Du er her

Endrar livsstil over langs

Det har vore ein livsstil – ikkje ein jobb, seier æresmedlem, tidlegare leiar, generalsekretær og «landsmøtejunkie» Sverre Leonhard Nielsen om åra i Norsk Psykologforening.

Publisert
1. juli 2007

KONGRESS-EKSPERTEN: Sverre Nielsen held fram med å halde i viktige trådar, og arbeider no med å arrangere den europeiske psykologikongressen i Oslo 2009.

Ein samtale med denne mannen handlar gjerne om tre ting samstundes: det som er, det som var, og det som skal koma. Ikkje det at han verkar rotete. Tvert om, den tidlegare forsvarsoffiseren og generalsekretæren er alltid ulasteleg kledd og frisert, og snakkar eit ryddig og avmålt bergensk. Nei, det er perspektivet hans som er trefasa: med eit vaktsamt blikk på samtida, positive visjonar for framtida og god jording i fortida.

Fem på topp

I vår gjekk Nielsen av med pensjon frå stillinga som seniorrådgjevar i Norsk Psykologforening, ein posisjon han fekk etter 18 år som leiar og generalsekretær same stad.

– Eg har alltid innbilt meg at ting heng saman, svarar han då vi ber han nemna det viktigaste han har fått vera med på gjennom åra i Psykologforeningen.

– Så det må bli ei topp-fem-liste, held han fram.

Der har vi det igjen. Eitt perspektiv er for lite. Tre er bra. Fem er best.

– Det første var då Psykologforeningen i 1984 bestemte seg for å frikjøpa ein leiar på full tid. Det var ein føresetnad for alt det vi fekk til etterpå. Samstundes vedtok landsmøtet ei omorganisering med ei klar todeling i ein fagforeiningsdel og ein psykologfagleg del. Dette var viktig. Det andre var utviklinga frå 1985 til 1987 av ei mykje betre spesialistordning. Det tredje var at vi fekk eit profesjonelt sekretariat som til kvar tid kunne «serve» dei politiske prosessane og i større grad få innverknad på forhandlingssektoren.

Som fjerde punkt på lista nemner Nielsen samarbeidet med universiteta i Tromsø og Trondheim rundt opprettinga av nye profesjonsstudium i psykologi, og det siste punktet handlar òg om utdanning av psykologar.

– Det var at vi greidde å stå imot då Gudmund Hernes ville kutta lengda på profesjonsstudiet til fem år, frå tidlegare seks år i Bergen og sju i Oslo. Eg trur det har vore avgjerande for utviklinga av profesjonen at vi aldri har firt på kvalitetskrava. Ei god utdanning gjev legitimitet til profesjonen, noko som fører til at fleire blir behandla av psykologar. Dette gjer igjen psykologar meir ettertrakta, og i siste instans ser ein det også på at løna aukar, seier Sverre Nielsen, som understrekar det særmerkte i at norske psykologar har same status som psykiaterar innanfor psykisk helsevern. Dette er dei åleine om i Europa.

Den som ikkje sa nei

Tanken om å bli psykolog dukka tidleg opp hjå Sverre Leonhard Nielsen. Begge dei eldre søstrene hans byrja å jobba med personar med psykiske utviklingshemmingar. Dei blei tilsette på institusjonar som vaks ut av den antroposofiske rørsla, og introduserte ungguten Sverre for forfattarar som Jens Bjørneboe, Ernst Sørensen og André Bjerke.

– Eg har aldri vore antroposof, men blei oppteken av den samfunnskritiske sida av rørsla, fortel han.

Etter gymnaset venta militæret, og Sverre Nielsen byrja på befalsskulen. Etter fleire år i forsvaret vart Sverre Nielsen student på det første kullet med psykologar som blei uteksaminert frå Universitetet i Bergen i 1973.

Utanom Psykologforeningen har Sverre Nielsen hatt to arbeidsplassar som psykolog, begge innanfor rusomsorga: først fem år på Hjellestadklinikken, så fem år i ungdomsteamet ved Sandviken sykehus. I tillegg jobba han to år for sosialdepartementet med å leia ein haldningskampanje mot rus. På denne tida sat han i eit styre saman med Harald Rønning, som på vegne av valkomiteen i Psykologforeningen var på jakt etter ein leiarkandidat. Då han etter eit møte oppdaga at Nielsen ikkje lenger måtte springa til flyet for å reisa heim til Bergen – han hadde nett flytta til Oslo for å følgja opp haldningskampanjen – utbraut Rønning: «Ja men då kan jo du bli leiar!» Ifølgje Sverre Nielsen var han den som til slutt ikkje sa nei.

Han kallar jobben ein livsstil, og fortel om tallause seine kveldar med påfølgjande overnattingar på kontoret.

NY ARENA: På leiarkonferansen i juni lanserte Sverre Nielsen tanken om eit framtidig Norsk Psykologiforbund, eit overordna organ og ein arena for fagpolitisk samarbeid mellom psykologar og masterar i psykologi.

Syretesten

I byrjinga då han starta i Psykologforeningen, hadde han ein tanke om å halda seg fagleg oppdatert, noko han snart måtte gje opp. Likevel har han aldri opplevd negative haldningar frå andre psykologar fordi han hadde kome litt bort frå faget.

– Men folk har jo vore ueinige med meg. I ein organisasjon må ein til kvar tid rekna med at om lag 20 prosent er usamde med det ein sjølv står for. Er det mindre eller meir enn dette, bør ein ana uråd. Dessutan reiste vi alltid mykje rundt og besøkte lokalavdelingane, noko som gav god kommunikasjon og nærleik til medlemene, seier den tidlegare leiaren og generalsekretæren, som ikkje har gjeve frå seg alle leiarverv enno.

– No jobbar eg med å arrangera den europeiske psykologikongressen som skal gå av stabelen her i Noreg i 2009. I tillegg er han framleis involvert i sertifiseringsarbeidet av testar og testbrukarar innanfor det arbeidspsykologiske feltet, eit av hjarteborna hans. Ei anna side ved psykologien som han stadig vender tilbake til, er fagetikken.

– Den er syretesten på kva for profesjon vi eigentleg er, seier han og tenkjer tilbake til den ekstreme situasjonen i januar 1992, då det kom fram at Norsk Psykologforening sin leiar hadde hatt seksuell omgang med to pasientar.

– Det var den gongen VG og Dagbladet hadde nøyaktig same framside, hugsar Nielsen.

– Saka rulla og gjekk i media i nesten to veker. Men i løpet av den tida blei det aldri trykt eitt negativt ord om Psykologforeningen eller psykologar generelt, sjølv om det kom fram mykje stygt og mange skjelett or skapa i etterkant.

Sverre Nielsen trur dette i stor grad kom av fokuset på fagetikk.

– Det er den vimpelen eg held høgast, konkluderer han.

Grein på rommet

Det første vervet til Sverre Nielsen var i noko som heitte Psykologforeningen sitt distriktsutval. Her kom han inn i 1980, og opplevde frå dag ein korleis sentralstyret og lokalavdelingane ofte har ulike oppfatningar om saker. Men slettes ikkje alltid. Ein av dei største landsmøteaugneblinkane for Nielsen gjekk føre seg i 1983. Det var då den føreslåtte omorganiseringa av organisasjonen – ei sak han sjølv, først som meinig og sidan som generalsekretær, hadde jobba intenst med i over eitt år – gjekk igjennom utan protestar.

– Då gjekk eg på rommet og grein etterpå. I forkant hadde vi mellom anna besøkt alle lokalavdelingane og arbeidd veldig for å få skulepsykologane med oss. Det var på den tida nemleg stor fare for at dei ville gå ut av Psykologforeningen. Då omorganiseringa var eit faktum, skjøna eg at gjennom samarbeid let det seg gjera å finna gode løysingar, seier Nielsen, som synest Psykologforeningen i dag satsar for einsidig på kommunepsykologar.

– Slik eg ser det, har vi gjort meir for dei pedagogisk-psykologiske tenestene (PPT) enn vi har gjort for psykologane i PPT. Men med prioriteringar av ressursar må det vel bli slik. Vi har fått fantastisk mykje til innanfor helsevesenet, og mindre på andre område.

Vegen vidare

I byrjinga kalla eg han ein «landsmøtejunkie», og eg trur eg har belegg for denne litt uærbødige merkelappen. Sverre Nielsen får nemleg eit eige skin i augo når han snakkar om landsmøta i Norsk Psykologforening (som han i parentes merka har vore med på kvart og eitt av). Til hausten er det nytt landsmøte, med nye høve til kursendringar for Psykologforeningen. Vi spør han kva han meiner er den største utfordringa foreininga står føre.

– Å avklara tilhøvet til masterane i psykologi, utan tvil. Dersom vi, som nokon uttrykte otte for på leiarkonferansen i Sandefjord nyleg (sjå eiga sak s. 934), trur vi kjem til å bli opptekne av masterane, så tyder det på ein dårleg identitet.

Sjølv la Sverre Nielsen frå talarstolen fram tanken om eit framtidig Norsk Psykologiforbund som ein arena for fagpolitisk samarbeid mellom psykologar og masterar i psykologi.

– Eg snakkar ikkje om ei felles foreining, men om eit overordna forbund der utviklinga av psykologien og den psykologiske fagetikken er det viktigaste. Vi har erfaring med slikt profesjonsarbeid, og kan hjelpa masterane til å få det same. Og når det gjeld argumentet om at «dei er ikkje så mange, så vi treng ikkje tenka på dei», så har eg høyrt det same sagt før – om oss av psykiaterar.

Men det er lenge sidan no, den gongen då psykologane var ei marginal gruppe i norsk helsevesen og Sverre Leonhard Nielsen endå ikkje var blitt leiar og generalsekretær i Norsk Psykologforening.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 7, 2007, side 937-939

Kommenter denne artikkelen