Du er her

– Det handlar om menneske

Mekling er mekling, anten partane på den andre sida av bordet er mann og kone eller leiarar for Contras og Sandinistas i Nicaragua, seier Thorvald Stoltenberg. Djupast sett handlar det alltid om menneske.

Publisert
5. august 2010

FOTO: ARNE OLAV L. HAGEBERG

– Ein legg for stor vekt på skilnadene mellom ulike former for mekling. Internasjonalt vil det sjølvsagt kunna vera bra med geografiske og historiske og språklege kunnskapar. Men det sentrale er at det er menneske ein har med å gjera. Difor kunne eg godt tenkt meg å studera psykologi. No har det teke meg eit heilt liv å læra at det handlar om menneske, seier Thorvald Stoltenberg, og siterer tittelen på sin eigen biografi frå 2001, Det handler om mennesker.

Personleg til stades

Vi sit i stova i ein sjetteetasje på Frogner i Oslo. Livsfølgjet hans Karin opna døra då eg kom, og eg stussa litt på at ho ikkje tok meg i handa og helste. Men eg blei nok rekna som Thorvald sin gjest. Rolla hennar var å visa endå ein av mannens mange gjester inn i husværet der dei to har hatt base sidan husbonden impulshandla nytt krypinn medan kona var på utanlandsreise ein gong tidleg på 1970-talet – ifølgje han sjølv den største belastinga på ekteskapet deira nokon sinne. Med til historia høyrer det at Karin hadde grøne fingrar og drøymde om ein stad med hage.

– Om eg blei rasande? Stoltenberg nikkar og får det kjente stramme draget om munnen. – Jau, eg blei rasande

Slike historier fortel Thorvald Stoltenberg gjerne. Han dreg ingen synleg klare grenser mellom det private og det offentlege, og som Kofi Annan og Nelson Mandela før meg sit eg no og blir servert kake og kaffi av mannen som er blitt kalla heile Noregs Thorvald. Han er nett så jovial som han verkar på tv og i portrettintervju. Trass i ei djup stemme, høgreist framtoning og fortid som øvste leiar av norsk forsvar, utanrikstenester og Raudekrossen, er det svært lite skremmande ved denne mannen. Det handlar om menneske, seier han, men her og no får eg kjensla av at det handlar mest om meg.

Å vilja fred

– Ein god del menneske kjem her og snakkar, seier han og femner rommet med handa. Eg driv jo ikkje nett praksis, men eg har sett at det ikkje er stor forskjell på å snakka om kjensleopplevingar og det å forhandla internasjonalt.

For når ein sit der rundt bordet, er personane ganske avgjerande for om ein får til noko. Alt kjem an på kva dei vil. Vil dei fred? Eller krig? Stoltenberg har opplevd at det dessverre er mange som vil krig, mest fordi dei tener stort økonomisk på det.

Som ei følgje av dette er han ingen tilhengar av boikott og embargo. Slike tiltak rammar hardast dei som allereie har det vanskelegast, medan krigsherrar og statsleiarar oftast finn ein veg utanom. Under handelsblokadar vil svartebørsen bløma, og der er det bare profitt som tel.

– Eg har sjølv sett kolonnar med kroatisk olje på veg over grensa for å forsyna serbiske stillingar, fortel han.

Til Balkan

1. mai 1993 drog Thorvald Stoltenberg frå husværet i Oslo og jobben som utanriksminister under Gro Harlem Brundtland til Balkan for å vera FN sin representant i meklingane mellom partane i konflikten om det tidlegare Jugoslavia. Målet var fred. I ryggen hadde han eit einstemt Tryggingsråd.

Det viste seg at partane sto klare til å signera ein avtale, den etter kvart vidgjetne Vance–Owen-planen. Bare serbarleiaren Radovan Karadži nølte, men etter press frå meklarane skreiv også han under.

Samtale: – Om ein vil ha fred, så må ein snakka med alle partane, seier Thorvald Stoltenberg (til venstre), som her møter den serbiske presidenten Slobodan Miloševi. «Slaktaren frå Balkan» som Miloševi blei kalla, sto skulda for folkemord, etnisk reinsing og massevaldtekter då han døydde på cella i Haag 11. mars 2006. Foto: Scanpix/EPA

– Eg kom midt oppi det og gjorde meg klar til å gjera vendereis, for alt såg ut til å vera i orden, fortel Stoltenberg.

Men den ferdig underteikna fredsplanen blei nedstemt av representantar i nasjonalforsamlinga i den serbiske delen av Bosnia, og Stoltenberg kom til å sitta ved meklingsbordet i dryge tre år til.

Hausten 1993 la Stoltenberg og EU sin hovudforhandlar briten lord David Owen fram forslag til ein ny avtale. Alt låg til rette for eit gjennombrot. Men denne gongen var det bosniakane, muslimar i Bosnia-Hercegovina som talar den bosniske utgåva av serbokroatisk, som trekte seg frå forhandlingane. Grunnen var at amerikanarane hadde kviskra dei i øyra at denne avtalen braut mot tre grunnleggande prinsipp som dei ikkje måtte gå på akkord med: den godtok at partar fekk behalda land som var erobra med makt, den delte Bosnia opp i tre delar, og den gav dei bosniske muslimane for lite land.

Fred

Freden kom til det tidlegare Jugoslavia først då USA to år seinare gjekk aktivt inn i meklinga. Eller mekling og mekling – ifølgje Stoltenberg låste president Bill Clinton partane inne på militærbasen Wright-Patterson Air Force Base ved byen Dayton i Ohio, USA og nekta å sleppa dei ut før dei hadde signert ein avtale. Tidlegare, då forhandlingleiarane frå FN og EU hadde prøvd seg med makt og trugsmål, var det bare for partane å setta i gang lobbyapparatet sitt i New York eller Brussel for å finna nokon som kunne gå imot. Men ingen av småstatane frå Balkan hadde noko å stilla opp med mot USA. Der måtte dei bøya seg for makta.

Etter at Dayton-avtalen var signert, spurte Stoltenberg sine amerikanske vener kvifor dei hadde gått imot den første avtalen. Dei to avtalane er nemleg svært like; begge godtek erobra land, begge deler opp Bosnia. Dayton-avtalen gjev jamvel bosniakane mindre areal enn det dei ville fått med Stoltenberg og Owen sin avtale: 26–28 prosent mot 33,3 prosent. Svaret var like ærleg i innhald som det var tragisk i konsekvensar: «Så lenge vi sjølve ikkje sat ved forhandlingsbordet, såg vi etter den ideelle løysinga. Men då vi kom inn i forhandlingane, såg vi at ein perfekt fred betyr lang krig. Og vi skjøna at det var viktig å stoppa partane frå å drepa kvarandre.» Thorvald Stoltenberg kallar det verdas mest kostbare vaksenopplæring. Når menneske blir drepne, kan ein ikkje leita etter den ideelle løysinga.

– Det som skil vår avtale frå Dayton-avtalen, finn ein på gravplassane i det tidlegare Jugoslavia, seier han.

Trass i stadig uro på Balkan også etter Dayton ser Stoltenberg i dag optimistisk på utviklinga.

– Alle er leie av krig. Dei ønskjer seg ein fred som kan halda. Så lenge ein har tilstrekkeleg internasjonalt nærvere vil dei ulike gruppene langsamt og sikkert tilpassa seg kvarandre. Alle ønskjer òg å bli med i EU og ser det som ein paraply dei kan leva under saman.

Generalsekretær i FN

Då Thorvald Stoltenberg på 1950-talet tok juridikum, fekk han dårlege karakterar, fortel han sjølv. Han ba om ein samtale med professor Frede Castberg (1893–1977) for å avgjera om han skulle ta eksamen opp att.

– Svaret hans var at om eg ville bli høgsterettsdommar så måtte eg forbetra karakterane. Men om målet var å bli generalsekretær i FN, så kjente han minst ein som hadde nådd den posisjonen utan å ha så mykje å skryta av i karaktervegen.

Castberg hadde nok norske Trygve Lie (1896–1968) i tankane, den første generalsekretæren i FN, frå 1946 til 1952. Ifølgje Thorvald Stoltenberg blei stillingen på den tida sett som toppen nest etter Vårherre.

– Men etter kvart har eg møtt nokre generalsekretærar i FN, og dei har vist seg å vera hyggelege, men ikkje skremmande.

– Du sette deg ikkje føre sjølv å bli generalsekretær då?

– Nei så galen er eg ikkje at eg har hatt det som livsmål, smilar Stoltenberg. – Men det skal seiast at eg var med heilt til dei siste nominasjonsrundane i 1991.

Kunne språket

Ein av grunnane til at Stoltenberg blei spurt om å vera meklar på Balkan, var at han snakka serbokroatisk, som er det dominerande språket i området. Han lærte det då familien budde i Sarajevo frå 1961 til 1964. Han heldt det ved like gjennom å lesa nasjonale aviser og besøka området minst to gongar i året. Også kona og ungane lærte språket, så statsministeren vår har altså ein gong snakka flytande serbokroatisk. Men kva hadde språkkunna å seia ved forhandlingsbordet for Thorvald Stoltenberg?

– Eg var glad for å kunna det, og brukte det, men fekk etter kvart høyra at eg hadde ein dialekt-tone som høyrte til i dei serbiske områda. Brått blei det som var min byrgskap og føremun noko negativt, og eg skifta over til å snakka engelsk, fortel han.

Språk- og kulturforståing er altså ikkje alltid avgjerande. Ein gong på 1980-talet ringte ven og sosialistkollega Willy Brandt (1913–1992, tysk kanslar og fredsprisvinnar og ein viktig pådrivar for gjenforeininga av Aust-Tyskland og Vest-Tyskland) til Thorvald Stoltenberg. Han lurte på om nordmannen ville reisa til Sør-Amerika for å forhandla fred mellom Contras og sandinistane i Nicaragua. Stoltenberg hadde mange motargument.

– Eg kan ikkje språket, har aldri vore der og kjenner ikkje noko nærare til konflikten, sa eg. «Det er difor eg ber deg,» svara Brandt. «Då er du ein utanforståande, og vil ikkje stå i fare for å bli plassert i ei gruppering.»

Hemmelege forhandlingar

Andre gongar kan det vera avgjerande med solide kunnskapar om området det er strid om, som når det gjeld Midtausten. Stoltenberg nemner Oslo-prosessen som eit døme.

– Her var det viktig at dei som tok del, kjente til områda i Israel, på Gaza og på Vestbreidda, understrekar han.

Dei første delane av desse forhandlingane gjekk føre seg i løynd på ulike stader i Noreg, noko Stoltenberg òg meiner var avgjerande. Slik kunne partane fritt sondera terrenget og føla seg fram utan å måtta forplikta seg eller stå til rette overfor pressa eller andre pressgrupper. Men viktigast av alt var truleg dåverande statsminister i Israel, Yitzak Rabin (1922–1995) si deltaking.

– Hadde han overlevd, kunne mykje vore annleis i Midtausten i dag, seier Thorvald Stoltenberg om mannen som blei myrda av motstandarar av fredsprosessen.

Stoltenberg kjente Rabin frå mange år før Oslo-prosessen, og kallar han den ideelle mannen i situasjonen. Han var tidlegare general, i heimlandet kjent som ein hauk som ikkje var redd for å bruka militær makt. Opphavleg var han kritisk til fredsprosessen, men blei overtydd om at Oslo-vegen var vegen å gå, og enda som svært positiv. Mykje kunne vore annleis. Attentatmennene oppnådde det dei ville.

Frukost

Men korleis går han fram? Har han ein bevisst strategi når han skal mekla? Svaret er ja. Han føretrekkjer først å møta alle partane samla for å lata dei veta at han kjem til å ha innleiande samtalar med ein og ein om gongen. Dette ser han som avgjerande for å oppnå ein viss tillit. I dette har frukosten blitt eit viktig verktøy. Ja, han kallar den faktisk det, eit verktøy.

– Eg inviterer ein og ein til ein enkel frukost, aller helst her heime hos meg sjølv på kjøkkenet mitt. Bare oss to, og eg lagar maten og serverer sjølv. I slike situasjonar har eg kunna registrera korleis dei slappar av etter kvart som eg set på kaffien og skjer opp brødet.

Eit anna viktig verkemiddel for å oppnå kontakt er å gå turar saman. I forhandlingane om det tidlegare Jugoslavia gjekk han turar åleine med Slobodan Miloševi og dei andre involverte.

– Åleine, vil det seia med tryggingsvaktar 20 meter bak?

– Ja, sjølvsagt. Men det er ikkje noko problem. Vi er åleine.

I slike situasjonar snakka dei ikkje forhandlingar. Det handla ikkje om kartkoordinatar og grenselinjer, men om personlege ting. Dei delte private opplevingar, fortalde om liva sine og opparbeidde gjensidig tillit.

Stoltenberg har fått mange kommentarar frå folk som har lurt på korleis han kunne ha personleg kontakt med ein mann som Miloševi. Han blei kalla «slaktaren frå Balkan» og sat i varetekt hjå krigsforbrytardomstolen i Haag då han døydde av hjarteinfarkt i 2006. Dei over 60 tiltalepunkta inkluderte mellom anna folkemord, etnisk reinsing og massevaldtekter.

OMTYKT: Thorvald Stoltenberg si kjente framtoning har ofte figurert i karikaturteikningar. Her er han på kontoret sitt omgjeven av nokre av dei. Foto: Arne Olav L. Hageberg.

– Svaret mitt er at om ein vil ha fred, så må ein snakka med alle partane, og ein må snakka med dei som har makta. Kven skulle ein elles venda seg til? spør Stoltenberg, og skildrar Slobodan Miloševi som ein intelligent mann med gode kunnskapar, som òg kunne vera personleg.

Eg spør om mekling kan lærast. Han svarar med ein spontan latter, for første gong under intervjuet.

– Det var eit godt spørsmål … nei, det kan ikkje lærast, slår han fast.

– Som andre talent kan det sjølvsagt utviklast gjennom utdanning og røynsle, men det er ei evne som ein anten er fødd med eller ikkje.

Personlege relasjonar i storpolitikken

Like viktig som det er å oppnå personleg kontakt med partane i ein konflikt, like skadeleg er det å få eit ekstra nært forhold til ein av partane. Å gå inn i forhandlingar om fred med ein bakgrunn der du er for den eine og imot den andre, er umogleg, understrekar Stoltenberg. Det er viktig at ein ikkje tar standpunkt, noko USA dessverre gjorde på Balkan. Frå dag ein i konflikten gav supermakta støtte til dei bosniske muslimane og var imot serbarane. Samstundes hevda dei å vera uavhengige og ikkje villa involvera seg i noko dei kalla ein intern konflikt i Europa.

Tydinga av riktige og gode personlege relasjonar ser vi døme på i realpolitikken kvar dag. Thorvald Stoltenberg dreg fram den ferske avtalen mellom Russland og Noreg om sperrelinja i Barentshavet.

– Eg er ikkje i den ringaste tvil om at denne dels er eit resultat av eit langvarig og systematisk arbeid for å skapa kontakt mellom Noregs statsminister og utanriksminister og president Dmitrij Medvedev og utanriksminister Sergej Lavrov i Russland.

– Etter TV-bileta å døma var kontakten mellom Jens Stoltenberg og Medvedev svært god. Har sonen din fortalt deg noko om dette?

– Det er ikkje tvil om at dei hadde eit svært konstruktivt forhold, og dette gjeld også for Putin. Det er snakk om å erkjenna at det handlar om menneske, på alle plan, svarar han nøkternt.

Domstolar for krigsbrotsverk

Stoltenberg har ved fleire høve problematisert ordninga med domstolar for krigsbrotsverk.

– Eg har alltid vore for domstolen i Haag, og stemte for den frå starten. For meg er den eit viktig ledd i ei stadig betre organisert verd. Men vi må ikkje tru at partane ved forhandlingsbordet på Balkan ikkje visste at den som tapte, hamna i Haag. Om ein trur det er tiltrekkande, så tek ein feil. Dette førte til at det blei endå viktigare for partane å vinna krigen, understrekar Stoltenberg.

– Du sat ved forhandlingsbordet saman med desse menneska som du visste kunna stoppa lidinga, men som nekta å skriva under på ein avtale og tydeleg ikkje ønskte fred. Samstundes såg du dagleg naud og død og vald som dei skapte. Blei du ikkje rasande?

– Om eg blei rasande? Stoltenberg nikkar og får det kjente stramme draget om munnen. – Jau, eg blei rasande. Men eg er heldigvis fødd med ein solid porsjon røyndomssans og veit at ein ikkje kjem lenger med å visa sinne eller aggresjon.

Men finst det konfliktar som ikkje lèt seg løysa? Stoltenberg kallar seg optimist både av legning og prinsipp. Som forhandlar må ein tru på at det umoglege er mogleg.

– Om du hadde spurt meg sommaren 1989 om eg trudde eg ville få oppleva å sjå den kalde krigen ta slutt, så hadde eg svart nei. Men nokre månader seinare var det ein realitet. Det same med Barentshavet. Det har vore forhandlingar om sperrelinja i 40 år. Heller ikkje den avtalen hadde eg trudd eg skulle få sjå realisert. Men no er altså forhandlingane sluttførte. Du er nøydt til å tru at det umoglege er mogleg. Men etter denne kanonaden av optimisme må eg seia at eg har mine tvil når det gjeld Midtausten. Utviklinga der er ikkje oppmuntrande.

– Kva kjente du då Rabin blei skoten?

– Då følte eg meg oppriktig oppgjeven, for eg hadde så stor tru på at haldningane hans skulle bety starten på ein varig fredsavtale. No er israelarane og palestinarane inne i ein vond sirkel.

Psykolog – eller drosjesjåfør

– Du sa i starten at du kunne tenkt deg å kunna psykologi …

– … ja, eller blitt drosjesjåfør! Det er noko av det same. Dei møter så mange, og anar ikkje kven dei vil treffa på når dei set seg i bilen på starten av dagen.

– Du har kan henda fått din del av gode råd …

– Ja, det er heilt strålande! seier Thorvald Stoltenberg, og eg trur han. Han set oppriktig pris på at folk kjem med spontane innspel til storpolitikken eller avtalar eit møte for å koma å snakka med han, anten det er om internasjonale spørsmål eller personlege utfordringar. Det er tydelegvis mange som har fått tillit til Stoltenberg. Han fortel at det ikkje sjeldan kjem folk bort til han når han er ute og går.

Men i ei særstilling står nok han som skrådde over gata og fyrte av følgjande spørsmål: «Skal eg gifta meg med Ester?» Stoltenberg svarte at det ikkje var mogleg for han å ta stilling til i og med at han aldri hadde møtt henne. «Kan eg ikkje ta henne med på kontoret ditt i morgon?» Noko ved mannen tiltalte utanriksministeren, så han sa ja, og gav samstundes staben sin uhorveleg med arbeid med å rydda plass i den alltid fullstappa kalenderen.

Neste dag klokka ti sat dei to på kontoret hans og snakka og snakka i veg. Det vil seia, det var eigentleg bare Ester som snakka. Festarmannen sat som ei forskremt mus og opna ikkje munnen på ein time. Då dei til slutt spurte om ein dom, svara Thorvald Stoltenberg nei. Grunngjevinga, at ho var altfor dominerande, heldt mannen som seinare blei norsk diplomat til Danmark, rett nok for seg sjølv. Men konklusjonen var altså klar, dei burde ikkje gifta seg med kvarandre.

Då dei gjekk frå kontoret til Stoltenberg, gret begge – av glede. Dei var over seg over endeleg å ha møtt eit ærleg menneske. To–tre år seinare fekk Stoltenberg eit brev frå mannen. Dei to hadde allereie eit par ungar og var rett så lukkeleg gift.

*

Etter eit par føremiddagstimar i selskap med Thorvald Stoltenberg sit eg att med ei kjensle av at toppolitikarar og statsleiarar eigentleg er som oss. Dei går bare inn i eit anna krinslaup. Eit krinslaup der ein har makt til å starta ein krig. Men der det òg kan skje at den eine slår på tråden for å spørja om den andre vil reisa ut i verda og skapa fred. Når dette intervjuet kjem på trykk, er Thorvald Stoltenberg 79, men eg kjenner på meg at om Barack Obama eller Ban Ki-moon ringte idet døra smekka igjen bak meg, vil han ha reist – på dagen. For det handlar om menneske.

THORVALD STOLTENBERG

  • Norsk diplomat og politikar (Ap). Fødd 8. juli 1931 i Oslo
  • FN sin fredsmeklar i det tidlegare Jugoslavia 1993 til 1995. Var òg mellom anna involvert i mekling i Nicaragua og i opptakten til det som skulle bli Oslo-avtalen for Midtausten
  • Lang og variert karriere i norsk forvalting, politikk og organisasjonsliv. Utanriksminister i to periodar og forsvarsminister i ein periode. President i Raudekrossen i Noreg i tre periodar
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 8, 2010, side 748-753

Kommenter denne artikkelen