Du er her

Det luktar psykolog

Publisert
1. juni 2006

– Kva gjer du for tida?

– Eg jobbar i Tidsskrift for Norsk Psykologforening.

– Oi! No må vi passa oss. Du har vel snart diagnosen klar.

Eg har fått ny jobb, og folk er blitt redde. Eg har fått meg visittkort med NPF-fuglen vagla i øvre høgre hjørnet, og folk veg orda sine på gullvekt. Ein skulle tru det smittar som eit anna fugleinfluensavirus, eitt som har mutert slik at det kan gå på tvers av artar – som ikkje er avhengig av å finna eit nytt blågrått fjørkre – men som òg kan ta bustad i oss litteraturvitarar og andre dødelege. Som kan infisera jamvel oss som ikkje kan sjå rett gjennom folk. Vi som ikkje er i stand til, etter eit enkelt augnekast, å avsløra skilsmisser to generasjonar attende og draumar som ville kjøva kvar ein danna konversasjon.

Eg har fått ny jobb, og folk er blitt redde

For det er det folk trur om psykologar. Inst inne. «Folk» er redde for psykologar. «Folk» er redde for legar òg. Men meir for psykologar. Legar spelar med opne kort. Dei flaggar triksa sine så dei er synlege frå den eine til den andre enden av ein lang sjukehuskorridor. Legar har flagrande kvite frakkar, stetoskop kring halsen, otoskop i lommene og handgripelege kvite piller i bakhand. Psykiatrar er også greie å plassera. Dei held til på store institusjonar og tek seg av «dei andre». Dei som ikkje er som oss. Dei galne.

Med psykologar er det verre. Det finst ingen sikre kjenneteikn. Ein veit aldri kvar ein har dei. Brått og uventa dukkar dei opp: på jobbintervju, på Skavlan og i vekeblad. Og no altså òg via meg.

Det er kanskje ikkje så rart. Som litteraturvitar og bokmeldar har eg merka det sjølv. Det er noko med oss som gjev oss ut for å vita meir enn folk flest om det folk flest meiner seg best skikka til å vita mest om sjølve. Som kva som er ei god bok. Eller kva som er eit sunt reaksjonsmønster. Om dette vil ein ha siste ordet sjølv.

Eg las ein gong ei bok om fyndord. Noko var bra, som det om ikkje å gøyma pølsa i hundehuset – ein analogi til bukken og havresekken. Men dette var nærast for eit unnatak å rekna. For du verda så mange farlege haldningar som finst i common sense, eller sunt folkevett, som det upresist heiter på norsk: at ein høyrer sanninga frå fulle folk, eller at den som kviskrar lyg, eller at ein skal tukta den ein elskar – eventuelt at ein elskar den ein tuktar. Av fulle folk høyrer ein oftast fyllerør eller monoman narsissisme, den som kviskrar kviskrar, og den ein tuktar, kan like godt vera offer for overgrep som for kjærleik. Eg har vel eigentleg aldri likt ordtak. Dei har ein lei tendens til å bli oppfatta som sanne, bare fordi dei rimar, har eit fortetta innhald og er blitt sagt gong på gong i fleire hundre år. Det skal meir til for at noko skal vera sant.

Då Sverre Asmervik[1] i 1982 skreiv roman om prostituerte i Oslo, kalla han den Men tankene mine får du aldri. Eg er nok ikkje den einaste som har stoppa opp ved tittelen og tenkt at den seier noko sant. Noko om integritet, grenser og respekt. Noko som mange tenkjer at psykologar trakkar på. For det er det psykologane er ute etter: tankane våre. Det som gjer at sjølv prostituerte rusmiddelmisbrukarar, som gjer kva det skal vera for neste fiks, trass i alt har att ein gneist av von om ei anna røynd. Kan henda er også denne tanken commonsensical, men mest av alt er den nok inspirert av Descartes sin rasjonalistiske postulat: Cogito ergo sum. Eg tenkjer, altså er eg. Vegen er kort til tanken om at eg er det eg til kvar tid tenkjer at eg er. Men heller ikkje dette er heile sanninga.

I Uten skjebne skildrar den ungarske forfattaren Imre Kertész korleis fangar i nazistiske konsentrasjonsleirar vert likegyldige. Dei misser ikkje bare kontroll over eige kjøt. Også evna til å tenkja sjølvstendige tankar renn ut av dei, saman med resultata av tallause tarminfeksjonar. Medkjensle, skam, anger, frykt, kjærleik – alle dei store orda vi nyttar for å formidla dei mindre handgripelege sidene ved oss sjølve, blir erstatta med eitt enkelt ord: apati. Alt har til slutt like lite innhald. Sjølv det å leva og bli fridd frå fangenskapen ein gong på vårparten 1945. Den frigjevne fangen går lagnadslaus rundt mellom ruinane i eit utbomba Beograd. Kva er då eit menneske?

Truleg heng den folkelege psykologangsten saman med noko eg såg flimra over skjermen på Tabloid på NRK1 ein kveld. Åsne Seierstad sit i studio skulda for å ha krenkt bokhandlaren Shah Muhammad Rais si ære. I ein jamn straum glir sjåarane sine SMS-ar forbi nedst på skjermen, med uskuldskvite bokstavar på blodraud botn. Ifølgje ein romsdøl eller sandefjording (det spelar vel inga rolle) er Åsne Seierstad ein typisk akademikar som har lese så mykje at ho har mista evna til å skjøna korleis folk eigentleg har det. Så det så.

Kva eg svarar, når folk blir flakkande i blikket og slepper blødmer om røntgenblikk og stuntdiagnostisering? Tja, sist svara eg at eg heller ville bli diagnostisert av ein som har mangeårig utdanning på området og teieplikt om eventuelle diagnosar, enn av andre som gjer det bak ryggen min og utan å vita kva dei snakkar om.

Var ganske nøgd med meg sjølv då.

Syntes eg hadde svara både slagferdig og klokt.

Samtalepartnaren min sa ingenting, og heldt fram med å flakka. Kan henda røpa svaret det han heile vegen hadde visst. Det smittar, det smittar …

Fotnoter

  1. ^ Då redaktøren las igjennom dette skråblikket, gjorde han meg merksam på at også Asmervik er psykolog. Brått og uventa dukkar dei opp …
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 6, 2006, side 606-607

Kommenter denne artikkelen