Logo: Tidsskrift for norsk psykologforening

Temasak

PDF-versjon av artikkel Del
Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 42, nummer 1, 2005, side 37-39 Relaterte saker

Olav H. Hauge og Valen sjukehus

Olav H. Hauge og Valen sjukehus

2005-01-036-01-b.jpg
2005-01-036-02-b.jpg

Bildene er fra Nordlandssykehusets bildearkiv.

I biografien «Mitt liv var draum» (2004) skriv Knut Olav Åmås om Olav H. Hauges første innlegging på asyl, som var på Neevengården i Bergen: «Det er politiet som tek han til det store Neevengården ute i Sandviken. Han er uroleg og fysisk utagerande i dagevis. Han blir raskt lagt på isolat på avdeling D, der dei tyngste pasientane er. Det er ikkje mogleg å snakke med han. Han trur han er på hotell, er eksaltert og teatralsk». Etter ei tid blir han overført til Valen sjukehus i Sunnhordland, der han blir i tre og eit halvt år. Valen er eitt av dei største asyla i Noreg. Avdelingane er kjønnsdelte, og dei tyngste pasientane blir plassert på «uroleg vaktsal» og avdeling D. Sjukehuset er meir eller mindre eit sjølvforsynt samfunn, skriv Åmås; det er som eit lite gods, endå til med eige kraftverk, 500 mål dyrka jord, skog, gartneri, drivhus, frukthage og gard med husdyr.

Overlege Konrad Lunde tar imot Hauge. Det er faren som har skrive under på tutorerklæringa. Hauge er så dårleg at han ikkje kan delta i utearbeidet på sjukehuset. «Det som ventar ein som ikkje kan ta vare på seg sjølv på midten av 1930-talet, er svære, urolege sovesalar med lydar heile døgeret. Sengene står tett i tett, det er berre knappe halvmeteren mellom dei og ikkje noko skjerming mot andre senger. Privatliv eksisterer ikkje. Det kan vera litt av eit liv og leven på dei største vaktsalane. I tillegg til at sengene står så nær kvarandre, er stemninga prega av at det finst alle slags pasientar med alle slags diagnosar.» (Åmås, s. 87) For Olav H. Hauge var dette den første av ei rekkje tvangsinnleggingar på Valen. Debutsamlinga frå 1945 las han korrektur på medan han var innlagt der. Det er ganske typisk. Han blei ofte overarbeida når han gjorde ferdig diktsamlingar, fortel kona hans, Bodil Cappelen, i eit intervju med Arnhild Skre i Aftenposten 27. august 2000.

Tobakksbeten

Du kom til gjerdet, stod og såg

då eg kom der forbi.

Du snudde seint, let handa gli

langs nettingen og gjekk.

Eg lést ikkje gå. For hugs

at me skal kjennast, me,

i himmel og i helvete

og tarv ikkje helsa lell.

Men tobakksbeten som eg stødt

var tenkt eg skulde hatt

i lumma kom eg ut – og att,

den hadde eg ikkje med.

Og attpå kom eg no i frakk,

gjekk utfor gjerdet der

og høyrde til ei onnor verd.

Då ser ein ikkje ein som deg.

(Frå Seint rodar skog i djuvet, 1956)

Intervjuet med Bodil Cappelen vart gjort i samanheng med utgivinga av dagbøkene til Hauge. I forordet til dagbøkene er Atle Kittang inne på at samanfallet mellom bokutgivingar og sjukdomsperiodar kanskje heng saman med at den tidlege fasen i sjukdomen sette i gang ein kreativ impuls som intensiverte skrivinga. Som bokutgivingane kom sjukdomen med om lag fem års mellomrom.

Dagbøkene vart utgitt i fem bind som omfattar nær 4000 sider, skrivne over ein periode på 70 år! Hauge tok til å skrive som 18-åring, og la pennen ned ti dagar før han døydde. Han skreiv ikkje i dagboka i dei vel tre åra han var innlagt på Valen. Men like før innlegginga i mars 1934, skriv han nokre få setningar på engelsk om at han hadde blitt sjuk. Neste nedteikning er frå 20. oktober 1937, igjen på engelsk, der han mellom anna skriv: «I had got a severe cold and went suddenly mad. Completely. My father was asked to come and he was compelled to bring me to an asylum at Bergen.» (Band I, s. 192–193)

I stor grad er dagboka til Hauge ei litterær dagbok. Men han skriv óg for å dempe indre uro, få kontroll og å bearbeide sjukdomen. Han strevar med å vere i balanse, og minner seg sjølv om at han må ete, sove og leve sunt. I ein aforisme 12. april 1964 uttrykkjer han det slik: «Ikkje utviding, ikkje spreiding, men samling, fastleik, styrke, tettleik». Våren 1966 kjende han igjen at han var på veg til å bli sjuk. I dagboka kan vi lese om korleis han kjempar mot sjukdomen, han vil ikkje inn på sjukehus denne gongen: «Skulde reist til Valen att, det er ikkje sagt det hadde vorte så lang tid. Men eg hadde sett meg i hovudet: denne gongen skal eg strida meg gjennom utan å vere nøyd til å dragast dit.»

Særlig i 1960-åra inneheld dagbøkene mange refleksjonar over hendingar og erfaringar i samanheng med innleggingane på Valen. I mars 1961 kom han heim etter om lag tre månader på Valen. Det hadde ikkje vore bra, skriv han. «Eg merka eller hugsar ikkje noko um elektrisk sjokk, men difor kan eg ha fenge det. Mykje tablettar, noko dei kallar Truxal har eg brukt; kva det skal vere godt for, veit eg ikkje. (Band II, s. 215).

Same dag skriv han om det han kallar «den andre mannen» i seg: Eg kjenner godt den andre mannen, men har ikkje late han tala … Han er vill og omsynslaus, og kan skræma folk. … Han er i alt og eitt motsetnaden til den stakkars uslingen som heiter eg, denne kvar-dagspuslingen, denne skrælingen. Difor gjeng du å ottast for han, til kvardags, når du er normal, ottast han skal ta ordet, syngja upp, gjera seg myndig. Du ottast han, men inst – du er samstundes huga at han skal ta ordet, gjera seg til herre, for du er på ein måte sæl under hans vald.» (Band II, s. 216-217)

«Dagmannen» eller «ugrashakkaren» kallar Hauge seg sjølv som frisk. Dagmannen har berre veike minner om «det høgare medvitet» og ekstasen, eldstraumane som gjer at han kjenner seg som ein spole i eit kraftfelt, skriv han i 1964 (Band II, s. 538): «… du ligg der strak og dirrande av veldige krefter … Røystene som ofte fylgjer med lydest som frå andre klotar … Stormane som fylgjer alt dette, kan vera so sterke at det kjennest som du skal blesast burt som eit lauvsblad, det lyser blått gjennom romet, etter golv tak og vegger eller yver marki, sjøen, fjelli og himmelen dersom du er ute.» Hauge skriv sjeldan om desse opplevingane i dikta sine. Men i «Kornåker» finst eit lite bilete «som syner dei stillare stunder» (sjå ovanfor).

Kornåkeren

Eit gamalt tresnitt av Tower Bridge

og eit oljetrykk av ein kornåker.

Andre bilete er det ikkje på avdeling D.

Tower Bridge med sotute tårn yver elvi.

Men det er kornåkeren eg ser.

Eit gylle hav av korn.

Han er ikkje som andre åkrar. Er det

alle drøymaraugo som har flutt

han inn i sin himmel?

Ein haustblå, mild himmel

utan skurdfolk og ljå.

(Frå På ørnetuva, 1961)

Hauge var glad for at han fekk vere i fred med opplevingar og draumar i den første perioden på Valen: «Eitt veit eg, og det er det, at eg var heppen som fekk halda på dei 4 åri på Neevengaarden og Valen utan å verta «kurert», for sjokkbehandling og alle desse tablettane dei no bruker, var ikkje tekne i bruk då. Eg fekk dikta og drøyma, sjå syner, uppleve ekstase dag etter dag, år etter år, utan at nokon gjorde meg noko.» (Band II, s.539). Ved seinare innleggingar fekk han fleire gongar sjokkbehandling, og uttrykkjer glede over at han ikkje vart «sjokka» ved siste opphaldet i 1960. Tablettane legg i alle fall ikkje det indre livet svart, skriv han.

«Olav H. Hauges diktarliv lar seg vanskeleg tenkje i full skala utan at sjukdomen og det heroiske arbeidet for å meistre den utan å undertrykke den, er med som ein berande dimensjon,» skriv Atle Kittang (Band I, s.23).

2005-01-038-01-c.jpg

Dikta «Tobakksbeten» og «Kornåkeren» er skrivne på bakgrunn av opplevingar på Valen sjukehus.

Foto: Jan Kløvstad.

Me sigler ikkje same havet

Me sigler ikkje same havet,

endå det ser so ut.

Grovt timger og jarn på dekk,

sand og sement i romet,

djupt ligg eg, seint sig eg,

stampar i broddsjø,

uler i skodde.

Du sigler i ein papirbåt,

og draumen ber det blå seglet,

so linn er vinden, so var er bylgja.

(Frå Dropar i austavind, 1966)

Kvardag

Dei store stormane

har du attum deg.

Då spurde du ikkje

kvi du var til,

kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,

du berre var i stormen,

var i elden.

Men det gjeng an å leva

i kvardagen óg,

den grå stille dagen,

setja potetor, raka lauv

og bera ris,

det er so mangt å tenkja på her i verdi,

eit manneliv strekk ikkje til.

Etter strævet kan du steikja flesk

og lese kinesiske vers.

Gamle Laertes skar klunger

og grov um fiketrei,

og let heltane slåst ved Troja.

(Frå Dropar i austavind, 1966)

Til toppen av artikkelen