Du er her

Formidling, fornuft og familievern

Frode Thuen er oppteken av å spreia psykologisk kunnskap – som at kjærleiken er for viktig til å overlata til kjenslene.

Publisert
27. oktober 2006

Namn: Frode Thuen

Utdanning: Dr.psychol. frå Bergen

Stilling: Professor i psykologi ved UiB og privatpraktiserande som samlivsterapeut

Aktuelt: Bok: Utro – om kjærlighetens bakgater. Fast spaltist i Aftenposten etter Sissel Gran.

– Kvifor blei du psykolog?

– I gymnastida gjorde nokre kompisar og eg psykologiske analysar av dei vi hadde rundt oss. Andre vil kanskje kalla det baksnakking, men vi var opptekne av å forstå folk. Eg trur interessa for psykologi blei født då. Mor mi var lærar og far min lagerarbeidar, så eg hadde hadde ingen akademiske førebilete i oppveksten, men utvikla eit medvit kring dette på eiga hand.

– Kva for fagperson har betydd mest for deg?

– Det har vore ulike folk i ulika samanhengar og fasar. Då eg heldt på med doktoravhandlinga mi, hadde eg tannlege Jostein Riise og ernæringsfysiolog Knut-Inge Klepp som rettleiarar. Dei var viktige for meg i den fasen. Når det gjeld formidling, så har Magne Raundalen vore ein viktig inspirator. Han var rettleiaren mi på hovudoppgåva, og eg har hatt mange samtalar om formidling med han også seinare.

– Kva er den beste fagartikkelen du har lese det siste året?

– Eg les så mykje heile tida at det er vanskeleg å trekka fram ein spesiell fagartikkel, men eg kan godt tilrå ei bok eg nett har lese, Seierens melankoli av Paul Otto Brunstad. Han skriv veldig interessant om liva vi lever, om kvifor vi er så misnøgde sjølv om vi har det så godt. Boka tek opp eit tema som er viktig i eigne liv og i møte med klientar.

– Kva er din faglege favoritt-kjepphest?

– Eg freistar å formidla at det er mogleg å ha ei rasjonell styring med kjenslene. Vi menneske har oftare enn vi trur, høve til å bestemma korleis vi skal opptre, og kva for kjensler vi vil visa. Eg brukar seia at kjærleiken er for viktig til å overlata til kjenslene. Det å få eit partilhøve til å fungera krev ein god porsjon rasjonalitet, medvit og viljestyrke. Dette er sjølvsagt viktig når ein jobbar med samlivsproblematikk, men det gjeld også på mange andre områder.

– Kva for sak burde psykologar gå i bresjen for?

– Det er mange som snakkar om fag, meg sjølv inkludert, men eg saknar generelt psykologar som uttalar seg om politiske spørsmål. Elles synest eg psykologar som profesjon burde gå tydelegare ut mot det at vi ikkje har sjukemeldings- og innleggingsrett. Det er meiningslaust at psykologar ikkje kan gjera dette utan å gå om ein lege. Det opplevest heilt bakvendt. Psykologforeningen burde køyra den saka meir.

– Kva for norsk psykolog fortener meir merksemd?

– Det er utan tvil mange flinke psykologar som gjer ein god jobb på sine område lokalt, men eg må ta utgangspunkt i mi verd. Då vil eg nemna May Britt og Edvard Moser ved Centre for the Biology of Memory ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). Den nevropsykologiske forskinga deira held eit ekstremt fagleg nivå. Sjølv om dei er heilt suverene og har publisert ein masse i utlandet, er det mange her heime som ikkje kjenner til dei. Ein annan er Leif Edvard Årø, som har vore sentral i oppbygginga av HEMIL-senteret. Han er ein nestor innanfor helsefremjande psykologi og er ein utruleg dyktig entreprenør som har bidrege mykje til fakultetet i Bergen.

– Kva brenn du for som psykolog?

– Formidling. Eg nyttar veldig mykje av tida mi på å få psykologisk innsikt, røynsler og forsking ut til alminnelege folk. Vi som er tilsette ved universiteta, har eit ansvar for å formidla faget slik at det vi held på med, ikkje verkar irrelevant. Psykologisk kunnskap vedkjem veldig mange menneske. Det meste av det vi kjem fram til i psykologien, grip direkte inn i menneske sine liv.

– Kva ville du gjort om du var minister for ein dag?

– Eg ville auka løyvingane til familievern med 100 prosent. Pengar er ikkje alt, men det er veldig viktig for å kunna få til eit utoverretta og kreativt tilbod. Det er viktig å koma folk aktivt i møte slik at ein tek tak i problema før det har gått så lang tid at situasjonen er blitt for fastlåst. Dette vil krevja større midlar og fleire folk.

– Kva er din største skrekk?

– Eg har høgdeskrekk, som dei fleste andre, men elles handlar det om familien og ungane. Eg er redd for at det skal skje noko med dei, og er nok litt av ei hønemor. Eg kan vera overbeskyttande overfor ungane, men opplever meg naturlegvis ikkje slik sjølv.

VIL UT: Psykolog Frode Thuen er Aftenposten sin nye samlivsekspert etter Sissel Gran. Han har alltid vore oppteken av å nå ut til vanlege folk med psykologien.

– Kva irriterer deg med psykologien?

– Eg kan nokre gonger misunna fag som har klare og tydelege svar, som jus og fysikk, der ein kan seia at sånn er det bare. Psykologien er sjeldan eintydig. Eg skulle av og til ønskja at vi kunne seia noko heilt bastant og sikkert, men det ligg vel i sakas natur at det i psykologi ofte kjem an på korleis ein forstår omgrepa.

– Korleis kan psykologi bli eit meir morosamt fag?

– Psykologien opnar opp for mange originale vinklar og måtar å jobbe på. Men karrieremønster og tradisjonelle forventningar set grenser. Jobbane har alltid sine krav. Psykologien må utfordra nye roller. Faget har tradisjonelt vore ekspansivt. Det har gått frå ingenting til å ha ganske mykje påverknad på mange områder. Eg trur psykologien må halda fram med å utvikla seg på fleire arenaer. Meir av det same, kan ein seia.

– Aktuelt no: Bør Noreg senda fleire soldatar til Afghanistan?

– Ja. Eg er for så vidt positiv til det, så lenge soldatane som vel å reisa, er klare over at faren for å bli skadd eller drepen er til stades. Det handlar om å ta del i ansvaret som den siviliserte delen av verda har teke.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 11, 2006, side 1190-1192

Kommenter denne artikkelen