Du er her

Nytt liv til gamle utgåver

Utover våren vil det skje store ting på www.psykologtidsskriftet.no. Tusenvis av artiklar blir gjort tilgjengelege for alle lesarar.

FOTO: ARNE OLAV L. HAGEBERG

Vi er nemleg godt i gang med å legga ut tidlegare årgangar på nettsidene våre. Først ute er stoffet frå 2008. Store delar av denne årgangen har ikkje vore tilgjengeleg på nett før, men no er den komplett. Vi jobbar oss bakover årgang for årgang. Målet er å ha publisert alt tilbake til 2000 før sommaren er over.

Alle gamle nummer som blir lagt ut, vil vera utan sperring, det vil seia at alle som har ein nettlesar både kan lesa det og lasta det ned som pdf-filer. Slik styrker vi posisjonen vår som den viktigaste kjelda til kvalitetssikra fagstoff og journalistikk om psykologi på norsk – for alle som er interesserte.

Les i maiutgåva om psykologi i kreftomsorga, og sjå reportasjen frå då Tidsskriftet besøkte den engelske lågterskelsatsinga IAPT. I nummer ni skriv Peder Kjøs om svogertesten, og vi har ein stor reportasje frå ekteparet Moser sitt framifrå hjerneforskingsmiljø i Trondheim. I juliutgåva har vi stoff om tv-serien In Treatment og storfilmen Atonement. Og Bjørnar Olsen sitt skråblikk «Bill.mrk: Klient søker psykolog» går allereie sin sigersgang på Twitter.

På sikt er målet å få digitalisert alle dei snart 50 årgangane, så det kan løna seg å ta ein kikk innom «Tidligere utgaver» og skrolla seg nedover med jamne mellomrom. Det er bare ein ting å seia: Fråss i veg! Og del gjerne vidare.

WWW.PSYKOLOGTIDSSKRIFTET.NO

  • Ein leiande fagbase for psykologisk forsking på norsk
  • Rundt 1500 artiklar relatert til heile breidda av faget
  • Alle nye nummer av Tidsskrift for Norsk Psykologforening blir lagt ut, ogfritt tilgjengelege for alle etter seks månader, for abonnentar frå dag ein
  • Har i dag rundt 40 000 besøk i månaden. Aukar med rundt 2500 kvar månad

Tidsskriftet

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 4, 2012, side 416

Kommenter denne artikkelen