Du er her

– At eg ville døy, kunne ingen sjå

Dei siste fem åra har Cizzi skore seg med kniv og nekta kroppen sin mat. Like lenge har venninna følgt henne med kameraet.

Publisert
5. desember 2010

Jacqueline Hellman har gjennom fleire år dokumentert veninna Cecilia Karlsson (21) sin kamp mot angst, spisevegring og sjølvskading. – Eg tenkte at bileta skulle få ein helande effekt, seier ho.

Den svenske fotografen har kalla prosjektet «Från andra sidan längtan». Bileta blei nyleg stilte ut i Malmö.

– Eg opplevde at folk tok med seg inntrykka frå utstillininga då dei gjekk, fortel Hellman.

– Samstundes finst det dei som er urolege. Dette er ein ny og personleg måte å skildra psykisk uhelse på. Nokre eg har snakke med om prosjektet har meint at det kan skada Cizzi. Men ingen av dei som har sett utstillinga, har vore inne på det sporet.

Frå hovudpersonen sjølv har Hellman bare fått positiv respons.

– Ho har begynt å eta sjølv no, etter fire år med sondemating. Både Cizzi og eg er veldig nøgde med utstillinga, seier Jacqueline Hellman.

Bileta i denne reportasjen er akkompagnert av Cizzi sine eigne tekstar.

arneolav@psykologforeningen.no

Eg blei innlagd fordi eg vog for lite. Det var det einaste dei kunne bevisa. Men at eg ville døy, kunne ingen sjå eller forstå.

Skal trena meir, skal tenka på kva eg et. Eg ska gå ned og bli smal på eitt eller anna sett.

Eg har alltid drøymt om å vera som ein fugl, fri og utan problem. Bare fly i fridomen.

Då eg i starten sa at eg ikkje ville leva lenger, så trudde eg at eg var på botnen. Men det har vist seg at det var så svake tankar. No er det meir alvor, og eg har ingen sperrer, ingen hinder som stoppar meg om eg får sjansen til å ta livet mitt. No kjenner eg at sjela har forlate meg og det bare er ein zombie som går rundt, ein kropp utan sjel. Ein kunne falla så himla mykje djupare enn det eg trudde. Hadde aldri kunna førestella meg at ein kunna ha det så dårleg som dette.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 12, 2010, side 1124-1130

Kommenter denne artikkelen