Du er her

Når det tenkelege blir utenkeleg

Publisert
8. mai 2012

Den 22. juli 2011 fekk vi alle eit glimt inn i det utenkelege. Anders Behring Breivik viste det vi alle veit, men tvinger under fot kvar gong vi set ein nyvakna hæl på soveromsgolvet: Det er ikkje grenser for kva menneskesinnet kan romma.

For all del. Vi har sett det før. Gjennom historia har vi gong på gong blitt mint, av ein Nero, ein Djengis Khan, ein Hitler eller ein Joseph Kony. Vi veit det så godt, det er visst ikkje grenser for kva menneskesinnet kan romma. Det er bare å slå på tv-en ein tilfeldig valt kveld. Eller vi kan bildegoogla «holocaust» og «child soldier».

Eg fartar rundt i Oslo og ser korleis det eine urovekkande vakre byggverket etter det andre tar form rundt meg. Og eg tenker: Det er ikkje grenser for kor mykje vakkert vi menneske er i stand til å finna på og skapa. Det nye Astrup Fearnley-museet. Operaen. PWC-bygget. Heile sjøsida. Byen smilar til verda, opnar seg opp og byr inn oss som bur her og den som kjem reisande. Og då har dei ikkje eingong begynt på det nye biblioteket, eller Munch-museet.

Og som dei vakre bygga bygger ein by, bygger alle våre tankar menneskeheita sitt kollektive medvit. Det rommar alt: evna til å elska, blikket for det vakre, tankar om evig liv.

Arkitekturen er ein del av avantgarden. Den er estetisk nybrottsarbeid in the making. Om historia held det dei nye bygga lovar, kan vi her til lands venta oss store ting i dei neste femti til hundre åra, innanfor musikk, litteratur, biletkunst, film og teater.

Og midt oppi dette – der nokre tenker tankar om å bygga hus som er funksjonelle og vakre og intellektuelt utfordrande – kjøper andre kunstgjødsel og lagar bombe for å sprenga hus og kroppar i kvartal etter kvartal.

Vi har det siste tiåret sett menn i sin beste alder styra alminnelege rutefly fulle av passasjerar inn i verdas største bygningar så dei kollapsar. Austerrikske fedrar og bestefedrar låser jentene sine inne for å forgripa seg på dei i tiår etter tiår. Ein alminneleg norsk mann set foten på ei øy i Tyrifjorden med den tanken i hovudet at her skal han skyta ungdomar ned for fote. Så set han tanken ut i livet. Der andre tenker tankar om det vakre og samfunnsbyggande, riv desse ned og stel liv og håp. Der andre tenker tankar om kjærleik og foreining, tenker desse makt, behovstilfredsstilling og vald.

Og alt høyrer med. Er det tenkt, høyrer det med til vårt menneskelege medvit. Er det gjort, høyrer det med til vår menneskelege skuld.

Fordi summen av det som er menneskeleg mogleg, overlappar med summen av alle menneske sine tankar, også dine og mine. Det er ikkje eit klart skilje mellom oss og dei. Så enkelt er det verkeleg ikkje. Kor kjem den frå, all denne vondskapen? Er den monstrøs og umenneskeleg? Eller er den tvert om djupt menneskeleg? Og maktar vi i så fall å inkludera den i tankane våre om kva som er råd å tenka; kva som er tenkeleg? Er biletet vårt av den kollektive bevisstheita stor nok til å roma også dette?

Det finst ikkje ein einaste norsk psykolog som tenker som Breivik. Likevel – ikkje som ein parallell, men som eit tankekors – for eit par år sidan blei ein psykolog i Haugesund dømd etter eit av noregshistorias største beslag av bilete og videoar med overgrep mot born. Han var godt likt, han var aktiv i miljøet, han var ein av oss – ingen såg for seg at han dreiv med slike styggelege ting. Men han gjorde det – gong på gong. Han valde det vonde, gong på gong. All statistikk tilseier òg at det sit ein overgripar og les denne teksten no. Kanskje er det deg. Kanskje er det kollegaen din.

På seg sjølv kjenner ein andre, seier vi. Nei. På seg sjølv kjenner ein seg sjølv, og knapt det. Det ein blir kjent med når ein møter og ser andre, er endå ei side av det menneskelege kollektivet vi alle er ein del av. Kva rommar dette kollektivet? Og kva tilfører vi, kvar enkelt? Kva er sosialt akseptert å meina, og kva er det ikkje? Kva er eigentleg det der som ligg og lurar i mørket, i kottet under trappa mellom det som er lovleg å hevda og det som er råd å tenka?

Er ein kultur utan omgrep om vondskap ein god kultur, eller er det ein blind kultur?

22. juli 2011 fekk vi alle eit glimt inn i det tenkelege.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 5, 2012, side 480-481

Kommenter denne artikkelen