Du er her

Smitta av norske psykologar

– I psykologien er Noreg storebror og Sverige veslebror, seier presidenten i den svenske psykologforeininga. Både han og hans danske kollega lét imponert over det demokratiske nivået i Norsk Psykologforening.

Publisert
5. januar 2008

Årets landsmøte hadde besøk av presidentane frå den svenske og den danske psykologforeininga. Roal Ulrichsen, som òg er president i den europeiske psykologforeininga (EFPA), representerer rundt 8000 danske psykologar. Foreininga til Lars Ahlin har om lag 8700 medlemer, rundt 75 prosent av psykologmassen i Sverige. For begge var det første besøk på eit norsk landsmøte.

– Seriøst, fokusert og retta mot løysingar, lyder svaret då eg spør kva inntrykk dei sit att med.

– Eg har inntrykk av at medlemene er interesserte i ein høg fagleg standard, legg Ulrichsen til, og viser til den engasjerte debatten rundt dei føreslåtte endringane i spesialitetsordningane.

– Medlemene dykkar vernar om faget og etikken.

Inspirasjon

Ahlin kan fortelja korleis han allereie som ung psykolog i Jämtland tidleg på 1980-talet drog over grensa til Trondheim for å delta på lokallagsmøter i Norsk Psykologforening.

– Eg fekk eit veldig positivt inntrykk av norske psykologar sin sjølvtillit, og det smitta, slik at eg òg drog rakare i ryggen enn då eg kom. Og slik er det framleis.

Ulrichsen har òg ein medlemsmasse som har ønska å sjå foreininga meir framme i mediedebatten, og kan fortelja at dette har resultert i konkrete satsingar som har gjeve gode resultat.

– Psykologi var eit heilt sentralt tema i valdebatten i Danmark denne hausten. Vi har vore spelarar på landsdekkande media, og vore invitert til å setta dagsorden.

Ulrichsen fortel korleis Dansk Psykolog Forening sidan 2003 har jobba målretta til dømes med å bygga opp ei eiga kommunikasjonsavdeling og å få eit nettverk av journalistar.

– Dette har gjeve ein stor og god effekt. Eg snakkar med journalistar fleire gongar i veka.

Når Noreg no er i ferd med å bygga opp noko liknande, har den danske presidenten bare ein kommentar:

– Go, go, go! Det er ikkje bare kva vi gjer, som er viktig, men òg kva vi viser at vi gjer.

Det nordiske

– Vi psykologar har så mykje å gje, både til samfunnet og til pasientane. Det er takknemlig og gøy å jobba med eit slikt fag, seier Lars Ahlin.

I dette arbeidet fortel han om inspirasjon frå Noreg. Ulrichsen seier seg einig. Sjølv ber han dei danske helsestyresmaktene sjå til Noreg når dei ikkje forstår kvifor det må opprettast fleire psykologstillingar innanfor psykisk helsevern.

– Det er ingen forskjell på å vera sjuk i Noreg og i Danmark, argumenterer han.

– Vi har òg stor nytte av å henta dome frå Noreg, seier Ahlin, og fortel at det nordiske samarbeidet er noko av det han som president har hatt mest igjen for å bruka tid på.

Som president i EFPA, der An-Magritt Aanonsen er visepresident, har Roal Ulrichsen sett kor viktig det nordiske samarbeidet er.

– Dei 34 medlemslanda ser at dei nordiske organisasjonane er velorganiserte og dyktige, og med god økonomi.

I spel

Begge presidentane er glade for at landsmøtet slutta opp om prinsipperklæringa om evidensbasert psykologisk praksis. Dei er inne i liknande prosessar sjølve. Samstundes har dei merka seg uro rundt vedtaket.

– Det er viktig å lytta til innvendingar, seier Ahlin. – Vi må tenka på å invitera store delar av medlemsmassen før ein fattar eit slikt vedtak. Men eg vil jobba for å ta tilbake og utvida evidens-omgrepet.

Ulrichsen merka seg at den norske debatten eigentleg handla om to ting: dei faglege og dei demokratiske utfordringane. Men debatten gjekk føre seg på sakleg og respektfullt vis.

– Det blir veldig viktig for oss å setta denne saka i spel for våre eigne medlemer. Det skal debatterast av dei, for det er der styrken kjem frå, seier Ahlgren.

APA reviderer stadig si prinsipperklæring, og det blei jo sagt frå talarstolen av ein av delegatane at Norsk Psykologforening òg vil gjera dette. Siste ordet er aldri sagt, avsluttar Lars Ulrichsen.

Valg – landsmøtet 2007

President:

Tor Levin Hofgaard

Visepresidenter:

Tove Mathiesen

Rune Frøyland

Sentralstyre:

Kjetil Kaasin

Jogeir Sognnæs

Erik Iversen

Ingunn Skre

Kristian Knudsen

Inger-Johanne Storesund

Elisabeth Holck-Steen

Vara:

Geir Skauli

Anita Therese Berthung

Kari Normann

Tora Garbo

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 1, 2008, side 72-73

Kommenter denne artikkelen