Du er her

Kunnskap, sveitte og fagleg forbrødring

Eit øs av fagleg innputt, varme, sol, språkbarrierar og internasjonal forbrødring, historie, glas og betong, kulturell kontekst og nye teoriar: Å vera på europeisk psykologikongress grensar til det overveldande.

Publisert
5. august 2011

Sola steiker frå ein skyfri himmel. Brisen som alltid står inn frå Marmarahavet og Bosporos, går seg vill mellom moderne høghus og smale mellomaldergater og maktar ikkje dempa heten nemneverdig. Rundt meg strøymer folk hit og dit, psykologar av alle kulørar, visstnok er fleire enn sytti nasjonar representerte. Det er psykologikongress i Istanbul.

PRAKTFULLT: Frå den blå moskeen. Istanbul er ein by der estetikken har tent høgare makter i tusenvis av år.

Mangesidig psykologi

Kvart anna år arrangerer eit av medlemslanda i føderasjonen av europeiske psykologiorganisasjonar, EFPA, ein internasjonal kongress. I år var turen komen til Tyrkia og Istanbul. Temaet «Understanding and embracing diversity» var på sin plass; omfemning av det mangesidige var noko ein var beint fram nøydd til å gjera i praksis skulle ein få utbyte av kongressen.

Gleda og inspirasjonen må vera stor hos den som brått oppdagar at det finst ei anna einsam psykologsjel, kan henda ein stad i Spania eller Argentina, som også held på med det han til no har trudd han var den einaste i verda som brydde deg om

Det over to hundre sider tjukke programheftet viste tydeleg at psykologifaget omfattar veldig mykje meir enn det vi til vanleg kan skimta frå plassen vår her på berget. Høyr bare på desse innleggstitlane: «Spherical cube structure of personality lexicon», «A phenomenological exploration of the experience of being a street beggar», «Burden, stress and depression in liver transplant patients’ caregivers», «Body image and live satisfaction of visually impaired Turkish women», «A discourse analysis in Eastern Anatolian fairy tales: The forbidden and inevitable process of being a woman». Den sistnemnde presentasjonen var forresten ein av dei eg ville gå på, men då eg troppa opp i konferanserommet, var det ingen forelesar der. Vedkomande hadde ikkje dukka opp, fekk eg beskjed om. Og mange eg snakka med, hadde opplevd det same på andre presentasjonar. Dette kan tyda på at organisasjonen hadde teke seg litt vatn over hovudet med tanke på mengda innlegg. Systemet for å følgja opp dei innmeldte bidraga kan i alle fall ikkje ha vore heilt godt nok. Men dette er pirk. Alt i alt lét dei vel, både bidragsytarar og deltakarar (som ofte sjølvsagt er ein og same person – på slike kongressar sit hattane laust og blir bytt ofte).

Nær knirkefritt

Den gode gjennomføringa av kongressen er ikkje mindre enn imponerande med tanke på at psykologforeininga i Tyrkia kan telja dei tilsette på ei ille tilreidd hand. Det tekniske gjekk stort sett heilt knirkefritt, og folk smilte og heldt motet oppe gjennom alle dei fem dagane.

Philip Zimbardo (78) var den einaste som var i nærleiken av å dra nok folk til å fylla den enorme hovudsalen på Lütfi Kirdar Convention and Exhibition Centre. Stanford-professoren presenterte foredraget «The secret power of time to influence personal decisions and national destinies» – om dei seks grunnleggande menneskelege haldningane til tid, og korleis desse påverkar enkeltpersonar sin livsskjebne og jamvel nasjonar si utvikling – Zimbardo var òg i Oslo under Den europeiske psykologikongressen for to år sidan. Ein annan likskap med vår heimlege kongress var at arrangørane i Istanbul også hadde laga eit eige etikk-spor som gjekk gjennom heile veka – med keynotes, state of the art-forelesingar og symposium.

Der og då fall det nok mange lett å omfemna mangfaldet

Evnetesting, utvikling og språk er tydelegvis òg viktige tema for mange ute i verda. Det var ikkje få av innlegga som på eitt eller anna vis relaterte seg til den kviterussiske sosialkulturalisten Vygotskij sine teoriar. Ei rekke av innlegga omhandla òg tverrkulturelle tema – sjølvsagt med eit skråblikk til kongressen sitt motto. Dessutan fekk idrettspsykologien sin solide skjerv merksemd.

DETALJ: Frå Hagia Sofia.

BAKTEPPE: Stemningsrapport frå Topkapi-palasset under gallamiddagen for kongressdeltakarane.

FORMEL 1: Ein tur i ein av dei lokale gule drosjane kan gje nokon og ein kvar «Schumacher-følelsen».

Mange nordmenn

Den norske kontingenten var overraskande stor. Kan henda ser vi smitteffekten av sjølv å ha arrangert kongressen. Den kan ha ført til at fleire har fått augo opp for potensialet som ligg i det å ta del i ein slik kongress. President og generalsekretær med fleire frå Psykologforeininga sitt sekretariat var på plass. Om ikkje så mykje for å bli oppdaterte på fag, så for å representera norsk psykologi ute i verda og pleia nye og gamle internasjonale forbindelsar. Kongressen munna òg ut i EFPA sitt årsmøte, som blei arrangert helga etter, der Psykologforeininga sin president, Tor Levin Hofgaard, blei vald inn i styret.

Men langt frå alle hadde offisielle oppdrag å ta seg av. Tilfeldige norske deltakarar eg snakka med, sa at dei såg kongressen som eit unikt høve til både fagleg oppdatering, presentering av eiga forsking og, kanskje mest, å knyta kontaktar på tvers av landegrenser. Gleda og inspirasjonen må vera stor hos den som brått oppdagar at det finst ei anna einsam psykologsjel, kan henda ein stad i Spania eller Argentina, som også held på med det han til no har trudd han var den einaste i verda som brydde seg om.

OMSVERMA: Også venezianske handelsreisande hadde i periodar mykje makt i byen. Her svermar fuglane rundt eit kjent landemerke frå denne tida.

POPULÆR: Mange tok turen til den store kongressalen for å høyra Philip Zimbardo.

Eit raskt overslag viser at det må ha vore eit tital norske presentasjonar i løpet av dei fem dagane i Istanbul. Ein av dei større var Psykologforeininga sin presentasjon av kommunepsykologiarbeidet i Noreg – til slutt på siste dag av konferansen. Både tidspunktet og plasseringa kunne vore betre. Den store salen, som hadde plass til fleire tusen personar, lokka til seg 30–40. Men dei som tok turen, fekk med seg forteljinga om korleis også vi i det rike annleislandet har store utfordringar for å kunna gje god nok hjelp til alle, og at kommunen ser ut til å vera ein unik arena for raske og effektive tidlege intervensjonar. Kven veit, kan henda blir «municipality psychology» ein framtidig norsk eksportartikkel.

SPENN: Hagia Sofia var først katedral for bysantiske kristne i 1000 år, så moské i 500 år før den tidleg på 1900-talet blei museum.

FOLKEHELT: Ein smilande Atatürk (1881–1938) vaktar over kongressdeltakarane. Den tyrkiske landsfaderen grunnla republikken rett etter Første verdskrigen og blei første folkevalde president.

I sultanens hage

Utanom det faglege var nok gallamiddagen i hagen på Topkapi-palasset eit høgdepunkt for mange. På denne staden budde sultanane som i fem hundre år regjerte over det osmanske riket. Der, på ein grasplen midt mellom dei vidgjetne kyrkjene Hagia Irene og Hagia Sofia (begge frå 400-talet) og med fabelaktig utsikt til havbukta Det gylne horn, som deler byen i to av sine tre delar (den siste ligg i Asia, på andre sida av Bosporossundet, Istanbul er den einaste byen i verda som ligg i to verdsdelar), blei dei av konferansedeltakarane som hadde råd til det, servert fire rettar og levande tyrkisk musikk medan månen steig over kuplar og minaret. Nokon kvar kjende det som å vera i ei anna tid. Orientalismen slo ut i full bløming då nokre psykologar frå Midtausten byrja dansa med kattemjuke rørsler og sensuell ornamentikk. Det smitta, og til slutt var nesten alle på beina, tok kvarandre i hendene og danna ei lang rekke som bukta seg mellom borda. Der og då fall det nok mange lett å omfemna mangfaldet.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 8, 2011, side 811-815

Kommenter denne artikkelen