Du er her

Kuttisme i psykisk helse-feltet

Med den eine handa gjev det offentlege 40 millionar til psykologstillingar i kommunane. Med den andre trugar dei eksistensen til godt innarbeidde og lovpriste lågterskeltiltak. – Eit stort paradoks, seier tilsette ved Psykisk helseteam i nedskjeringskommunen Skedsmo.

Publisert
7. april 2010

TRUGA AV NEDSKJERING: Lone Løvschall, Sissel Engen Nilsen og Lillian Frøyen i psykisk helseteam på Skedsmo. Foto: Arne Olav L. Hageberg

– Det gjekk fire månader frå opptrappingsplanen for psykisk helsevern gjekk ut i desember 2008, til vi sto på første kuttliste, fortel Lone Løvschall. Den elles så blide dansken blir mørk i blikket når ho snakkar om den aller siste utviklinga for Psykisk Helseteam i Skedsmo kommune, der ho til dagleg jobbar som ein av to psykologar. I mars klubba kommunestyret gjennom kutt på ei stilling i teamet. Dei tre som sit att, blir eit heller sårbart lag. Og det er ingen ting som tyder på at botnen er nådd, verken for kommuneøkonomien eller «kuttismen» i kjølvatnet av opptrappingsplanen.

Moglege komande kutt

I saksframlegget til kommunestyremøtet i Skedsmo 3. mars i år der kutta blei vedtekne, kan ein under overskrifta «Alternative kutt i helse- og sosialsektoren» lesa dette:

PS-teamet, Psykisk helseteam og Boveiledertjenesten er alle bygget opp og finansiert av øremerkede midler fra den statlige Opptrappingsplanen for psykisk helse (1999–2008)Fra 2009 er midlene overført til til kommunen som frie inntekter. Det innebærer at tiltak finansiert med disse midlene fra 2009 kan kuttes i på samme måte som andre tiltak.

Dette er reine ord for pengane. Blir det bruk for vidare kutt, så er psykisk helse ein av stadane der kommunen har handlingsrom.

– Er dette starten på slutten? spør psykiatrisk sjukepleiar Sissel Engen Nilsen ved Psykisk helseteam.

Det psykiske helsetilbodet står lagleg til for hogg fordi nivået på desse tenestene i liten grad er lovregulerte. Det vil seia at aktørane i helsefeltet, anten dette er kommunar, fylkeskommunar eller sentrale styresmakter, kan kutta utan å skuldast for å bryta lovar og forskrifter. Fleire andre delar av helsetilbodet, som fysioterapi og ergoterapi, har eksistert lenger enn dei nyare psykiske helsetenestene, ikkje minst dei som blei bygde opp under opptrappingsperioden frå 1998 til 2008. Dette tilbodet har difor ikkje hatt tid til å «søkka ned» og avleira seg i lovverk og embetsverk. Ein fysioterapeut kan vera to tredelar direktefinansiert av staten, medan ein psykolog i førstelinja må kommunen fullfinanisera sjølv. Når kommunane får ein budsjettsprekk på bordet, jamvel før budsjettåret er i gang, er altså kutt i dei psykiske helsetenestene eit reelt og økonomisk tiltrekkande alternativ.

Kutt også i Lørenskog

«Look to Lørenskog» har vore mantraet i Psykologforeininga sitt arbeid med å få styresmaktene til å satsa på psykisk helse-tenester i kommunane. Akershuskommunen er blitt dregen fram som ein som har visst å nytta seg av kvar opptrappingskrone til beste for innbyggarane sine. No, litt over eitt år etter Opptrappingsplanen, reduserer også Lørenskog i dei psykiske helsetenestene.

I desember måtte kommunen kutta 500 000 totalt i helsetenestene. Men til kommunestyremøtet i juni har administrasjonen fått beskjed om å legga fram forslag til korleis helsebudsjettet kan kuttast med over tre millionar i 2011, altså seks gongar så mykje som i år. Det går altså mot ei ytterlegare forringing av det psykiske helsetilbodet.

– Det er for enkelt av staten å tru at tenester kan skjermast når dei ikkje vil øyremerka midlar, seier helsesjef og kommunelege i Lørenskog kommune Petra Turet Olsen.

Ho understrekar at Lørenskog-politi-karane er veldig imot nedleggingar i dei psykiske helsetenestene, men også dei måtte nyleg ta konsekvensen av sviktande skatteinntekter. Som i nabokommunen Skedsmo blei det kutta over heile fjøla.

Folkehelseinstituttet sin rapport Psykisk helse i Norge, som kom i fjor, viste tydeleg dei store samfunnsøkonomiske og menneskelege kostnadene psykiske helseplager har. Til dømes er over halvparten av dei under 40 år som går på trygd, arbeidsuføre grunna psykiske plager.

– Ei teneste kan vanskeleg skjermast utan øyremerkte midlar, seier Olsen, som trur løysinga ligg i å lata Rikstrygdeverket stå for finansieringa av psykisk helse-tenester også i førstelinja.

Overføringa av opptrappingsmidlane til frie rammeinntekter er ein gest der Stortinget legg ansvaret over på kommunane. Men å få psykisk helse inn i heimelsystemet vil vera å seia «dette vil vi satsa på!», seier helsesjefen.

Øyremerking eller rammetilskot?

KOMMUNEN SLIT: – Eg skulle gjerne vore med på å styrka psykisk helse-tilbodet, men vi måtte kutta for å få balanse, seier varaordførar i Skedsmo Boje Bjerkholt. Foto: Arne Olav L. Hageberg

Sentralt i saksfeltet står spørsmålet om øyremerking eller rammetilskot. Tidsskriftet har vore i kontakt med politikarar i Skedsmo med ulik partifarge, og det ser ut til å vera brei semje om at kommunane må få større kontroll over eigen økonomi. Samstundes er det altså nett dette som gjer det mogleg for lokalpolitikarane å kutta i ytingane til psykisk helse.

På tampen av fjoråret byrja uroa å breia seg rundt om på ein del kommunekontor. Uvanlege og uventa skattetilhøve i 2008 viste seg i mange kommunar å få store konsekvensar på haustparten 2009 (sjå eigen boks om skattesvikt). Konsekvensar som vil halda fram i år og til neste år. Ordførarar og rådmenn mangla brått millionar på inntektssida på dei allereie planlagde 2010-budsjetta. I Akershus-kommunen Skedsmo blei dei totale kutta på ca. 20 millionar, 4,4 av desse i helse- og sosialsektoren.

– Dette er den vanskelegaste jobben som politikar. Det er alltid svake grupper som står mot kvarandre, innrømmer varaordførar i Skedsmo Boje Bjerkholt (Venstre).

Han kan bekrefta at det lokalpolitiske handlingsrommet i helse- og sosialsaker er svært lite fordi så mange tenester er lovpålagde. Gjennom satsinga i opptrappingsperioden har kommunen vist vilje til å bygga opp viktige tenester for psykisk helse.

– Vi ønskjer å hjelpa også dei som ikkje ropar høgast, seier Bjerkholt.

Det er òg samfunnsøkonomisk klokt, men det er heile tida ei utfordring å løfta blikket frå kortsiktige budsjett og fireårige finansplanar, seier varaordføraren.

Han kan skriva under på at det er utfordringar vidare i 2011, først og fremst fordi Skedsmo er ein kommune som veks og difor i nær framtid mellom anna skal investera i nye skular.

Prioriterer psykisk helse

Boje Bjerkholt viser til at ein hadde ein tilsvarande nedgang i kommuneinntektene rundt 2001, men at tendensen snudde.

– I utgangspunktet ligg vi på eit langt høgare nivå i dag. Vi opplever ein liten dipp no, men vil på lang sikt bygga opp eit endå betre helse- og tenestetilbod til innbyggarane. Innanfor rammene vi har, har vi vald å prioritera psykisk helse. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal halda fram med det, understrekar han.

SLEPPHENDT: Det er for enkelt av staten å tru at tenester kan skjermast når dei ikkje vil øyremerka midlar, hevdar helsesjef og kommunelege i Lørenskog kommune Petra Turet Olsen. Foto: Lisbeth Andresen/Romerikes Blad

– Kommunane opererer med ein skjør økonomi.

Dette seier direktør for interessepolitisk område i Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS), Helge Eide, i ein kommentar til ks.no om fjorårets driftsresultat på 2,6 prosent. Det årlege målet på tre prosent kan slik sjå ut til å vera innan rekkevidde, men finansinntekter, gevinst på verdipapir og ubrukte finanskrise-pengar frå Kristin Halvorsen utgjorde heile 1,2 prosent. Det betyr at det reelle driftsresultatet i beste fall er på 1,5 prosent. På toppen av dette kjem at gjelda til kommunane i fjor auka med 22 milliardar kroner. Den samla gjeldsbøra er meir enn ti gongar så høg, og stor gjeld betyr at ein renteoppgang vil kunna bli svært kostbar. Regjeringa har dessutan varsla svakare vekst i offentlege utgifter dei neste åra.

Gedigen tabbe

Tilbake hos Psykisk helse-teamet på Skedsmo er det sterk bekymring å spora.

– Først og fremst er dette trist med tanke på klientane. Vi ser at vi gjer ein skilnad. Det at politikarane har valt å ta frå oss ei stilling, vil få konsekvensar for dei, understrekar Lone Løvschall, som òg er hovudtillitsvald for Psykologforeininga.

I saksframlegget frå mars står det altså i klartekst at no kan ein kutta, for midlane er ikkje lenger øyremerkte.

– Det gjer meg redd å sjå at tanken om å legga ned psykisk helse-team er tenkt i kommuneadministrasjonen, seier Løvschall, som ser eit hårreisande paradoks i det som no skjer. Dei 40 millionane som for 2010 er løyvde til psykologar i kommunane, er tenkt til å bygga opp nett slike tenester som dei har i Skedsmo og Lørenskog. Det ligg ei stor samfunnsøkonomisk vinning i å førebygga psykiske helseplager, og det er heilt i tråd med tankane som ligg bak den nye samhandlingsreformen. Løvschall kallar kutta ein gedigen tabbe. Ho kan ikkje forstå at politikarane samfunnsøkonomisk sett ikkje har råd til å ha dei. Å kutta først for så å bygga opp att i betre tider er det mest kostbare alternativet. Psykiatrisk sjukepleiar Lillian Frøyen konkluderer:

Vi kjenner pasientane, jobben og ikkje minst det kommunale systemet. Å trappa ned for å bygga opp er veldig kortsiktig. Det som skjer no, er nesten ikkje til å tru.

KUTT I PSYKISK HELSEVERN

  • Skedsmo og Lørenskog har vore føregangskommunar på å tilby gode lågterskeltilbod for psykisk helse. No opplever begge nedskjeringar
  • Den seinare tida er det blitt fortald om kutt i det psykiske tenestetilbodet mange stadar i landet, mellom andre Hagen behandlingsenhet i Hedmark (sjå eiga sak på side 334), ungdomspsykiatrisk eining ved Sykehuset Telemark og klinikken for psykisk helsevern og rus i Finnmark har kjent sparekniven
  • Mental Helse Ungdom har sett i gang ein postkortkampanje mot det dei oppfattar som ei nedbygging av psykiske helsetilbod i regi av helseføretak og kommunar

SKATTESVIKT

Kvifor opplevde mange kommunar nedgang i skatteinntektene på tampen av 2009?

  • Medan dei fleste vanlege lønsmottakarar får skatteoppgjeret i juni, er det ein del skatteytarar med næringsinntekt og liknande som får oppgjeret først i november. Mange av desse brukar å få restskatt. Men i fjor fekk mange mykje att på skatten fordi dei hadde betalt inn for mykje i løpet av 2008, især på grunn av tap på aksjar og det at renteutgiftene gjekk opp i finanskriseåret 2008.
  • Dessutan har dei tilrådde skatteanslaga frå departementet dei siste åra, truleg jamt over vore for optimistiske, noko som har leidd kommunane til å rekna med for høge inntekter.X
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 4, 2010, side 363-365

Kommenter denne artikkelen