Du er her

Lys film om innvendig mørke

Sjølv om han dekker vindauga med gardiner, tepper og tape, blir det alltid ei glipe der det nådelause lyset frå midnattssola finn fram til politimannen i senga. Den som syndar, søv ikkje.

Publisert
10. april 2007

MANUSFORFATTAR: I arbeidet med filmen Insomnia, måtte Nikolaj Frobenius leva seg inn i sinnet til den søvnlause mordaren.

Filmen Insomnia kom første gong ut i 1997, med skodespelarar som Stellan Skarsgård, Sverre Anker Ousdal, Bjørn Floberg, Gisken Armand og Maria Bonnevie på rollelista. Den blei godt motteken, mellom anna på filmfestivalen i Cannes, noko som resulterte i amerikansk nyinnspeling fem år seinare, denne gongen med Al Pacino, Robin Williams og Hilary Swank.

Skarsgård og Pacino

Dei to filmane er basert på same manuskript, skrive av nordmennene Erik Skjoldbjærg og Nikolaj Frobenius. Skjoldbjærg regisserte i tillegg originalversjonen, medan Christopher Nolan tok seg av den amerikanske.

– Til å vera ein remake, er den amerikanske ganske lik den norske, seier Frobenius.

– Men sjølv om filmane inneheld stort sett dei same scenane, viser regissørane sine lynne seg i ulik temperatur og små endringar, især i det taktile.

Noko anna som er med på å prega dei to Insomnia-utgåvene sterkt, er dei ulike hovudrolleinnehavarane, Stellan Skarsgård og Al Pacino.

– Hovudpersonen kjem oppi eit etisk dilemma som synest uråd å løysa. Dei to skodespelarane viser det veldig forskjellig, seier Frobenius.

– Skarsgård er ein typisk klassisk skodespelar med ein såkalla method actingstil. Han er reservert og kjølig, og får veldig godt fram det nordiske lynnet. Der han jobbar med små nyansar og slepper ut lite kjensler, har Pacino ein typisk amerikansk spelestil – meir teatralsk, med store fakter og utbrot. Han måler med ein røffare pensel.

Frie agentar

Filmen Insomnia handlar om KRIPOSetterforskaren Jonas Engström (Stellan Skarsgård) som saman med kollegen Erik Vik (Sverre Anker Ousdal) kjem til ei lita bygd i Nord-Noreg for å hjelpa det lokale politiet med etterforskinga av mordet på ei ung jente. Det er sommar og midnattssol, og søringen Engström får ikkje blund på augo. Svensken har smugla med seg Husquarna-pistolen han er vand med å bera i tenesta. Under ei jakt på mordaren i skodde og uoversiktleg terreng kjem han i skade for å skyta Vik. Han gjer eit fatalt val og lèt vera å fortelja sanninga. I staden skuldar han på mordaren, men denne ringer Engström og seier at han såg politimannen skyta partnaren, noko som for Engström leier til ein kamp mot sanninga, samvitet, midnattssola, søvnløysa og eigne demonar.

OFFER OG DRAPSMANN: Stellan Skarsgård speler KRIPOS-etterforskaren Jonas Engström (til høgre) som i vannvare skyt kollegaen Erik Vik (Sverre Anker Ousdal). Biletet er henta frå filmen.

– Tidleg i arbeidet med manus formulerte Erik og eg nokre idé-teser som vi arbeidde ut frå. Ein av desse var eit Kierkegaard-sitat: «Det inneslutta er det demoniske». Engström stenger seg inne bak masker og fasadar. Det er ikkje lenger ein naudsynt samanheng mellom den han er og den han står fram som, og frie agentar – som sex, makt og begjær – boblar under overflata. Undersida, det driftsstyrte, kokar over og kjem fram når presset blir stort og han ikkje får kvilt seg, forklarar Frobenius.

– Alle har jo i periodar hatt søvnproblem. Ein merkar snart at det å bli frårøva søvn kan vera dramatisk i høve til sjølvkontroll. Ein har ikkje det same «haldet» på seg sjølv. Ein kan bli oversensitiv og irritabel. Harmonien til omverda endrar seg, og andre sider, som morbiditeten og dødsfascinasjonen, piplar fram og blir meir utilsløra.

Film blanc

– Insomni-motivet kom inn ganske tidleg i prosessen. Den første synopsisen inneheldt tre moment: politimannen som skyt ein kollega, at han lyg om det, og at han som ein konsekvens av dette mister søvnen. Det var dette som leia til den nye visuelle stilen som Erik Skjoldbjærg utvikla. Det er ein slags film blanc, ein lys film noir. Lyset blir brukt som ein ekvivalent til skuggen, og dagen og klårheita blir ein påtrengande storleik.

Forfattaren er tydeleg interessert i søvnløysa som fenomen, og snakkar om korleis hjernen i ein slik situasjon saknar eit pusterom der det irrasjonelle kan finna stad. Slik dukkar det heller opp som hallusinasjonar.

I framkant av Insomnia laga Frobenius og Skjoldbjærg nokre filmar for Nasjonalt Kompetansesenter for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi. Forfattaren synest å hugsa at dei tok oppdraget fordi dei såg at det var relevant for spelefilmen dei jobba med.

– Vi drog rundt og snakka med søvnforskarar og med menneske som var plaga med søvnlidingar, seier Frobenius.

Han hugsar mellom anna ei kvinne som opplevde mikrosøvn.

– Ho hadde sovna då ho var ute og køyrte bil, og vakna på ein ukjend stad utan å vita korleis ho kom seg dit. Ho opplevde òg hypnagoge tilstandar der ho vakna utan å vera i stand til å bevega kroppen, medan ho hallusinerte og såg ting i rommet som ikkje var der.

I filmen blir Engström redd for å sova, fordi det dårlege samvitet gjer at han i hallusinasjonar ser kollegaen koma tilbake.

– Den dårlege søvnen blir eit slags monster på innsida, seier forfattaren.

Speler med augo

Forfattaren Nikolaj Frobenius har skrive dikt, skodespel og fleire romanar. I tillegg til Insomnia har han òg laga manus til filmane En folkefiende (2005) og Øyenstikker (2001). For tida skjøttar han vervet som langfilmkonsulent i Norsk filmfond.

Han fortel at skodespelarar ofte blir knytt til filmar svært tidleg i prosessen. I Hollywood er dette visstnok ein føresetnad for å få finansieringa av prosjekta i hamn. Naturleg nok blir då også manuskripta tilpassa dei som skal fylla rollene. Dette var òg tilfellet med den norske versjonen av Insomnia. Ei tilbakevendande scene i filmen viser Engström som opplyst av midnattssola ligg og vrir seg i senga utan å få blund på augo. Det kan høyrast keisamt ut, men er mellom dei beste partia i filmen.

– Stellan Skarsgård er ein fantastisk skodespelar som kan seia veldig mykje bare med augo, seier Frobenius.

Insomnia var det første filmmanuset til Frobenius som vart realisert. Som fersk manusforfattar var samarbeidet med svensken svært lærerikt.

– Vi enda opp med å stryka ei masse dialog fordi den blei overflødig. Vi kunne skjera det vekk fordi Skarsgård uttrykte det same bare med gestar.

Utestengd

– Kva assosiasjonar har du til søvnløysa som metafor?

– Ein person som er ekskludert frå noko. Det finst eit menneskeleg fellesskap i søvnen som er knytt til positive ord som ro og kvile. Den søvnlause er forvist frå denne fellesskapen. For Engström er søvnen knytt til noko negativt. Han har kryssa ei grense for politimannen sitt regelverk. Slik har han òg mist den moralske fellesskapen. Han er på utsida både eksistensielt og søvnmessig. – Kva tenkjer du? spør Frobenius tilbake.

– Då eg såg filmen, kom eg i tankar om at Engström si søvnløyse kan bli eit symbol for søvnløysa som alle opplever når det vonde blir for påtrengande, anten det er vonde tankar, opplevingar eller handlingar. Til kvar tid er det nokon på kloden som ikkje får sova – som tilsvar til det konstante trykket frå vondskapen i verda.

– Eg trur ikkje nødvendigvis det handlar om korleis verda er. Søvnløyse handlar meir om dei indre konfliktane, som gjerne kan vera bitte små bekymringskonflikter av typen: «Tenk om det kjem så mykje snø i natt at eg ikkje får ut bilen!» Dei store bekymringane, som kvifor det er så mykje krig i verda, er ofte internaliserte i dei små. Vi møter alle vondskap. Likevel har vi det stort sett ganske godt. Problema oppstår når vondskapen blir eit symbol for mitt eige liv. Det er sjeldan folk ligg søvnlause og grundar på Guds eksistens eller krigen i Irak. Søvnløysa har utspring i det uakseptable i mitt eige liv. Hos Engström kjem det til syne i ei form for mental overoppheting. Til slutt maktar han ikkje eingong å sjå for seg moglegheita av å sova.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 4, 2007, side 457-459

Kommenter denne artikkelen