Du er her

Plikt til å sjå – evne til å handle

Publisert
5. april 2013

alt som uten baktanker uten skepsis, umaskert og uvettig vergeløst går ut til livet med tilliten som et kostbart gulleple i hendene er hellig.

Så god tur med deg, skolepike.

Slik avsluttar Kolbein Falkeid sitt dikt om den vesle jenta som står framfor sin fyrste skuledag. Ho kjem til fellesskapen med tillit, og ho er klår til å by på seg sjølv. Slik så mange små jenter og gutar er det, kvar haust ved skulestart. Det står uendeleg mykje på spel. Desto viktigare at dei vert tekne godt imot. Falkeid brukar orda «går ut til livet». Det er ein fin metafor for skulestart. Skule er også ein viktig del av livsreisa. I kva grad det enkelte barn – eller for den del den enkelte ungdom – trivst, er avgjerande for kva som skal kome ut av både skulegangen og livet. Mobbing kan skade båe delar uboteleg.

Om ein elev fortel om hendingar som tyder på mobbing, må alarmen ringe. Det er svært skadeleg om elevar i ein slik situasjon møter vaksne som ikkje anerkjenner opplevinga dei fortel om. Alle må takast på alvor. Mobbing, eller tendensar til mobbing, vil alltid kunne utvikle seg der grupper av menneske er samla. Det finst ingen vaksine mot dette. Mange barn fortel ikkje om det som skjer. Det einaste som nyttar, er ein permanent beredskap, ut frå ei erkjenning av at mobbing før eller sidan vil kunne dukke opp og fordre handling.

I vår eiga profesjonsetiske plattform slår Utdanningsforbundet fast at vi skal fremje barnas beste. Å arbeide med barn og unge inneber at vi er forplikta til å sjå. Vi må alltid vere opptekne av om vi gjer nok, og om vi gjer det rette for å ha god kunnskap også om det som ikkje syns på overflata, og som vi ikkje utan vidare får høyre om. Dette er krevjande i ei tid da mykje kommunikasjon mellom barn og unge går føre seg på nett. Lærarane må også ha evne til å handle på grunnlag av det dei ser. Det er ei plikt. Skuleleiarane har eit særskilt ansvar for å skape eit klima der den som reagerer og bryr seg får støtte.

Å ta tak i mobbing krev noko av læraren, som kan omtalast som kompetanse for å handtere det konfliktfylte. Slik kompetanse kan vi ikkje lese oss til. Vel så viktig som teori er praktisk erfaring og tid til å reflektere over praksis, åleine og saman med kollegaer og andre fagfolk, til dømes psykologar. Det handlar om å lære noko om oss sjølve i pressa situasjonar. Kva skjer med oss når vi vert utfordra, opplever stress, sprikande forventningar, rådville og kanskje frykt? Kva strategiar vel vi då for å ha kontroll og for å oppretthalde eigen tryggleik?

Lærarar skal bruke seg sjølve som ressurs i arbeidet med å identifisere og ta fatt i destruktive prosessar. Korleis gjer dei det? Her er fire element eg sjølv meiner er viktige:

Det aller første er at læraren fangar opp og forstår kva som skjer, nok til å kunne avgjere om det skal handlast. Berre dette er krevjande. Eg har sett lærarar som beskyttar seg sjølve ved ikkje å sjå. Fordi dei er smerteleg klår over at tek dei røynda inn over seg, blir det neste uunngåeleg at dei må gjere noko med det ? og det har dei dårlege erfaringar med.

Det andre handlar om å tore å involvere seg i den aktuelle situasjonen. Setje ord på det som skjer. Ta styring og klårgjere kva som skal skje vidare nett no. Syne at ein er ein leiar og tek i bruk sin autoritet. Signalisere at ein er trygg også i dette.

Det tredje handlar om å tole stress og muleg motbør. Viktigast er kanskje evna til å vise at ein ikkje er fastlåst sjølv om ein har sett foten ned, men framleis er i stand til å fange opp og forstå dei mange motstridande bodskap og signal som strøymar på. Opptre slik at ein er både uthaldande og tålmodig, men utan å vakle og bli uføreseieleg.

Det fjerde handlar om innleving. Læraren må skilje sak og person og, i tillegg til å ivareta offeret, faktisk også anstrenge seg for å nå fram til den som mobbar. Det krev store kommunikasjonsferdigheiter og mykje nestekjærleik. For å seie det svært kort: Vi kan summere dette til antenner, autoritet, tålmod og innleving.

Heile kollegiet må engasjere seg i arbeidet for å motverke mobbing. Ein vesentleg del av dette må vere å arbeide for å styrke lærarane sin kompetanse for å sjå og handtere mobbesituasjonar. Det føreset at skuleleiinga gir prioritet og set av tid. Ikkje som ein kampanje. Då får vi berre midlertidige resultat. Kompetansen og beredskapen må vidareutviklast heile tida. Det tyder at dette arbeidet må løftast fram minst éin gong kvart år. Eg trur psykologar kan spele ei viktig rolle her, i tillegg til den jobben dei gjer i det direkte arbeidet med enkeltbarn som opplever mobbing. Då tenkjer eg spesielt på å bidra i det førebyggjande arbeidet og å rettleie lærarar. Meir av det!

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 4, 2013, side 373-374

Kommenter denne artikkelen