho ofte kjenner seg misforstått. Då eg spurte kvifor eg fekk intervjua henne, sa ho at ho likte måten eg tok kontakt med henne på. Ifølgje Evelin Lindner er eg ein som nærmar meg ting med ope sinn og utan på førehand å ha bestemt meg for kva eg vil høyra. Slike menneske vil Evelin Lindner ha rundt seg. Det er noko av det ho meiner når ho stadig snakkar om dei som «walk the talk», lever som dei lærer og gjev tankane bein å gå på. Sjølv er eg sterkt i tvil om eg fyller kriteria, men du som les, kan ha det i bakhovudet når eg seinare fortel om det verdsomspennande nettverket ho medvite har bygd i snart ti år.

Borgar utan land

Eg er altså ikkje ein objektiv journalist. Meir er eg ein oppdagar som kjem attende etter ei reise i Evelin Lindner sitt magnetfelt. Og det å møta andre gjer noko med oss, sjølv med oss som ein gong har eigd ein Mercedes. Evelin Lindner har vald vekk sjølv det å ha ein stad å bu. Alt for å kunna vera fri til å reisa i verda og møta andre.

VARM VELKOMST: Evelin Gerda Lindner forkynner ein fast kjærleik som ho seier har potensiale til å endra livsvilkåra på kloden, og freistar sjølv å leva den ut i alt ho tek seg til. Foto: Arne Olav L. Hageberg

Huset vi sat i stova til, er ikkje hennar. Dei store tekoppane er òg venninna sine. Lindner fortel at ho eigentleg ikkje liker hus. Ho er både statslaus og heimlaus, eller ein verdsborgar med bustad hos vener i alle land, som ho sjølv ser det. Heilt statslaus er ho sjølvsagt ikkje. Det er vel ikkje lov i ei verd som er så oppteken av nasjonalitet.

– Eg har tysk statsborgarskap, men det er tilfeldig, seier ho, og dreg fram eit World Passport utstedt av World Government of World Citizens, ein aktivist-organisasjon skipa av amerikanaren Garry Davis i 1953. Ifølgje nettsidene til organisasjonen er det i dag nær ein million menneske rundt i verda med slike pass, og ein heil del statar godtek passa som innreisedokument. Men ho har altså eit tysk òg, så ho er sikker på å koma seg rundt på si uendelege nomadeferd gjennom verda.

– Nokon kallar meg ein vandrande sufi, andre ein pilegrim.

Professor utan universitet

Sjølv kallar ho seg den første professoren ved Verdsuniversitetet, eit universitet som endå ikkje finst, men som ho er overtydd om at verda treng, og som vil kunna administrerast frå verdsføderasjonen ho òg meiner vi treng. For å forvalta kunnskapen og avgjerdene i ei globalisert verd treng ein overnasjonale institusjonar.

– Når eg seier dette, tenkjer folk med ein gong på einsretting og uniformering, men det handlar om det motsette. I dagens samfunn har ikkje mangfaldet sjanse til å bløma. Pop-kulturen er uniform. Eg snakkar om einskap, ikkje einsretting.

Så godt som alle verdas tv-nyhende byrjar med ein snurrande klode. Slik blir sjåarane stadig minte på at vi alle er innbyggarar på den same planeten. Ingen av forfedrane våre hadde denne synsvinkelen. Astronauten sitt blikk attende på vår felles heim er noko heilt nytt i menneska si historie.

– Verda blir mindre både i realiteten og i sinna våre. Det er dette eg kallar globalisering, seier Lindner.

Stadig fleire stengsler blir borte mellom folk og land, noko som kan skapa mykje liding. Men det ligg òg eit unikt potensial i den moderne globaliseringa. Også Romarriket var ei samanstelling av mindre grupper, men det grunnleggande nye i vår situasjon er den felles innsikta i at jorda er lita, avgrensa, sårbar og ikkje kan utvidast.

Inn i denne situasjonen oppfordrar Evelin Lindner oss til å tenka stort, og gjer det meir enn gjerne sjølv. Store delar av livet hennar har vore ei medviten reise mot større overblikk og djupare innsikt. Det er lenge sidan ho har hatt nokon mann, og ho har ingen born Etter at ho passerte 45 og måtte gje endeleg slepp på draumen om å bli mor, har ho eigna seg fullt og heilt til oppgåva.

Tysk på slump

Men kva meiner Evelin Lindner med at det er tilfeldig at ho er tysk statsborgar? Det heile har bakgrunn i ei grufull familiehistorie. Etter andre verdskrigen fekk Polen attende store områd som dei hadde mista til Tyskland i krigar for tusen år sidan. Mange millionar etniske tyskarar blei i 1945 og 1946 tvangsflytta vestover frå områda Schlesien, Pommern og Aust-Prøysen. Blant desse var foreldra til Evelin. Dei fekk lov til å ta med seg 20 kilo kvar, men dette blei teke frå dei undervegs. Utanom nokre familiefotografi som var sydde inn i kleda, kom dei til Vesten med bare det dei gjekk og sto i. Gardane måtte reisast frå med kyr på fjøsen, hestar i stallen og nøkkelen ståande i døra så polske busettarar kunne flytta direkte inn.

– Ein kultur bygd på verdigheit for alle er godarta og livskraftig. Den opnar opp Mandela-vegen ut av audmjukinga

– Mor mi sin heimby, Breslau, blei nesten heilt tømt for innbyggarar og fylt opp av nye. Foreldra mine er djupt traumatiserte av å ha mista heimlandet sitt. Framleis seier dei: «Om vi bare kunne reisa heim til Schlesien!», fortel Lindner.

I tillegg miste faren dei to brørne sine som soldatar i Hitler sine styrkar. Sjølv blei han nær avretta og miste ein arm då han prøvde å setta seg opp mot nazistane. «Hitler valdtok oss,» seier foreldra, kvar dag.

Ein framand i verda

For Evelin gjekk tvangsflyttinga endå lenger. Foreldra hadde i det minste draumen om eit heimland. Dottera hadde ikkje ein gong det.

– Eg er ikkje heime der eg er født, men det finst heller ingen stad eg kan reisa og kalla heime. «Eg har inga tilknyting til menneskeslekta, eg har ingen stad på denne planeten.» Slik tenkte eg til eg var rundt 45, fortel Evelin. I dag er ho 56.

– Eigentleg kjem eg frå Valdtekt og Tvangsflytting, seier ho med karakteristisk retorisk snert.

Og her kjem verdsborgarskapen inn. I moden alder makta Evelin Lindner å skapa seg ein ny trygg og lukkeleg identitet. Stadig meir lukkeleg. I dag har identiteten som verdsborgar hela smerta over ikkje å høyra til, fortel ho.

Ho vaks opp i ein heim så traumatisert at traume var det normale. Etter verdskrigen har foreldra aldri hatt mot til å knyta seg til livet i verda. Som svært inderlege kristne lever dei liva sine med Gud. Dei lever etterlivet i Himmelen her og no, medan dei ber fleire timar for dagen. Evelin byrja allereie som niåring å tvila på det dogmatiske fundamentet i trussystemet deira. Resultatet var at ho blei ekskludert også frå sin eigen familie, for ho kunne ikkje ta del i det som gav livet til foreldre og søsken meining og innhald. Som framand både heime og ute blei ho totalt isolert. Ho kjende at heller ikkje Gud hadde plass til henne, for ho trudde feil og ville bli forvist også etter døden. Og alt var følgjer av krig og tvangsforflytting.

– Lidinga eg såg i min eigen familie, har opna augo mine for menneskeslekta si liding på jorda. I dag skjønar eg foreldra mine, at dei treng religiøsiteten sin for i det heile å overleva. Eg er veldig glad i dei og føler med dei for alt dei har opplevd. Ei slik kjærleg medkjensle er ein av dei sentrale drivkreftene i arbeidet mitt, seier Evelin Lindner.

Egalization

– Holocaust, folkemord, etnisk utreinsking, massedrap, øydeleggingar av vårt eige habitat, dette er den sørgjelege situasjonen som vi har skapt for oss sjølve. Eg kan ikkje leva eit normalt liv når millionar av menneske framleis må lida og økosystemet vårt er i ferd med å bli øydelagd. Eg korkje vil eller kan lata att augo og ganske enkelt gjera det beste ut av situasjonen slik den er, seier ho.

Løysinga hennar er ei humanisering av det globale verdssamfunnet. Med nyordet egalization (samansett av egality (likskap/likeverd) og globalization (globalisering) freistar ho å fanga noko av essensen i denne tankegangen. FNs menneskerettserklæring frå 1948 slår fast at alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Men ifølgje Lindner legg ein ofte for stor vekt på rettane på kostnad av verdet. Det er bare å sjå på namnet erklæringa har fått. Kan henda hadde det vore betre om den blei kalla menneskeverdserklæringa, for det er her det heile byrjar, hevdar verdsborgaren.

BARNDOMEN: Far til Evelin Lindner blei nær avretta under krigen då han sette seg opp mot nazistane, men slapp frå det med å mista ein arm. Her er far og dotter på trilletur påska 1955, då Evelin var eitt år gamal. Foto: Privat

Verdsomspennande informasjonsteknologi, global business og turisme gjer verdas underklasser, subkulturar og minoritetar merksame på at dei har rettar som ikkje er realiserte. Menneskerettane gjev dei nedbøygde rett til å kjenna seg audmjuka. Spørsmålet er kva dei vel å gjera med denne innsikta. I hendene til kloke leiarar, som Nelson Mandela i Sør-Afrika, kan sosiale revolusjonar føra til større verdigheit for alle borgarane i eit samfunn. Mandela var sjølv audmjuk i møte med makta han fekk, og avsto frå å audmjuka dei tidlegare overgriparane sine. Han inviterte dei heller inn i den nye regjeringa, og nasjonen fekk jamvel ein sanningskommisjon som anerkjente lidinga til den tidlegare underklassen utan å audmjuka dei tidlegare herskarane.

I Rwanda er biletet eit anna. Der kulminerte motsetnadene mellom folkegruppene hutu og tutsi i eit folkemord. Nær ein million menneske blei drepne i løpet av tre månader i 1994 (sjå eigen boks).

Studiar i audmjuking

Då Evelin Lindner i 1997 skulle i gang med doktorgradsarbeidet sitt ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, var utgangspunktet det ein kan kalla nasjonen Tyskland si audmjukingshistorie. Den ferdige avhandlinga bar namnet The Feeling of Being Humiliated: A Central Theme in Armed Conflicts. A Study of the Role of Humiliation in Somalia, and Burundi/Rwanda, Between the Warring Parties, and in Relation to Third Intervening Parties.

Hypotesen gjekk ut på at ein kunne sjå audmjuking som ein avgjerande føresetnad for konfliktane i Rwanda og Somalia i Afrika på 1990-talet, nett som det hadde vore for Nazi-Tyskland eit halvt hundreår tidlegare. Versailles-traktaten etter første verdskrigen kravde at Tyskland tok på seg skulda for krigen, og la kraftige militære og folkerettslege sanksjonar på nasjonen. Dette innebar ei audmjuking av eit heilt folk, og gav grobotn for mindreverdskjensla som Hitler visste så godt korleis han skulle nøra opp under og utnytta.

Lindner blei første gong merksam på audmjukinga som fenomen då ho frå 1984 til 1991 jobba som psykologisk rådgjevar ved American University of Cairo i Kairo, Egypt. Klientkretsen var studentar og lærarar frå alle nasjonar. Her såg ho korleis forståinga av kva som er audmjukande, varierer sterkt mellom ulike kulturar. Ein familie der dottera er blitt valdteken, kan freista å retta opp att den audmjuka familieæra gjennom å drepa henne. Menneskerettsforkjemparar blir fråstøytte av det dei ser som ei audmjukande nedvurdering av kvinner, medan dei som forsvarer familieæra, er fråstøytte av menneskerettsforkjemparane si nedvurdering av kulturen deira.

Dømet viser bare eitt av fleire moglege lag av audmjuking som Lindner har definert.

Audmjuking er ei handling, ei emosjonell innstilling og ein sosial mekanisme. Innanfor akademia har fenomenet relevans i antropologi, sosiologi, filosofi, samfunnspsykologi og klinisk psykologi, og statsvitskap. Det er i sin grunn transdisiplinært, og her ligg kanskje noko av forklaringa på at det inntil nyleg nesten aldri er blitt studert, hevdar Lindner.

Tryggleiksdilemmaet

Æreskulturen som har vore rådande på jorda dei siste 10 000 åra, er ei tilpassing til det såkalla tryggleiksdilemmaet, ein term skapt av John Hertz og sentral i internasjonal samfunnsforsking. Den refererer til ein spiraleffekt som kan skapa konflikt på tvers av grupper, sjølv om ingen av partane eigentleg ønskjer det. Endring i maktbalansen, til dømes gjennom at nasjon A rustar opp, fører til at nasjon B kan kjenna seg truga fordi den mistrur naboen. Konsekvensen blir at nasjon B produserer endå fleire våpen enn nasjon A. Den eine staten sin auke i tryggleik svekkar altså den andre staten sin tryggleik tilsvarande. Dette har vore den rådande mekanismen så lenge vi menneske har vore avhengige av bestemte landressursar – sidan vi byrja med jordbruk for rundt 10 000 år sidan.

Æreskulturar er avhengige av å halda opp eit strengt hierarki. Kvart hierarkisk nivå har si eiga ære. Her har audmjukinga ein viktig funksjon. Den held oppe hierarkiet gjennom at dei lenger oppe på samfunnsstigen audmjukar dei lenger nede for å minna dei på deira rette stand.

TVANGSFLYTTING: Oppslag frå 14. juli 1945 der dei tyske innbyggarane i Bad Salzbrunn får ordre om å forlata heimane sine i løpet av tre timar. Ordrenekt vil føra til straff som inkluderer bruk av våpen. Signert oberstløytnant Zinkowski i den polske hæren. Evelin Lindner sine foreldre var blant dei deporterte. Uretten dei opplevde blei sidan utslagsgjevande for Evelin sitt engasjementet for alle som opplever audmjuking i verda.

– Tryggleiksdilemmaet er eit tragisk dilemma, og æreskulturen tvingar folk til å ta tragiske avgjerder, seier Lindner, som òg er inspirert av teoriane til Harvard-antropologen William L. Ury.

Tanken om at det er betre å døy enn å framleis vera audmjuka, har ført familiar og statar inn i duell-liknande krigar som har kosta millionar av menneskeliv. For oss i Noreg er det nærliggande å sjå på den norrøne sogelitteraturen, med steil æreskodeks, blodhemn og eskalerande stammekrigar.

Kunnskap som uendeleg ressurs

Men frå det globale kunnskapssamfunnet vi ser spirer til i dag, er det ifølgje Lindner råd å dyrka ein ny kultur bygd på verdigheit for alle. I samfunn basert på jordbruk skapar den avgrensa tilgangen på dyrkbart land og den geografiske tilknytinga grobotn for konfliktar, maktkapplaup og framvokster av sosiale ulikskapar og hierarkiske strukturar. I kunnskapssamfunnet er vi derimot attende i situasjonen verda var i før jordbruket vaks fram. For jegerar og nomadar i ei romsleg verd fanst det alltid meir vilt å fella i neste dal. Nyare urhistorieforsking har vist at kulturar før og under siste istid var svært fredsæle, truleg fordi dei levde i ei verd der det var rikeleg med plass til alle. Dei levde i ballanse med kvarandre og dei fornybare ressursane. I vår tid er kunnskapen den fornybare ressursen mange lever av. Ja, meir enn det, den er ein ressurs som aukar når ein deler.

– Ein kultur bygd på verdigheit for alle er godarta og livskraftig. Den opnar opp Mandela-vegen ut av audmjukinga, seier Lindner.

Ho innrømmer at verdigheitskulturen ennå ikkje er realisert nokon stad i verda. Dagens globale landsby er bygd opp av rønner og skur. Ut av dette må vi bygga eit verdig verdssamfunn. Noreg er det landet i verda som er kome lengst, meiner Lindner, men også her til lands er den verdige staten framleis bare ein visjon, ein draum det er verdt å kjempa for. Og det gjer altså Evelin Lindner til gagns. Tjuefire timar i døgeret, sju dagar i veka lever og arbeider ho for å sjå visjonen bli røynd, og den viktigaste reiskapen er Human Dignity and Humiliation Studies (HumanDHS).

Human Dignity and Humiliation Studies

Stein på stein sidan 2001 har Evelin gjeve livsprosjektet sitt form. Ho kallar det eit globalt og transdisiplinært nettverk av akademikarar og andre som bryr seg. Målet er å stimulera til endringar på systemnivå, både lokalt og globalt. Dei vil bygga eit rom der respekt og verdsetting kan slå rot og gro. Slik søkjer dei å bryta spiralar av audmjuking rundt i verda.

HumanDHS består i dag av rundt 1000 medlemer som er personleg inviterte av Evelin, fordi dei har vist seg som menneske med evne til å tenka alternativt og stort, som ho seier. I tillegg blir nettsida deira årleg besøkt av nær 40 000 menneske frå 180 land.

Nettverket arrangerer to arvisse konferansar per år. En i New York i desember og ein utanfor USA, som i år blir halden i Istanbul i april. Dei akademiske medlemene er viktige for den vidare framvoksteren av det tverrfaglege forskingsfeltet som Lindner har grunnlagt med artiklane og bøkene sine: audmjukingsstudier (humiliation studies). Feltet skapar analyser som bygger på innsikta i at audmjuking som fenomen gjennomsyrer alt, frå mikronivå til makronivå, frå den globale og lokale politikken sine område, via det indre livet i organisasjonar og føretak, til privatliva våre, jamvel kvar einskild sin indre dialog og sitt blikk på seg sjølv. Dei ulike nivåa er reflektert i Lindner sine tre bøker om emnet: Making Enemies: Humiliation and International Conflict (2006), Emotion and Conflict: How Human Rights Can Dignify Emotion and Help Us Wage Good Conflict (2009), og den siste som kjem frå trykkeriet i desse dagar, Gender, Humiliation, and Global Security: Dignifying Relationships from Love, Sex, and Parenthood to World Affairs.

Bygger nettverk i verda

– Dei neste tre åra kjem eg til å opphalda meg mykje i Latin-Amerika, for der er vi svake, seier Lindner. Ho snakkar sjølvsagt om nettverket sitt. Globale nettverk har ein tendens til å få ei slagside i Europa og USA. Stiftaren har allereie hatt ein treårsperiode i Asia for å unngå at ein slik lagnad skal ramma HumanDHS-nettverket. No står altså Sør-Amerika for tur. Nettverksbygging på eit slikt nivå krev si kvinne, men prioriteringa er klar:

– Eg skil ikkje på fritid og arbeid. Eg jobbar heile tida, og deler tida mi mellom fire like viktige oppgåver: skriving, forelesingar, og nettverksbygging gjennom møte med menneske og hundrevis av e-postar i veka.

Tenkjer strategisk gjer ho altså, men ho nektar plent å vera nokon strateg. Til det er ho altfor oppteken av ikkje å bruka andre til å oppnå eigne mål. Ein underleg miks av hard og mjuk, av målmedvite intellekt og kjenslevart sinn som søkjer å samstemma seg med verda og medmenneske. Som lege studerte ho cellene og dei fysiologiske prosessane på mikronivå. Som terapeut i Kairo fekk ho innblikk i sinna til menneske frå mange ulike kulturar. Doktorgraden hennar i psykologi var samfunnspykologisk. No freistar ho å finna løysingar for verda som eit heile. Ho har skaffa seg kunnskapar om dei viktigaste språkfamiliane i verda, og kan gjera seg forstått på kinesisk, russisk, arabisk, germanske- og latinske språk, japansk og indonesisk. Tida som medisin- og psykologistudent nytta ho til å ha praksis over heile kloden: Malaysia, New Zealand, USA, Vest-Afrika, Thailand, Kina … alt for å få kulturforståing og bli den generalisten ho vil vera og meiner ho må vera for å kunna heva blikket og tenka nye tankar. Verkeleg nye tankar.

Ei ny stjerne

Om verda er bustaden din, er det kanskje naturleg å tenka på ein lysande satellitt når ein skal dekorera. The Peace Star-project er bare ein av HumanDHS sine intervensjonar som Lindner håpar dei får sett ut i livet. Tanken er å få forretningsmenn som Richard Branson frå Virgin eller Bill Gates frå Microsoft med på å finansiera ein satellitt. Den skal senda ut eit lys som er så sterkt at det kan sjåast frå heile jorda. Ei ny stjerne vil visa seg på himmelkvelven. Folk kan løfta blikket og sjå den og bli minte om det den står for: fred i verda. Og så kan satellitten senda tv-signal med program som fremjar fred og økologisk medvit. Dokumentarar om folkemord, eller Al Gore sin klimafilm An Inconvenient Truth. Slik tenkjer Evelin Lindner.

Ein ting undra meg då eg las meg opp på henne i forkant av intervjuet. Ser ein vekk frå akademiske forskingsbasar og nettsidene til HumanDHS, er Lindner faktisk ganske usynleg i media og på Internett. Kva skuldast det?

– We are flying under the radar, svarar ho.

Nettverket er ikkje sterkt nok endå til å handtera og tåla stor merksemd. Difor gjer dei ikkje så mykje for å koma i media. Dessutan gjer den globale tilnærminga det vanskeleg. Ingen nasjonar kan gjera krav på Evelin Lindner. Slik blir ho mindre interessant for medium som forvaltar det nasjonale viet i dei enkelte landa, meiner Lindner.

Men endå viktigare er paradigmeproblematikken.

– Vitskapsteoretikarane Thomas Kuhn og Charles Sanders Peirce skildrar det veldig godt. Ved eit paradigmeskifte vil alltid dei etablerte motsetta seg endring. Dei lever av det noverande paradigmet og forsvarar det. Dei unge som er opne for å tenka nye tankar, skjønar det, og dei som er på toppen og er fristilte frå bindingar.

FARGERIK OG RASTLAUS: Evelin Gerda Lindner byggjer ikkje bare teoriar for forsking på internasjonal fred og forsoning. Med same energi skriv ho bøker og designar klede. Målet er at salet skal finansiera doktorgrader innanfor humiliation studies. Foto: Arne Olav L. Hageberg

Av den siste kategorien har Lindner bygd opp eit Global Advisory Board tilknytt HumanDHS. Blant desse finst òg norske representantar som Fanny Duckert, Thomas Hylland Eriksen, Bernt Hagtvet og Mette Newth.

Yogini Lindner

Eg trur aldri ho sat i lotusstilling under samtalen vår, sjølv om ho stadig skifta stilling og hadde beina både oppi sofaen, på golvet og på bordet. Ho fortalde meg at ho eigentleg kjende seg audmjuka av å skulla sitta rett opp og ned i ein sofa, eller av å få livet sitt styrt og kategorisert og seksjonert av eit hus med definerte rom til å sova, laga mat, sjå på tv og arbeida. Eg trur aldri ho sat i lotus, men det er likevel slik eg hugsar henne – som ei yogini, eit vakkert, venleg og vist menneske som vil verda alt godt og skamlaust deler den kosmiske visdomen med oss. Nei, forresten, skamlaus er ikkje ei treffande ord. For no og då under samtalen vår blei den overveldande energirike og knivkvast analytiske forskaren eit lite og sårbart menneske, ei som stadig stiller seg lageleg til for hogg, som byr verda på seg sjølv og si eiga historie. Som ikkje går av vegen for å freista å formidla eigne paranormale opplevingar, opplevingar som for meg høyrest ut som ein slags kontakt med verdsaltet. Som legg ut bilete på nettet av seg sjølv saman med alle menneska ho møter på sin veg. Som ikkje ser det potensielt utaktiske for ein forskar i å seia ting som: «Kanskje var det meininga vi skulle møtast slik.»

Epilog

Evelin Lindner har heva seg over nasjonale skiljelinjer, språklege skiljelinjer, faglege, kulturelle og profesjonelle skiljelinjer. Nemnde eg at ho syr klede? Fargerike og flagrande overnasjonale gevantar. Tanken er å gje verdigheit gjennom å sjå, forstå, verdsetta, fortolka og ta i bruk verda sin overflod av kulturelle og estetiske uttrykk. Målet er å laga ein kolleksjon som skapar inntekter som kan finansiera doktorgrader innanfor audmjukingsstudier.

Det kjennest som eg bare har skrapa i overflata av forteljinga om denne underlege vandraren som på slump er blitt litt norsk, men som eigentleg er noko så sjeldan som ein vaskeekte verdsborgar.

*

Etter å ha maila med henne før eg går til intervjuet, veit eg det: Når ho opnar døra, kjem ho til å gje meg ein stor klem, sjølv om vi aldri har sett kvarandre før. Eg går opp trappa, finn dørklokka og ringer på.

– Hei Arne Olav! Der var du! Kom inn!

Så legg ho begge armane rundt meg.

EVELIN LINDNER

  • Født i Hameln, Tyskland i 1954
  • Doktorgrader i psykologi og medisin
  • Grunnleggar av forskingsfeltet humiliation studies
  • Forskar på globalisering, internasjonale relasjonar, konfliktløysing og fenomenet audmjuking forstått som krenking av verdigheit og likeverd
  • Blei tildelt prisen Fangenes testamente i 2009
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 3, 2010, side 227-234

Kommenter denne artikkelen