Du er her

Sjukmeldingsrett med hjartevarme

Publisert
1. desember 2008

Kjell Underlid, denne månedens kronikkforfatter, er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Sammen med Ingunn Skre, Anne Skard, Peder Kjøs, Magne Raundalen og Marit Netland er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gang: Ingunn Skre.

Frå nyttår vil opp mot fem hundre norske psykologar få retten til å sjukmelde. Den nye prøveordninga har fått sterk tilslutning i høyringsrunden, og Norsk Psykologforening jublar. Det vert framhalde at psykologar har viktig kompetanse på dette området, at yrkesgruppa vår vil bidra til at klientane finn løysingar på krevjande livssituasjonar, og at psykologar på konstruktivt vis kan hjelpe folk til å finne attende til arbeidslivet.

Mange som tidlegare ville fått sin uavkorta uførepensjon, vert no vege og målt i jakta på restarbeidsevne

I ein leiarartikkel i Tidsskriftet sist sommar understrekar presidenten i psykologforeininga, Tor Levin Hofgaard, kor viktig det er for menneske å vere i lønt arbeid. Han skriv at mange av oss nesten alltid har det betre på jobb, og at dei som har lønt arbeid, lever lenger, er friskare og generelt sett er vinnarar på alle livsområde. Men høvet til å kunne friskmelde er viktigare enn å sjukmelde, meiner presidenten. Isolasjon, tilbaketrekking og passivitet er unaturleg for menneske, flokkdyr som vi er. Sjukmelding kan vere ei bjørneteneste. Trua på at fråvere frå arbeid er helsefremjande, er misforstått, og arbeidsdeltaking er ein viktig salutogen faktor i psykisk helsevern. Hofgaard avsluttar med følgjande appell: Sjukmeldingsarbeid må ha eitt hovudfokus, nemleg å få pasienten frisk og tilbake i samfunnet snarast mogeleg. Altså, full støtte til regjeringa si arbeidsline.

Vel og bra så langt. Arbeid er sælebot for kropp og sjel, og har viktige sosialintegrative funksjonar. Og sjølvsagt er det bra at psykologar no kan sjuk- og friskmelde. Denne hyllesten til arbeidet vert elles som eit ekko av mine eigne posisjonar tidlegare. Eg meiner framleis at arbeidet adlar mannen (og kvinna), og at arbeid (saman med naturen) er kjelda til all velferd. I 1986 disputerte eg for dr.philos.-graden på ei avhandling om psykososiale konsekvensar av arbeidsløyse, og gav ut bok om same emne i 1992. Det er solid forskingsmessig grunnlag for å hevde at det er samanhengar mellom arbeidsløyse og psykiske plager. I avhandlinga mi identifiserte eg fire forhold som kan forklare desse samanhengane: Vanskar knytte til økonomi, verksemd, mellommenneskelege relasjonar og framtidsperspektiv. Studien min var basert på intervju av 213 arbeidslause i Hordaland.

Med utgangspunkt i eiga og andre si forsking kan ein rekne opp ei rekke negative avspekt ved arbeidsløysesituasjonen. Dette har samanheng med arbeidet sine funksjonar: Pengar som ein har arbeidd for; aktivitet; variasjon; tidsstruktur; sosial kontakt; status og identitet. Men yrkespassivitet kan likevel tyde så mangt for den einskilde, avhengig av tidlegare liv, aktuell livssituasjon, privatøkonomi, helsetilstand, sosialt nettverk og interesser.

Men midt opp i all denne lovprisinga av arbeidet, og gleda over sjukmeldings- og friskmeldingsretten, kan det vere grunn til å nyansere noko og reise motførestellingar. Det er liten tvil om at den nyvunne retten har samanheng med den såkalla arbeidslina. Det er tydeleg at politikarane vonar at psykologar i mindre grad enn legane vil praktisere ein slags «snillisme» på dette området. Situasjonen er at 700 000–800 000 menneske i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet (og utdanningssystemet). Dette er ein samlekategori av uføretrygda, arbeidslause, langtidssjukemelde og personar som er på attføring/rehabilitering. I ei tid då det vert stramma inn på dei sosiale velferdsordningane etter råd frå «presteskapet» i OECD og inspirert av neoliberalistiske straumdrag som hyllar minimalstaten, vert dei som står utanfor arbeidslivet, i stadig større grad sett på som ein uproduktiv utgiftspost, og det blir tatt til orde for at ein bør stille strengare krav for å få slike ytingar.

Det finst mange døme på at arbeidslina vert praktisert på ein nokså hjartelaus og firkanta måte. Mange som tidlegare ville fått sin uavkorta uførepensjon, vert no vege og målt i jakta på restarbeidsevne. Ein del vert sett på ymse former for kortvarige arbeidsmarknadskurs som dei opplever som meiningslause, og som ikkje fører dei vidare i livet. Dei vert utnytta som billeg arbeidskraft, og vert ein pariakaste på arbeidsmarknaden. Som Garraty skriv i ei bok om arbeidsløyse i historisk perspektiv, så er det slik at arbeidskjøparar i økonomiske oppgangstider nærast spring etter dei «blinde og døve». I nedgangstider er desse dei første som lyt gå. Det er mogeleg å sjå arbeidslina i eit slikt perspektiv, særleg i tider da høgkonjunktur vert avløyst av økonomiske nedgangstider i samband med finanskrisa.

Ei anna side ved arbeidslina er at ho er nokså einsidig. Fokuset er å «gjere noko» med dei yrkespassive for å innlemme dei i arbeidslivet. Men arbeidslivet blir det i praksis gjort lite og ingenting med. Då vert arbeidslivet som den velkjende prokrustessenga; dei som er for lange, får beina kutta av, dei som er for korte, vert strekte ut. Inkluderande arbeidsliv er eit vakkert honnørord, men det er utstøyting- og utestengingsmekanismane i arbeidslivet som i stor grad forklarer at fleire hundre tusen står utanfor. Difor skulle ein vere meir oppteken av å «diagnostisere» og «behandle» arbeidslivet, og føreslå den rette «medisinen» der. Viktige stikkord er arbeidsmiljø og arbeidstakarrettar.

Lat oss vende attende til arbeidet sine velsigningar. Dersom vi set likskapsteikn mellom arbeid og det gode liv og framhevar dette sterkt i det offentlege rom, risikerer vi også å seie at Per eller Kari som står utanfor, lever eit usselt og lite meiningsfullt liv. Dette kan gjere livsbøra deira endå tyngre å bere. Den danske psykologen Benedicte Madsen framheld at eit arbeid kan vere fremjande eller hemmande for personleg utvikling; meiningsfullt eller meiningslaust; prega av innverknad og kontroll eller av maktesløyse; ansvarsfullt og sjølvstendig eller lite ansvarsfullt og ikkje sjølvstendig. Difor vert lovprisinga av arbeidet lett abstrakt retorikk frå ein mellomklasseposisjon.

No har det seg slik at retten til arbeid er slått fast både i Grunnlova og i SN si menneskerettskunngjering. I ein norsk kontekst anno 2008 vil eg formulere parolen slik: Alle som kan og vil, har rett til eit lønt arbeid som innfrir allment aksepterte standardarar i det norske samfunnet.

Sjuk- og friskmeldingsretten er viktig, men han må brukast med fornuft og hjartevarme. Arbeid og yrkespassivitet – permanent eller midlertidig – kan vere så mangt. Velferda til folk må alltid vere viktigare enn omsynet til profitt og budsjettbalanse. Vi psykologar må interessere oss mykje meir for utstøytings- og utestengingsmekanismane i arbeidslivet. Vi må i alle fall ikkje bli nyttige idiotar for dei ukritiske arbeidslineapostlane.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 12, 2008, side 1532-1533

Kommenter denne artikkelen