Du er her

Where have all the flowers gone?

Publisert
2. juni 2008

Kjell Underlid denne månedens kronikkforfatter er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Sammen med Ingunn Skre Anne Skard Peder Kjøs Magne Raundalen og Marit Netland er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gang: Ingunn Skre.

Dei som har levt ei stund (som det heiter), minnest songen i overskrifta, som skriv seg frå den amerikanske protestsongaren Pete Seeger. Alt den svensk-amerikanske songaren og fagforeiningsmannen Joe Hill, som enda livet sitt i galgen, såg det enorme potensialet som kunne liggje i song og musikk for sosial mobilisering mot samfunnsmessig urettvise. Men tilbake til spørsmålet: Kvar har det blitt av alle blomane?

Det er ikkje ofte ein finn psykologar som underskrivarar på politiske opprop, du ser dei sjeldan i demonstrasjonstog og på barrikadane elles, og dei skriv i liten grad lesarinnlegg

Dersom vi går nokre tiår attende i tida, skjedde det ei nokså allmenn politisering og radikalisering av studentar og intellektuelle over store delar av verda, også her til lands. Opprørsånda fekk likevel aldri rotfeste i norsk arbeidarrørsle og blant folk flest. Vi talar her om «68-arane». Den politiske oppvakninga var eit samansett fenomen. Det fanst sekterisme, ekstremisme, meiningsterror og mangt anna på denne tida. Men det var likevel berre ein liten bit av denne rørsla. Dei fleste av dei unge radikalarane på denne tida var genuint opptekne av fred og nedrusting, solidaritet med undertrykte og underprivilegerte, miljøspørsmål, demokratisering og sosial rettferd. Det var eit valdsamt engasjement og titusenvis brukte mykje av fritida si på å kjempe for slike saker og verdiar i organiserte former. Denne forfattaren høyrde til desse grasrotaktivistane, og fekk jamvel dokumentert dette i ei mappe frå POT (no PST), der eit lesarinnlegg mot USA si terrorbombing med napalm i Vietnam låg fremst. 20 000 kroner (skattfritt) vart utbetalt som plaster på såret for denne ulovlege overvakinga. Engasjementet var ikkje minst sterkt blant norske psykologar og psykologistudentar på denne tida. Men så vart alt så stille …

Er verda blitt annleis, og betre? Mangt har endra seg, og mang ein gammal urett er borte. Men på andre måtar er det med det same, og jamvel verre.

I dag står det NATO-soldatar i Irak og Afghanistan; i sistnemnde land deltek det jamvel norske soldatar i uniform og med våpen i hand. Opprustinga går vidare, og lagra av masseøydeleggingvåpen veks. For berre brøkdelar av dei pengane som går med til militærutgifter, kunne millionvis av liv ha vore berga i den tredje verda. Livet på jorda er truga av eit økologisk ragnarok. Lagerressursane er i ferd med å bli tappa ut; olje og gass har naturen brukt millionar av år på å skape. Vi tømmer matfatet for dei som kjem etter oss. Luft, vatn og jord vert forpesta. Den globale oppvarminga er ein levande realitet som mest ingen nektar for. Sjølv om store folkemassar har komme ut av fattigdommen, ser vi også at skilnadene mellom rike og fattige er veksande, både her til lands og internasjonalt. Dei tre rikaste menneska i verda råder over ein samla formue som svarer til det den fattigaste milliarden eig av gods og gull.

Men kvar er norske psykologar sitt engasjement i forhold til slike spørsmål? Eg tenkjer her på ueigennyttig og organisert kamp for ei betre verd, og talar her ikkje om engasjement som er innretta mot klientar, eigne interesser i utvida tyding (til dømes lønsforhandlingar, arbeid for ein betre skule for eigne barn o.a.), velgjerd eller om å «arbeide på systemplanet» per se. Alt dette er vel og bra, men det er noko anna enn det samfunnsengasjementet som eg etterlyser.

Ein amerikanar som eg aldri har funne referanse på – namnet er Brown, og då vert det nyttelaust med eit Google-søk – har laga ein indeks med tolv ledd, som skal fange opp kva som kjenneteiknar menneske som er «committed» eller «involverte»; vi kan vel omsetje det med engasjement. Slike personar har følgjande kjenneteikn: a) Handlar direkte i forhold til den aktuelle saka/verdien. b) Bruker mykje tid på dette. c) Har mykje kunnskap om saka/verdien. d) Har halde ved like ei interesse for dette over lang tid. e) Vert ikkje lett distrahert eller avleidd frå saka/verdien. f) Framheld at andre burde vise tilsvarande interesse for dette, og vurderer dei deretter. g) Viser sterke kjensler eller uro når saka/verdien vert diskutert. h) Reagerer sterkt eller endrar åtferda drastisk i kritiske periodar med framgang eller tilbakegang. i) Held på synet sitt trass i sterk motstand. j) Har eit veldefinert standpunkt om saka/verdien. k) Er medlem av ei eller fleire grupper som er opptekne av det same. l) Tildeler saka/verdien ein sentral plass i livet.

Så kan jo den einskilde poengsetje sitt eige samfunnsengasjement på grunnlag av indeksen over; somme vil skåre 0, andre 12. No er det ikkje alt engasjement som er av det gode. Eg trur Georg Johannesen har sagt noko slikt som at han ikkje kunne fordra engasjerte personar, i det han la til: Og særleg engasjerte nynazistar. Lista over vil sikkert utløyse ulike reaksjonar; somme ser for seg menneske som er trufaste og prinsippfaste, andre vil oppfatte slike menneske som sta og fanatiske. For at eit engasjement skal vere verdifullt, må det ikkje vere av det fastlåste og statiske slaget, men heller ikkje fullstendig flytande og plastisk. Verda er i stadig endring, men visse mønster går igjen, og somme grunnverdiar bør ein kunne stå fjellstøtt på. Engasjement bør heller ikkje føre til moralisering og intoleranse. Det samfunnsengasjementet som eg etterlyser, er heller ikkje av det absolutte og altoppslukande slaget, som hos Brand av Ibsen. Men det burde kunne liggje noko imellom ein slik Brand-figur og motpolen: den totalt indifferente samfunnsborgaren av postmodernistisk tapping. Det er ikkje alle som kan vere ein Nelson Mandela eller Ole Kopreitan, men fleire burde kunne bruke i alle fall nokre brøkdelar av fritid og lommebok på eit gjennomtenkt samfunnsengasjement.

Særleg vert eit slikt imperativ tydeleg dersom vi nærmar oss psykologar sine særskilde verksemdsområde. Vi veit til dømes at det i stor grad er mellomklassen som nyt godt av psykoterapitilboda hos privatpraktiserande psykologar. Men vi veit også at det er dei fattige som treng dette mest. Fattige har den dårlegaste helsetilstanden; dei døyr mange år tidlegare enn dei meir velsituerte, og er sjukare på mest alle diagnosekategoriar, også når det gjeld psykisk helse.

Står det verkeleg så dårleg til med samfunnsengasjementet til norske psykologar i dag? Eg saknar her sikker empiri, men trenden som eg har skildra over, kan vel ingen nekte for. Dersom ein samanliknar med andre yrkesgrupper, har eg også eit inntrykk av at psykologane høyrer til dei som er mest passive politisk (eg nyttar her «politisk» i ei vid tyding). Det er ikkje ofte ein finn psykologar som underskrivarar på politiske opprop, du ser dei sjeldan i demonstrasjonstog og på barrikadane elles, dei skriv i liten grad lesarinnlegg i aviser om slike emne, og dei figurerer nesten aldri på politiske lister ved val. Denne tilbaketrekkinga er paradoksal, for psykologar har gode føresetnader for å analysere subjektive aspekt ved samfunnsproblem, anten dette måtte gjelde krig–fred, miljøproblem eller anna. Psykologrøysta er knapt høyrbar. Men det finst heldigvis unntak; somme av desse reknar eg som mine beste vener.

Det vil her føre altfor langt å analysere mogelege grunnar til dette svekte samfunnsengasjementet blant psykologar. Dette er jo eit allment trekk i vår del av verda, og kan forklarast på mange ulike måtar. Eg lyt nøye meg med å konstatere dette, og etterlyse ein ny giv. Samfunnsengasjement gjev ikkje økonomisk utteljing, og er neppe spesielt gunstig i karriere-/CV-samanheng. Dersom vi legg økonomane sitt menneskesyn til grunn, economic man, vert mennesket motivert av utsikter til eiga personleg vinning; vi er alle nytingsorienterte egoistar! Kan hende har også psykologar internalisert ein slik tenkemåte og mentalitet, men er det dette som gjev ekte livsinnhald og meining med livet? I dei greske bystatane i antikken vart dei som ikkje brydde seg med å engasjere seg samfunnsmessig kalla idiotar. Men er idioti noko å trakte etter?

Kva vert svaret på spørsmålet i overskifta? Eg veit ikkje; kanskje lyt vi låne orda til ein annan kjend protestsongar, Bob Dylan: The answer, my friend, is blowin’ in the wind, the answer is blowin’ in the wind. Kanskje talar vi her om ein (i hovudsak) tapt generasjon. Men det vil komme nye vårar, og det vil vekse fram nye blomar i form av samfunnsengasjerte menneske, også blant psykologar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 6, 2008, side 778-779

Kommenter denne artikkelen