Du er her

Ein variert kvardag

Kor vidt Lone Løvschall sin arbeidsstad er gjennomsnittleg, skal vera usagt. Men kommunepsykolog er ho, og i det høvet har vi snakka med henne.

Publisert
1. juni 2006

POSITIV: Danske Lone Løvschall ser store muligheiter i stillinga som kommunepsykolog i Skedsmo.

Vi startar med å spørja kva ein kommunepsykolog eigentleg tek seg til.

– Sjølv om det finst offentlege føringar som er like for alle, er mykje styrt av kommunen ein er i, svarar Løvschall.

– Skedsmo kommune har 43 000 innbyggjarar og ligg tett på Oslo. Samstundes er det mykje skog og landbruk. Eg brukar å kalla det eit Noreg i miniatyr. Det at vi ligg så nær ein storby fører til utfordringar for kommunen, som stor tilflytting, rus og annan storbyproblematikk.

Lone Løvschall fortel om ein kvardag som inneheld alt frå direkte helsehjelp, samtalar og korttidsterapi til kurs for grupper med lik problematikk. Psykologen kursar òg andre tilsette i kommunen.

Lav terskel

– Vi har ei eiga avdeling for psykisk helse som sorterer under helse og sosial, og som forvaltar spesialisert kompetanse innanfor psykisk helse i kommunen. På den eine sida har vi direkte kontakt med klientar, på den andre gjev vi faglege innspel til andre sektorar i kommunen. Vi er òg i ferd med å etablera eit kriseteam. Som kommunepsykolog driv eg med breitt ålmennpsykologisk arbeid Eg må kunna litt om alt og samtidig arbeida nært saman med spesialisthelsetenesta.

Løvschall kan ikkje tilby psykologisk døgnvakt, men i kontortida står døra open for alle vaksne innbyggjarar som treng psykisk helsehjelp.

– Er folk i kommunen klare over kommunepsykologtilbodet?

– Eg sit med mottaksansvar i kommunen, og får telefonar frå folk som har høyrt om tilbodet frå vener og kjente. I tillegg har kommunen si informasjonsavis, Skedsmonytt, skrive om oss. Kontakt-informasjon er tilgjengeleg på Internett. Dessutan samarbeidar vi mykje med fastlegane, fortel Løvschall.

Kommunalt førebilete

Psykisk helsevernteamet i Skedsmo består av to sjukepleiarar med spesialisering innan psykisk helsevern, og to psykologar. I tillegg vil kommunen ha ein psykolog knytt til helsestasjon, og to som jobbar innan barnevernet.

– Skedsmo er oppteken av dette og har medvitent nytta opptrappingsmidlar til å styrka kommunepsykologane si rolle. Andre bør gjera meir av det same. Det er utruleg viktig, meiner Løvschall.

Viktig er òg det faglege forumet for kommunetilsette psykologar i Akershus som er komen i stand på initiativ frå fylkesmannen. Her får dei høve til å greia ut felles erfaringar og utfordringar.

Lone Løvschall har vore kommunepsykolog i to år. Før den tid jobba ho i PPT i Skedsmo.

– I PPT jobbar du opp mot opplæringslova. Det handlar om å gje psykologspesifikk kompetanse til utdanningssituasjonen. PPT er ein unik arena for førebygging, men mange psykologar i tenesta opplever at dei ikkje får gjera det dei er best på. Dei må i stor grad ta seg av pedagogiske utfordringar, og får ikkje vera psykolog.

Gøy

Når vi spør Lone Løvschall om kvifor ho jobbar som kommunepsykolog, kjem svaret spontant:

– Fordi det er gøy! Den yngste klienten min er 18 år, og den eldste er over 70. Eg møter alt frå alvorleg psykopati til klientar som kan gå vidare etter ein konsultasjon med samtaleterapi. Vi tek oss av det som ikkje blir dekka opp av sosialkontor, spesialisthelseteneste eller fastlege.

– Så det finst eit tomrom der de kan virka?

– Ja, absolutt. Det er flott at Psykologforeningen tek tak i dette no. Styresmaktene har kome med mange føringar på at vi psykologar skal vera der folk er. Då må vi ut i kommunane.

– Er det noko du saknar i kvardagen din som kommunepsykolog?

– Nei, saknar … Kva skulle det vera?

– Ein høyrer gjerne om at psykologar ute i kommunane kjenner seg åleine og saknar eit fagmiljø.

– Det er sjølvsagt fascinerande å koma til poliklinikkar der det er 10–15 psykologar som i tillegg har sitt eige bibliotek. Men vi er heldige fordi vi er fem psykologar i kommunen. Dessutan kjenner eg meg privilegert som har ein arbeidsgjevar som forstår at ein psykolog treng vegleiing og psykologiske fora.

Løvschall fortel at ho er svært oppteken av tverrfagleg arbeid.

– Psykologar er gode på å samarbeida, men vi kan bli endå betre. Det er òg rom for forbetring i systemet. Ein ser pasientar som etter tre månaders akutt behandling i psykisk helsevern blir sendt rett heim.

– Har kommunepsykologar noko å gje her?

– Ja, i kraft av kompetansen vår.

– Og posisjonen, kanskje?

– Ja.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 6, 2006, side 630-631

Kommenter denne artikkelen