Du er her

God bør for psykologar på Sotra

Ifølgje sentrale kjelder i Psykologforeningen skulle PPT vera ein søkkande skute for psykologar. Men vest i havet fann vi eit fulltalig mannskap med vind i segla, som dagleg losar elevar, lærarar og foreldre inn i tryggare farvatn.

Publisert
5. september 2010

SKULEPSYKOLOGAR: Gerda Nilsson (øvst), Kristin Halvorsen og Jannicke Midtbø er alle glade for å jobba ved Fjell PPT.

Når vinden frå sørvest finn vegen til Bergen, har den først stroke inn frå havet og over dei lyngkledde rabbane på Sotra. For sjøfolk er øya siste stopp før England. For mange nyutdanna psykologar frå Universitetet i Bergen har den vore første stopp i arbeidskarrieren.

Ein kommune i vokster

Øyene vest for Bergen er delt inn i tre kommunar: Sund, Fjell og Øygarden. Med sine 21 000 innbyggarar er Fjell den største, ein stor norsk kommune. Leiar ved dei pedagogisk-psykologiske tenestene (PPT) i kommunen, psykologen Jogeir Sognnæs, fortel at han nett var med i ei tverretatleg gruppe som idémyldra rundt konkrete planar om å bygga området ut til by. Fjell er ein kommune i vokster. Og det er ein kommune med mange born og unge.

Kristin Halvorsen er kanskje ein typisk PPT-psykolog. Som dei to andre vi om litt skal snakka med, har ho i alle fall si første stilling her, etter enda profesjonsstudium i Bergen. I Fjell kommune har ho vore rundt eit halvt år.

– Dei som hadde vore i PPT-praksis her snakka positivt om arbeidsplassen, fortel ho.

Det syngande talemålet hennar avslører ein oppvekst ved Kristiansand. Men då studiet nærma seg slutten, ringte ho like godt til Sognnæs for å spørja om dei trong ein psykolog til på Sotra. No er ho godt i gang med eit vikariat på seksten månader.

Første stopp: PPT

Men kvifor er det så mange som har PPT som første jobb? Og kvifor blir dei der så kort tid?

– Den største utfordringa for å få psykologar til å velga arbeid i PP-tenestene er andre psykologar som snakkar om det som ein håplaus arbeidsplass for psykologar, seier Jogeir Sognnæs.

Kvardagen ein møter i PPT, er kompleks og samansett. Psykologane samarbeider med mange ulike instansar. Dei møter heile spekteret av psykiske plager og utviklingsforstyrringar, og krava til dokumentasjon og utgreiing er store.

– Dei mest hyperaktive av oss trivst med dette kaoset, seier han med glimt i auga.

Men for nyutdanna kan den komplekse arbeidssituasjonen vera ein av grunnane til at dei søkjer seg vidare i staden for å bli.

– Eg har lurt på om vi ville fått meir stabilitet om vi hadde sett krav om erfaring før folk blei tilsette hos oss. Psykologar som har kome til kommunen med anna arbeidserfaring i bagasjen, seier det er godt å ha slik ballast. Men røynda er den at vi psykologar tilpassar oss marknaden. Vi har jobba for betre løn mellom anna gjennom å utvikla spesialistordninga og forhandla fram lønsgevinstar ved vidareutdanning. I spesialisthelsetenesta får ein betre oppfølging, ryddigare arbeidstid og ofte betre løn, seier Sognnæs.

På stader som Oslo og Bergen, der utdanningsinstitusjonane ligg nært, er det lett for PP-kontora å få tak i nyutdanna psykologar, men vanskeleg å halda på dei. Spesialistprogramma krev at ein har praksis frå 2.-linja. Fordi PPT ofte er den unge psykologen sin første arbeidsstad, dreg spesialistordninga folk vekk frå denne. Vegen tilbake kan ofte vera lang. Kan henda er ein blitt vand med dei meir ordna rammene i spesialisthelsetenesta, med betre oppfølging, ryddigare arbeidstid, meir avgrensa saksmengd – og ofte betre løn. Eller ein blir småbarnsforelder medan ein er i spesialisering, og når ungane veks til og ein er får meir tid og overskot til jobben, er ein godt sosialisert inn ved BUP-en eller DPS-en.

Ein tapt arena?

Fanabuen Jannicke Midtbø har jobba to og eit halvt år som psykolog ved kontoret i Fjell – ofte sett på som stabilt i PP-tenesta. Forklaringa er enkel: Ho trivst – med arbeidsoppgåvene, miljøet, variasjonen og den faglege utviklinga.

FÅR GJENNOMSLAG: Jogeir Sognnæs leier ei PP-teneste med fem psykologar inkludert han sjølv. I Fjell kommune har rådmannen fått augo opp for psykologar sin kompetanse.

Også blant sentralt plasserte personar i Psykologforeininga blir det sagt at PPT er ein tapt arena for psykologar, og at pedagogar gradvis kjem til å ta over feltet heilt. Midtbø er ikkje ukjent med haldningane om at PPT like godt kan overlatast til pedagogane først som sist. Ho har sjølv snakka med psykologstudentar frå Bergen som hadde høyrt sagt frå kateteret at PP-kontoret ikkje var ein stad for psykologar. Ho meiner ein slik tankegang er svært uheldig.

– Skulen er borna sin hovudarena utanom heimen, og i PPT lærer ein å kjenna dei ulike systema på ein unik måte. Ein er tett på og kan hjelpa med å identifisera psykiske vanskar tidleg. Ikkje alle foreldre tek kontakt sjølv.

– Ved å få sakene raskt kan vi vera med på å snu ei negativ utvikling, og kopla på aktuelle hjelpeinstansar. Dessutan har vi gjennom skulane mogelegheit til å jobba mykje førebyggande. Her går alle born, understrekar ho.

Kommunepsykologi i praksis

Jogeir Sognnæs, som sjølv sit i Psykologforeningen sitt sentralstyre, meiner den mangeårige kliniske slagsida i foreininga sentralt har gjort det vanskeleg å få forståing for psykologar si viktige rolle i dei pedagogisk-psykologiske tenestene.

– Men PP-psykologane er kommunepsykologar som alltid har vore der. Psykologforeininga jobbar for tida hardt for å få fleire psykologar i kommunane. Då er det veldig viktig å ikkje mista dei ein allereie har, konkluderer Sognnæs.

Han kan fortelja at dei per i dag er åtte psykologar i kommunen: tre kommunepsykologar som jobbar med born, og fem inkludert han sjølv i PPT. I tillegg har kommunen nettopp fått midlar til ein ny psykolog for vaksne frå Helsedirektoratet sin pott øyremerkt kommunepsykologar. Men det er arbeid til fleire.

– Eg tenkjer at vi burde hatt i alle fall ein til som jobba med vaksne, ein for eldre og to til for born – ein i PPT og ein kommunepsykolog. Då er vi oppe i 13. Det hadde vore ganske bra, seier Sognnæs.

Hektisk i førstelinja

Kristin Halvorsen er samd i at dei ikkje er overtalige.

– Det er hektisk her i førstelinjetenesta, og det fører til at ein lærer veldig mykje på kort tid, seier ho.

Det store talet på saker gjer at ein må ta unna mykje på eiga hand og ta mange sjølvstendige avgjerder. Då kan det vera utfordrande å skulla vera bestemt og verka trygg. Samstundes er Halvorsen overraska over kor stor tiltru lærarar, foreldre, rektorar og elevar faktisk har til henne, sjølv om ho er ung og nyutdanna. Kan henda handlar det om at folk er vande med at PPT-psykologar er unge, reflekterer ho. Kan henda er dei òg vande med at PP-tenestene leverer godt arbeid.

Kartlegg elevar

Den primære oppgåva til PP-tenesta er utgreiing av elevar som av ein eller annan grunn ikkje fungerer godt i skulen. Kanskje treng dei spesialundervisning? Eller er det snakk om meir alvorlege psykiske plager som krev hjelp frå spesialisthelsetenesta? I kartlegginga av ein elev brukar psykologane testing, samtalar med ungen sjølv, med foreldre og med dei som jobbar på skulen. Psykologar og pedagogar frå PP-kontoret kjem òg på besøk i klassen for å sjå korleis eleven fungerer i timane, og til slutt skriv dei ein rapport. Ei anna viktig side av arbeidet er førebygging, mellom anna gjennom kursing av lærarar og elevar. Opplever Kristin Halvorsen psykologutdanninga som relevant for jobben?

Svaret er ja, sjølv om talet på saker dei får til utgreiing gjer det vanskeleg å prioritera individuelle terapiløp med enkeltelevar. I det heile har ho overraskande lite kontakt med ungane ho er sett til å hjelpa.

– Men det er positivt kor mykje systemarbeid ein driv med i PPT. Eg har mest kontakt med dei systema som er rundt barnet, foreldra, skulen og andre samarbeidspartnarar. Det er spanande å arbeida med å gjera desse betre til å møta og forstå utfordingane barnet har.

Psykologistudiet har gjeve henne breie kunnskapar om åtferd og utvikling, noko som er svært relevant i utgreiingsarbeidet. Likevel opplever ho å kunna for lite om konkrete tiltak.

– Vi møter alle slags problem – ADHD, autisme, psykisk utviklingshemming, non-verbale lærevanskar, og så vidare. Studiet gjev ei god forståing av kva desse problema inneber for borna, men ein lærer mindre om kva for konkrete tiltak ein skal setta i verk for desse borna. Her var studiet mangelfullt, konkluderer den ferske cand.psychol.-en.

Nyttige for skulen

Jannicke Midtbø opplever absolutt at psykologane har noko å tilføra, og at skulen synest det er nyttig at dei er der.

– Vi får informasjon frå ulike partar og har slik mogelegheit til å ta eit fugleperspektiv, ha eit større overblikk og tilføra psykologisk kunnskap om born si utvikling. Den største utfordringa er at eg alltid helst skulle gjort meir, seier Jannicke Midtbø.

Ho understrekar kor viktig det er å kjenna kommunen og systemet ein jobbar i. Som psykolog i PP-tenesta blir ein på mange vis ein krumtapp i systemet og må forholda seg til mange samarbeidspartnarar. Midtbø reknar opp: tre kommunepsykologar som jobbar med born, barnevernstenesta, støttetiltak for funksjonshemma, helsesøster, fastlege, fysioterapeutar og ergoterapeutar, Statped Vest – eit statleg spesialpedagogisk kompetansesenter i Vest-Noreg – skular, barnehagar og foreldre, og spesialpedagogar, logopedar og andre psykologar ved PP-kontoret.

På linje med rådmannen

Norske kommunar har stor fridom, ikkje minst når det gjeld organisering. I Fjell sit leiarane på rekke og rad i rådhuset, med rådmannen på same nivå. Han flytta ned frå det store kontoret i øvste etasjen for å koma nærare dei han skulle arbeida saman med, noko som har prega heile organisasjonen positivt. Avdelingsleiarane sit bokstaveleg tala rett overfor kvarandre. Denne nærleiken skapar samarbeid på tvers, men gjer òg at dei ulike aktørane må vera tydelege på kva dei kan som dei andre ikkje kan – kva som er faget deira, og kva dei har i kommunen å gjera.

PÅ SKULETUR: – Det er bruk for psykologar som kan skulen godt, seier Gerda Nilsson, her på veg til ein av skulane i Fjell.

Gerda Nilsson er ein annan av dei fire psykologane som jobbar under Jogeir Sognnæs. I tillegg disponerer han seks pedagogar. Nilsson opplever absolutt at ho er ein del av det kommunale tilbodet.

– Her i Fjell er det stor satsing på born og unge. Vi merkar at det blir prioritert på kommunenivå. Det er lett å driva ting igjennom, vi får raskt svar på spørsmål, og rådmannen og skulesjefen støttar arbeidet vi gjer, fortel ho.

Vellukka reorganisering

Fjell PPT tok for eitt år sidan eit grep som alle vi møter, dreg fram som ei forbetring. Før reiste psykologar og pedagogar ut på eiga hand kvar for seg for å møta elevar og andre i felten. Men no er tenesta bygd opp rundt lag på to og to, ein pedagog og ein psykolog, som har felles ansvar for skulane og einskilde saker. Slik er kompetansen til stades frå første stund, anten det i hovudsak viser seg å handla om lese- og skrivevanskar, eller det er snakk om meir komplekse psykososiale eller psykologiske problem.

Modellen er velprøvd og kjent frå mange PP-kontor. Men sjølv ved Fjell PPT, med fire saksbehandlande psykologar og seks pedagogar, er det ikkje alltid dei maktar å vera to på alle saker. Ideelle modellar viser seg ofte vanskelege å leva opp til når saksmengda er stor.

Den nye organiseringa stiller dessutan endå større krav til tverrfagleg samarbeid

Viktig å vera den ein er

Ein nøkkel for at ein skal ha det bra i ein slik situasjon, er at psykologar får gjera psykologarbeid og pedagogar får gjera pedagogarbeid, understrekar Gerda Nilsson. Slik var det ikkje alltid før, då psykologar og pedagogar oftare sto åleine som kontaktpersonar på skulane.

– Eg har kompetanse på å greia ut til dømes kognitiv svikt og psykiske vanskar, medan pedagogane kan ein masse om ting som matte- og lese- og skrivevanskar. Det blir ikkje kvalitet om eg skulle uttala meg om dette, og heller ikkje om pedagogar uttalar seg om våre typar problemstillingar, seier ho.

Den nye ordninga med to og to kontaktpersonar har gjort alle meir trygge i jobben, og at dei i større grad har kjent at det er bruk for deira spesifikke kompetanse.

– Krafta i at vi er mange fagpersonar, er at vi kan snakka om og ta aktivt stilling til forskjellane. Det er viktig at vi ikkje alle er PP-rådgjevarar. Ein må få vera den ein er, poengterer Nilsson.

Sterke krefter

For Nilsson er den kjekkaste delen av jobben den som går føre seg ute på skulane. Ho synest det er veldig interessant å sjå kulturen og systema der, og å observera dei sterke kreftene som finst mellom lærarane – og som påverkar elevane.

– Det er bruk for psykologar som kan skulen godt. For å forstå born er det veldig viktig å sjå korleis dei fungerer i skulen, seier den svenske psykologen.

Som dei norske kollegaene sine er også ho utdanna i eit system som set den individualterapeutiske kompetansen høgt, men etter snart to år i PP-tenesta har ho fått augo opp for det å jobba i kommunen.

– Eg ser for meg at eg alltid vil ha systemperspektivet med, konkluderer ho.

Inga tapt sak!

Noko av forklaringa på at psykologar i Bergensområdet framleis har ei viktig rolle i PPT, er at Universitetet i Bergen utdannar mange psykologar i høve til folketalet i regionen. Rekrutteringa til tenestene, som tradisjonelt har appellert til unge psykologar, er altså god. Men Sognnæs peikar på at psykologien sitt behandlingsomgrep er problematisk.

– Individfokuset er sterkt, sjølv om Universitetet her i Bergen har ei brei tilnærming. Det gjer noko med oss at helseperspektivet i faget blir tydelegare og tydelegare. Men helse er ikkje lik spesialisthelseteneste, og heller ikkje ein-til-ein-terapi, understrekar Sognnæs.

Mange trur arbeidet i PPT bare handlar om sakkunne og rapportar. Men vi jobbar gjennom skulane, ikkje med å gjera borna friske, men med å hjelpa dei til meistring, til å leva med ei autismespekterliding eller utviklingshemming – med å skapa gode rammer for eit godt liv.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 9, 2010, side 834-837

Kommenter denne artikkelen