Logo: Tidsskrift for norsk psykologforening

Forskningsnotiser

PDF-versjon av artikkel Del
Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 12, 2010, side 1149

Sei det som det er

Ærlegdom varar lengst, viser ein ny studie av jobbsøkarar.

Sei det som det er

Ærlegdom varar lengst, viser ein ny studie av jobbsøkarar.

Ei åtvaring om at testen dei tok, kunne avsløra usanne svar, førte til meir ærleg respons, noko som igjen gav større sjanse for tilsetting. Dei som var blitt åtvara, oppnådde signifikant lågare skårar på testane. Men samstundes gav dette positive utteljing, fordi testen oppfatta dei som meir ærlege. Studien baserte seg på testar som samla inn biografiske data om utdanninga, arbeidserfaringa, evnene og haldningane til søkaren. Mange slike testar har innebygd spørsmål spesielt utvikla for å avsløra juksing.

– Å åtvara søkarane om løgndetektorfunksjonen kan vera ein enkel og kostnadseffektiv måte å få folk til å svara ærleg, noko som i sin tur gjev meir nøyaktige testdata, seier Chris W. Wright ved San Francisco State University til Medical News Today.

Kjelde: Kuroyama, J. et al. (2010). The effect of warning against faking on noncognitive test outcomes: A field study of bus operator applicants. Applied H.R.M. Research, 12(1), 59–74

Sosiale foster

Ufødde viser teikn på oppførsel retta mot andre allereie i fjortande svangerskapsveke.

Sosiale foster

Ufødde viser teikn på oppførsel retta mot andre allereie i fjortande svangerskapsveke.

ILLUSTRASJON: ODA WALLE

Forskarlaget til Umberto Castiello nytta naturen sitt eige eksperiment, i form av einegga tvillingfoster. Ved firedimensjonal ultralydskanning (3D og endringar i tid) av fem kvinner gravide med tvillingar, fann dei at dei ufødde styrte armane mot kvarandre allereie 14 veker ut i svangerskapen. Ved 18 veker auka desse sosiale gestane til 29 prosent av alle observerte rørsler. Fostera sine bevegelsar retta mot seg sjølv, minka parallelt.

Måten rørslene som var retta mot hovudet og ryggen til den andre blei utført på, skilte seg klart frå andre rørsler – mot livmorveggen eller eigen kropp. Dei sosiale bevegelsane varte lenger og likna meir på rørsler orientert mot eigne auge. Dette tyder på at fostera har ei slags oppleving av at det er noko særskilt med tvillingen.

Vidare forsking kan kanskje avdekka samanhengar mellom sosial åtferd i i fosterlivet og seinare utviklingsforstyrringar, skriv BPS Research digest blog.

Kjelde: Castiello, U. et al. (2010). Wired to Be Social: The Ontogeny of Human Interaction. Public Library of Science ONE, 5(10).

Høgt tilbakefall hos unge jenter

Unge jenter har mykje større risiko enn gutar for å oppleva tilbakefall ved depresjon.

Høgt tilbakefall hos unge jenter

Unge jenter har mykje større risiko enn gutar for å oppleva tilbakefall ved depresjon.

I ein studie av unge med alvorleg depressiv liding blei nær alle betre etter behandling. Men ved fem års oppfølging hadde nær halvparten opplevd tilbakefall. 57,6 prosent av jentene opplevde ein ny alvorleg depresjon, mot bare 32,9 prosent av gutane. Ein finn ikkje ein tilsvarande kjønnsforskjell hos vaksne.

Oppfølgingsstudien tok for seg 86 unge gutar og 110 unge jenter frå den såkalla TADS-studien (Treatment for Adolescents with Depression Study), ein studie av tolv vekers korttidsbehandling ved depresjon.

Ungdomane i TADS hadde i snitt vore moderat til alvorleg deprimerte i 40 veker. 96,4 prosent viste betring i minst åtte veker. Den mest effektive behandlinga var ein kombinasjon av antidepressive medikament (Prozac) og kognitiv åtferdsterapi (KAT). Dei andre alternativa var bare KAT, bare medisinering, eller placebo.

Kjelde: Curry, J et al. (2010). Recovery and Recurrence Following Treatment for Adolescent Major Depression. Archives of General Psychiatry, Nov 2010.

Straum til hjernen gjev pluss i matte

Elektrisk stimulering av hjernen kan kanskje gjera deg betre i matte, viser ny studie.

Straum til hjernen gjev pluss i matte

Elektrisk stimulering av hjernen kan kanskje gjera deg betre i matte, viser ny studie.

Tilføring av elektrisitet til hjernen førte til betring i matteprestasjonar opp til seks månader etter behandlinga – utan at andre kognitive funksjonar blei påverka. Delen av befolkninga som har moderat til alvorleg mattehemming (til dømes dyskalkuli), kan vera så høg som ein av fem. Funna gjev håp om behandling for desse, skriv Current Biology 4. november.

Førsteforfattar Roi Cohen Kadosh ved Universitetet i Oxford understrekar overfor ScienceDaily at han absolutt ikkje rår folk til å gå rundt og gje seg sjølv elektrisk støyt.

– Men resultata gjer oss entusiastiske. Tidlegare har vi vist korleis ein kan påføra tidsavgrensa dyskalkuli. No ser det altså ut til at vi òg kan gjera folk betre i matte.

Metoden som blei nytta, heiter transcranial direct current stimulation (TDCS). Hjernen blir påført ei konstant svak elektrisk spenning over tid for å auka eller minska aktiviteten i nevrona. Betringa i mattekunnskapar oppsto etter stimulering av isselappen.

Kjelde: Kadosh, R. C. et al. (2010). Modulating neuronal activity produces specific and long-lasting changes in numerical competence. Current Biology 19(19), 898–899.

Til toppen av artikkelen