Du er her

Betre kontakt med samfunnet

Liv Jørgensen har fått seg ein jobb det er vits i. Ho skal påverka media og halda oppe presset mot politikarar og forvalting. Målet er å gjera Norsk Psykologforening til ein endå viktigare samfunnsaktør.

Publisert
1. februar 2006

VIL UT: Liv Jørgensen har i oppdrag å gjera Norsk Psykologforening meir synleg i det offentlege rommet.

Fram til for to og eit halv år sidan jobba Liv Jørgensen som journalist i Dagbladet. Då hadde ho vore der i 21 år.

– Tida var inne til å få litt «luft i luka». Eg hadde lyst til å greia meg sjølv, seier ho.

Etter ei tid med reising og frilansjobbing, fekk ho nyss om den nyoppretta stillinga som samfunnskontakt i Psykologforeininga.

– Det høyrtest spanande ut. Psykologi er eit veldig interessant felt – og på eit eller anna tidspunkt i livet vedkjem det oss alle.

Jørgensen hadde ikkje sjølv venta at ho skulle ta på seg ein slik jobb, men kjente at dette hadde ho lyst til å vera med på.

– Det er slikt som hender i livet, og som er litt deileg. «Dette er det vits i,» sa eg til meg sjølv. Det vert både spanande og utfordrande å skulle profilere faget og foreininga i det offentlege. Dessutan verkar dette som ein veldig hyggeleg arbeidsplass, seier ho etter ein månad i jobben.

Stort nettverk

– Kva kvalifiserer deg for stillinga som samfunnskontakt?

– Som journalist er eg vant til å ta meg fram og å forholda meg til ulike menneske. Eg har også ei naturleg nysgjerrigheit og er breitt orientert. Eg er oppteken av å følgja med på kva som hender, også politisk, sjølv om eg ikkje har skrive om politikk.

Gjennom åra i Dagbladet var Liv Jørgensen innom mange ulike stoffkategoriar. Ho jobba mykje med kulturstoff, og var i ein lengre periode reportasjeleiar i avisa sitt laurdagsbilag. Dei siste åra i Akersgata fekk ho ein markant posisjon som filmmeldar og -journalist.

– Eg trur ikkje denne stillinga først og fremst krev psykologisk kompetanse. Det er viktigare å få inn ein person som ser litt annleis på tinga. Eg har møtt mange menneske, og veit kvar mange sentrale samfunnsaktørar er. Det å ha kontaktar i pressa er heller ikkje dumt.

Kontinuerleg kontakt

Det er ikkje mange år sidan alle i medieverda ringte Berthold Grünfeld når dei skulle ha ein psykolog til å uttala seg. Nokon ringte kanskje også Magne Raundalen, men det var det. I dag er det mange psykologar som er tydelege i media, og aviser og tidsskrift har eigne spalter der lesarane kan spørja psykologen til råds.

– Vi er borte frå Klara Klok-modellen. Folk vil ha ordentlege svar. Aftenposten og Dagbladet har hatt svære tema om psykologi. Alt dette viser at interessa for psykologi har auka sterkt dei siste åra, og dette må vi gripe tak i, seier den nye samfunnskontakten.

– Psykologforeininga vert sjølvsagt teken med i høyringsrundar på saker som gjeld psykisk helse. Men eg har ei kjensle av at det må opprettast nærare kontakt med politikarane. Vi må overvaka og halda kontinuerleg kontakt. Sjå berre på Bellona. Det er dette Frederic Hauge har gjort sidan han var svært ung, han har aldri gjeve seg.

Også for medlemer

– Det er påverknad i det å koma på trykk og på tv. Legeforeininga er blitt ein kjempeviktig aktør i samfunnsdebatten. Det er ingen grunn til at Psykologforeininga ikkje skal bli det same. Faget er meir aktuelt enn nokon gong. Til dømes skuldast ein svært stor del av sjukemeldingane i arbeidslivet i dag psykiske vanskar.

Psykologforeininga er engasjert i tarifforhandlingar, helsepolitikk og andre store organisasjonssaker. Samstundes er den interesseorganisasjon for alt frå klinikarar til forskarar og arbeidspsykologar. For ikkje å snakka om alle dei ulike metoderetningane. Vi spør Liv Jørgensen korleis ho vil navigera i dette landskapet.

– Det blir mykje å setja seg inn i. Eg vil starta med å bli kjent med dei som held til her på kontoret i Oslo, og så får eg finne ut meir undervegs. Eg vil at Norsk Psykologforeining skal verta meir synleg også for medlemer. Frå sentralt hald er det ønske om at fleire i organisasjonen skal engasjera seg, til dømes ved å gå inn i leiarposisjonar. Det å informera og auka engasjementet hjå medlemane høyrer også til stillinga.

Born og unge

– Norsk Psykologforening må bli ein meir sentral aktør i samfunnsdebatten. Det skulle ikkje vera vanskeleg å få til. Avisene er glade for gode innlegg, seier Liv Jørgensen.

Som døme på debattar ein bør engasjera seg i, dreg ho fram diskusjonen kring born og unge.

– Det er forferdeleg å sjå korleis asylsøkjarborna blir behandla. Små ungar er overletne til seg sjølv, og lagnaden deira er heilt i det uvisse.

Jørgensen fortel at svært mange unge nyttar Internett til å tru seg anonymt til andre.

– Det at unge bloggar på Internett kan sjølvsagt vera eit døme på at dei har mange kanalar og ulike måtar å finna hjelp. Men det er utruleg trist å sjå at nokon skriv at dei kunne tenka seg å døy. Det er blitt meir akseptert å snakka om at psykiske lidingar finst, men framleis er det vanskeleg å stå fram og seie at ein er svak. Eg skulle ønska vi kunne vera med å visa at alle er svake i blant.

– Eg er så gamal at eg hugsar då Magne Raundalen og Åsa Gruda Skard var i media, seier 52-åringen.

– Dei gjorde ein kjempejobb med å gjera det akseptert å snakka offentleg om psykisk helse. Men sjølv i dag, over 30 år etter, er det veldig vanskeleg å få hjelp frå ein psykolog dersom ein treng det.

Verdas Helseorganisasjon hevdar psykiske plager er av dei lidingane som aukar mest i Vesten. Det skulle vera nok å ta tak i for den nytilsette samfunnskontakten.

Samfunnskontakt Liv Jørgensen kjem til å jobba tett saman med presidenten i Psykologforeininga. An-Margritt Aanonsen har lenge ønskt seg ein slik samarbeidspartnar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 2, 2006, side 155-156

Kommenter denne artikkelen