Du er her

Masteren som blei psykolog

Sist vi snakka med han, var Jonas Vaag nyutdanna master i psykologi. – Masterar er ikkje interesserte i å bli klinikarar, sa han. I dag er han psykolog ved Stjørdal DPS.

Publisert
7. april 2010

KOMPROMISS: Ein treng ikkje konkludera i tittelsaka for at masterar skal kunna bli med i Psykologforeininga, seier Jonas Vaag. Foto: Privat.

– Eg er nok unnataket som bekreftar regelen. Det var ikkje ønsket om å bli klinikar som gjaldt for masterane, bortsett frå meg sjølv, seier han med ein smil.

Under studia jobba han fleire år som miljøterapeut ved ein institusjon innanfor psykisk helsevern.

– Kaffikokinga hadde den artige bieffekten at eg trefte menneske som hadde psykosar. Det gjekk til slutt opp for meg at det var dei som gjorde at eg likte meg så godt, og ikkje kaffien. Løysinga blei to år på kandidatstudiet i København. I dag er han godt planta midt i det kliniske feltet, på allmennpsykiatrisk poliklinikk ved Stjørdal DPS. Før det var han eitt år ved ein psykosepost.

Masterundersøkinga

Heilt sidan 1999 har Masteforeininga i Psykologi (MIP) utført ei undersøking blant alle som har eit hovudfag eller ein mastergrad i psykologi. Spørsmåla handlar mellom anna om arbeidsplass og arbeidsfelt, spesialisering, organisering og tilfredsheit. I tala frå 2009 er heile 90 prosent av respondentane nøgde eller svært nøgde med valet av utdanning, masterane ørlite grann meir enn dei med hovudfag. Det ser altså ut til at Vaag verkeleg er «the odd man out».

68 prosent av masterane har gjennomført etterutdanning, men bare for sju prosent er det snakk om ein klinisk overbygnad. Dei fleste har teke doktorgrad eller andre former for akademisk påbygging.

– På masterstudiet blir ein drilla i det å driva forsking og skriva artiklar, medan kadidatstudiet lærte meg ei mykje meir anvendt form for psykologi, fortel Jonas Vaag.

Den praktiske utøvinga av psykologifaget er altså ein fundamental forskjell slik Vaag opplever det. Meir vegleidd praksis gjev òg ein annan refleksjon rundt faget.

– Masterstudiet lærte meg ikkje praktisk utøvande kunnskap, som å trekka meg ut av situasjonen og reflektera over ulike modellar, noko eg er avhengig av i den kliniske praksisen. Men samstundes er masterutdanninga eit viktig fundament i det eg gjer no. Det gjev meg meir kunnskap om forskinga og kor viktig den er.

Fordel i akademia

Masterar jobbar i stor grad i akademia, og er altså viktige brikker i den psykologiske grunnforskinga, som er fundamentet for all praktisering av psykologi. Dei har eit halvt år meir undervising i vitskapleg metode enn psykologar, og tidleg spesialisering gjer at dei får større djupneforståing av enkeltfelt innanfor psykologien. Jonas Vaag meiner dette gjev dei ein fordel når stillingar skal fyllast i akademia.

Kvar fjerde master er fagorganisert i Forskerforbundet, og Samfunnsviterne tek opp i seg nesten like mange, viser masterundersøkinga. Fem prosent er òg i Psykologforeininga. Men heile 37 prosent er ikkje fagorganiserte i det heile.

– Masterane treng ein fagorganisasjon. Då vi snakka saman sist i 2006, var det ei sak på årsmøtet at Masterforeininga skulle bli ein fagorganisasjon, men slik eg har forstått det er dette no lagt heilt på is, fortel Vaag.

Ny fagforeining fånyttes

Jonas Vaag meiner det skal godt gjerast å skapa eit fullverdig alternativ til Psykologforeininga, for den gjer ein veldig god jobb. Mellom anna med ei kjempefin spesialistutdanning og eit godt tidsskrift.

– Det kjennes litt fånyttes å laga eit alternativ når ei god foreining allereie er på plass. Kanskje det er tittelsaka som gjer ting vanskeleg. Men ein treng ikkje å ta den diskusjonen sjølv om masterar skulle vera med i Psykologforeininga, meiner masterpsykologen.

Jonas Vaag synest det er synd at masterar og psykologar ikkje har ein betre dialog.

– Fagfeltet er det same. Eg skulle ønskt vi kunne få til ein felles dugnad.

Som eit privat initiativ for større samspel på tvers, har Jonas Vaag difor saman med Tommy Mangerud og Jan-Ole Hesselberg laga psykologibloggen.no. Målet er å skapa ein arena der masterar og psykologar kan møtast i ei felles interesse for faget. I januar hadde den besøk av 13 000 unike brukarar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 4, 2010, side 341

Kommenter denne artikkelen