Logo: Tidsskrift for norsk psykologforening

Aktuelt

PDF-versjon av artikkel Del
Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 5, 2006, side 524-525 Relaterte saker

Vil organisera dei masterutdanna

I over 10 år har Norsk forening for Psykologiske Samfunnsvitere (NPS) vore ein samlingsstad for personar med hovudfag i psykologi. No tek dei nye steg for å koma dei masterutdanna i møte.

Vil organisera dei masterutdanna

I over 10 år har Norsk forening for Psykologiske Samfunnsvitere (NPS) vore ein samlingsstad for personar med hovudfag i psykologi. No tek dei nye steg for å koma dei masterutdanna i møte.

2006-05-524-01-c.jpg

NESTLEIAR: Jonas Vaag, Psykologiske Samfunnsvitere.

Tidleg på 90-talet vaks NPS fram som eit tilbod til dei som studerte hovudfag i psykologi ved Universitetet i Trondheim. I dag tilbyr dei eit fagleg nettverk og kurs for personar med hovudfag eller mastergrad i psykologi. Dei lyser òg ut ledige stillingar som er aktuelle for medlemene. Nokon fagorganisasjon er dette likevel ikkje; dei kan i dag ikkje forhandla om løn og rammevilkår. Men situasjonen kan fort bli ein annan dersom NPS i framtida skal organisera alle dei nye masterane som i desse dagar kjem ut frå universiteta.

Kjem masterane i møte

– Spørsmålet om ei eventuell utvikling til fagorganisasjon var eit viktig tema på årsmøtet vårt no i mars, fortel nestleiar i NPS Jonas Vaag.

– Det kan bli aktuelt å setja i gang ein prosess der vi byggjer opp organisasjonen med tanke på å bli fagorganisasjon. NTNU har til no vore den einaste utdanningsinstitusjonen som har gjeve tilbod om ei hovudfagsutdanning i psykologi retta mot forsking og næringsliv. No er det derimot i ferd med å opnast masterstudium i psykologi ved alle dei norske universiteta. For å visa at vi er eit reelt alternativ for desse, har årsmøtet vedteke at NPS etter sommaren endrar namn og profil. Norsk forening for Mastere i Psykologi er framsett som eit alternativt namn, fortel Vaag.

NPS er òg i gang med å knyta til seg ressurspersonar ved dei ulike utdanningsinstitusjonane. Målet å etablera lokallag ved alle universiteta, men dette er enda i startgropen, understrekar Vaag. – Styret opplever ei aukande interesse for NPS. Fleire og fleire melder seg inn, fortel nestleiaren.

– Har NPS planar om å bli ein fagorganisasjon?

– Årsmøtet vedtok at vi foreløpig vil halda fram som nettverksorganisasjon. Men den dagen vi ser det nødvendig å gå politisk inn i saker, kjem vi til å gjera det. EuroPsy er derimot ei sak vi gjerne kunne engasjert oss i allereie no, men så langt har vi ikkje høyrt eit einaste ord frå dei andre partane. Blir vi invitert, stiller vi gjerne med ein representant, frir Jonas Vaag.

Denne våren blir dei første kulla ferdige masterar i psykologi uteksaminerte frå BI, NTNU og UiO. Allereie no er det snakk om meir enn 150 nye personar med psykologisk kompetanse, og dette talet vil veksa år for år. Til hausten startar Universitetet i Bergen opp med mastergrad i psykologi. Ingen av dei andre universiteta har per i dag konkrete planar om å utvida tilbodet med fleire plassar og spesialiseringar innan psykologifeltet, men Tidsskriftet har fått signal som tyder på at dette kan endra seg.

Vil ikkje bli klinikarar

Nestleiaren i NPS erkjenner at det eksisterer ein identitetskrise blant dei psykologiske samfunnsvitarane.

– Nokre meiner vi burde ha rett til psykologtittelen, medan andre heller vil jobba for å utvikla ein eigen fagidentitet, fortel Jonas Vaag, men han legg til at det ikkje er mange av medlemene som ønskjer å bli klinikarar.

NPS har jamleg gjort undersøkingar blant psykologiske samfunnsvitarar for å kartleggja kva arbeid dei går inn i etter enda studium, lønsnivået i gruppa etc. Bare nokre få av dei om lag 450 personane som svara i 2005, var opptekne av at NPS burde jobba for lik «rett» til psykologtittelen.

Vaag understrekar at det høge karaktersnittet ved inntak til master er eit prov på at dei som vel studiet, gjer det fordi dei vil bli psykologisk samfunnsvitar, og ikkje som ein bakveg til klinisk psykologi. Den nemnte undersøkjinga frå 2005 syner at langt dei fleste psykologiske samfunnsvitarane er tilsette ved universitet, høgskular og forskingsstiftingar. 67 prosent av dei spurte hadde teke vidareutdanning, halvparten av desse i form av ein doktorgrad. Andre viktige arbeidsgjevarar er PP-tenesta og statleg forvalting.

Tal frå Norsk Psykologforening sitt medlemsregister viser ei heilt anna røynd. Kring halvparten av alle psykologar arbeider i helsesektoren. Nær ein av åtte jobbar som privatpraktiserande, medan staten sysselset kring ein av ti.

– Medan dei kliniske psykologane har kunne gå rett inn i skreddarsydde stillingar, har dei psykologiske samfunnsvitarane vore nøydde til å ta med psykologisk kunnskap ut på andre arenaer. Ivar Bjørgen, som er grunnleggjaren av Psykologisk institutt i Trondheim, kallar dei fyrste hovudfagsstudentane for pionerar og gode ambassadørar for psykologien. Ein påstand om at dei gamle cand.polit.-ane har eit underliggjande ønske om å bli kliniske psykologar, trur eg stikk desse langt inn i hjarterota, seier Jonas Vaag.

Til toppen av artikkelen