Du er her

SexQuiz

Kva veit du om seksualitet? Ta vår uformelle SexQuiz, som er utvikla i samarbeid med Esben Esther Pirelli Benestad og Elsa Almås.

  1. Kor stor del av befolkninga (over 16 år) har til ei kvar tid seksuelle problem som dei har behov for profesjonell hjelp til å løysa, 1%, 5%, 10% eller 15%?
  2. I kva for eitt av desse landa kan ein få pass der ei form for tredje kjønn er eit alternativ i tillegg til «mann» eller «kvinne», USA, Thailand, Sør-Afrika, India eller Danmark?
  3. Kor stor er klitoris, 1–2 cm, 4–6 cm, 10–12 cm eller 20–30cm?
  4. Kor stor prosentdel av kvinner reknar ein med får vaginal orgasme ved samleie (cirka), 10%, 30%, 60% eller 80%?
  5. Kor mange genar har ein påvist som har tyding for kjønnsdifferensiering av hjernen (cirka), 50, 80, 100 eller fleir enn 100?
  6. Kva for to faggrupper vil folk helst oppsøka dersom dei har eit seksuelt problem, allmennlege, psykolog, prest, helsesøster, sexolog eller sosionom?
  7. Kva for eitt av desse er aldri registrert som eit seksuelt tenningsmønster, tannregulering, bli overkjørt av bil, bli kokt som ein kalkun, bli treft av lynet eller smella ballongar?
  8. Kva blir rekna som «den aristoteliske perversjonen», tilbeding av kjempar, menstruasjonsblod, Pony play (hest og ryttar), eller Golden shower (urin)?

 

 

 

 

 

 

Svar: 1. 5% (Basert på data fra MMI/Synovate as undersøkelse 2007/2008). 2. India 3. 10–12 cm 4. Ca 30% 5. Fleir enn 100 6. Allmennlege og sexolog 7. Bli treft av lynet 8. Pony play

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 2, 2013, side 123

Kommenter denne artikkelen