Logo: Tidsskrift for norsk psykologforening

Forskningsnotiser

PDF-versjon av artikkel Del
Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 6, 2006, side 617

Lemurar som lurar

No er det bevist: lemurar kan òg lyga.

Lemurar som lurar

No er det bevist: lemurar kan òg lyga.

2006-06-617-01-c.jpg

Lemurar liknar aper av utsjånad, men genetisk har dei truleg meir til felles med forfedrar som levde for millionar av år sidan.

Doktorgradsstudenten Emilie Genty ved University of St. Andrews i Skottland trena tre lemurar til å peika ut kva for ein av to bollar som var snudd på hovudet, gøymte ei rosin. Deretter introduserte ho ein trenar med kvit lab-frakk som lemurane skulle visa veg til rosina etter at Genty hadde gøymt den. Valte dyret riktig, fekk det rosina. Svara det feil, tok trenaren rosina bort.

Nokre gongar kom ein tredje trenar, med hatt, frakk og mørke solbriller. Denne let som ho åt rosina når lemuren peika den ut. Resultatet var at ein av dei tre dyra byrja å peika mot feil bolle – noko Genty løna med ei rosin. Ein annan av lemurane vart verande, men nekta å gi informasjon til den tjuvaktige trenaren. Den tredje gjekk inst i buret og ville ikkje lenger ta del i eksperimentet. Men alle heldt fram med å peika ut korrekt bolle til trenaren i kvitt.

Sjølv dyr som er svært fjernt i slekt med menneske, kan altså læra å lura andre. Anekdotiske prov peikar på at kjæledyr òg er med på leiken, som når kattar mjauar ved døra for å stela godstolen når eigaren reiser seg for å lukka opp, seier Genty til Journal of Experimental Psychology.

Dobbeltmoral

Vi dømer andre etter moralske og rettvise kriterium, trur vi …

Dobbeltmoral

Vi dømer andre etter moralske og rettvise kriterium, trur vi …

Folk flest reagerer negativt mot eit illojalt medlem innan si eiga gruppe, og positivt til ein tilsvarande illojalitet hjå eit medlem i ei konkurrerande gruppe. Dette gjeld sjølv når dei to «utbrytarane» i praksis deler same middelstandpunkt. Dette hevdar professor Dominic Abrams ved Universitetet i Kent.

Abrams fann at etter som born veks til og blir meir merksame på andre sine individuelle kvalitetar, blir dei også «flinkare» til å eigna slike doble standardar til seg. Funna har følgjer for korleis ein vurderer kva tyding sosial identitet og normer innanfor aldersgruppa har for inkludering og ekskludering blant born og unge. Slike gruppebaserte reaksjonar kan òg setjast i samanheng med sosiale problem som mobbing i skulen og måten varslarar blir møtt på i næringslivet.

Ifølgje Abrams vil det alltid vera ei spenning mellom det å vera ein god lagspelar og det å vera urettvist favoriserande overfor si eiga gruppe.

– Forskinga mi viser at det finst eit tungt psykisk lojalitetspress allereie i barndomen, og at dei som viser toleranse for andre grupper, fort kan oppleva å bli mislikt av si eiga gruppe, seier han til BPS Media Centre.

Problematisert Seksualitet

Kvinner vurderer framleis «one night stands» som umoralske.

Problematisert Seksualitet

Kvinner vurderer framleis «one night stands» som umoralske.

Dette kjem fram i ein intervjubasert studie gjennomført av ei gruppe forskarar ved Universitetet i Sheffield.

Dei fann at sjølv om deltakarane ikkje fordømte kvinner som hadde «one night stands» (nokre hadde òg gjort det sjølv), meinte dei likevel at slike lause forhold var umoralske.

Informantane fortalde at dei hadde sex fordi dei hadde glede av det og for å stetta eit biologisk behov, men at dette bare gjaldt så lenge dei var i eit fast forhold. Dei argumenterte for at kvinner som hadde tilfeldig sex, gjorde det fordi dei hadde mista kontrollen etter inntak av rusmiddel, eller fordi dei «sakna noko» i liva sine, og ikkje fordi dei var seksuelt frigjorte.

Ifølgje BPS Media Centre reflekterer funna meiningane til eit lite utval kvinner, men forskarane understrekar at dei viser korleis kvinner si seksuelle åtferd blir problematisert.

Blikk for blikk

Hvor vi plasserer blikket, viser hvordan vi ser på livet.

Blikk for blikk

Hvor vi plasserer blikket, viser hvordan vi ser på livet.

Dette kommer frem i studiene til psykologen Derek Isaacowitz ved Brandeis University i USA. Gjennom å stille opp tre skjermer som viste hennholdsvis negative (for eksempel ansikt med hudkreft), nøytrale og positive (friskt ansikt) bilder og måle bevegelsene i forsøkspersonenes blikk, fant han at optimistiske personer foretrakk å se på positive bilder, mens pessimister fokuserte mer på de negative bildene.

Studien viste også at eldre mennesker foretrakk å se på glade ansikter og se bort fra sinte, mens unge fokuserte på ansikter som uttrykte frykt.

Ifølge APS Observer mener Isaacowitz at studiene viser at blikket har stor betydning for emosjonsregulerende prosesser.

Til toppen av artikkelen