Du er her

I ruspolitikktåka

Dei som har blitt ferdigbehandla ved Phoenix Haga i Østfold er i sju av ti tilfelle rusfrie fem år etter. No skal rusinstitusjonen leggast ned etter å ha tapt eit anbod. Kva tenkjer politikarane på?

Publisert
5. september 2013

NY START : Ørjan Nilsen er fri frå rusen. No ventar teknisk fagskule, flugefiske og framtidshåp.

Alle parti ynskjer å satse på rusfeltet, og den ruspolitiske retorikken glitrar. Men kva forståingar av rus bør den bygge på? Kva hovudutfordingar bør partia ta tak i?

Psykologtidsskriftet tok turen til institusjonen Phoenix Haga på Mysen.

Mirakelkuren som går til spille

Ørjan Nilsen og Steffen André Simensen er blant dei siste pasientane som brettar klede på vaskeriet på rusinstitusjonen Phoenix Haga. Me trefte dei rett før den blir lagt ned etter tapt anbodsrunde. Pasientane fann her mirakelkuren som erstatta teltet som bustad og heroinen som fylgjesvein.

Dei unge gutane er solbrune etter dagar ved Trysilelva saman med den faglege leiaren på huset, Rune Hafstad. Dei tre deler erfaringane, både frå flugefiske, behandling ved Phoenix Haga og med rusmisbruk. Også den faglege leiaren har budd på gata og kjent rusmisbruket øydelegge kropp og relasjonar.

– Dei hadde gjeve meg opp, fortel Ørjan Nilsen, medan klede glir mellom tatoverte fingrar. Han tenker attende på eit bortkasta seks vekers behandlingstilbod i Kristiansand, og ristar på hovudet over metadonen som vart utdelt. Her på Phoenix Haga er det ingen tvil: Rus og medikament er ut. Til gjengjeld fyllest både oskebegeret og kaffikjelen hyppig opp på tunet. Nilsen, som startar på teknisk fagskule i Fredrikstad i haust, har tru på såkalla langvarig psykososialt endringsarbeid, slik som Haga tilbyr.

– Så lat, arrogant og sint eg var i starten, smiler han, og minnest korleis den disiplinerte arbeidsstrukturen nærmast skremde han bort. Medpasient Steffen André Simensen skyt inn at her på huset må ein raskt legge frå seg både latskap, arroganse, joggebukse, medikament, og fleirfaldige tanke- og handlemønster.

–På «Slepp-benken» har eg sete mange gonger for å skrive ned frustrasjonen min, definere kven den er retta mot, for så å sleppe lappen oppi kassa, fortel han. Lappane vert lesne opp og drøfta på kontaktmøta mellom pasientane.

–Konfrontasjon, arbeid og nettverk er nøkkelorda her, forklarar Simensen vidare.

Ingen av dei to ynskjer å dra til heimkommunane etter som hausten og ettervernet nærmar seg.

ARBEID GJER FRI: Arbeidsstrukturen er ein av nøklane på Phoenix Haga.

– Eg vil halde meg borte frå tidlegare rusmiljø og potensielt mangelfull oppfølging frå kommunen, utdjupar Ørjan Nilsen. Pasientane er ikkje særleg imponert over kommunar som tilbyr kommunale bustadar i nærleiken av rusmisbrukarar, medisinassistert behandling, og som berre har Fontenehus og Røde Kors-kafear i ermet. Pasientane får støtte av den faglege leiaren Rune Hafstad. Han etterlyser eit anna fokus på ettervern, der ein talar om omfattande og aktiv re-integrering. Hafstad set også søkelyset på det han meiner er ein fundamental svikt i behandlingsprosessen: Anbodssystemet som Helse Sør-Øst fører, dømmer han nord og ned, og han meiner at objektive anbodskriterium er fråverande.

Psykolog-pessimisme

Me drar innom Kvadraturen i Oslo, der fagsjefen i Psykologforeininga, Anders Skuterud, skisserer opp utfordringane i rusfeltet.

– Anbodssystemet fører til dei merkelegaste ting, meiner fagsjefen. Han hevdar at resultatet blir eit kortsiktig syn på kompetanseutvikling, og at institusjonar kuttar fruktbart samarbeid med kvarandre når konkurransen snører seg til.

Frå kontoret har han utsikt mot lønnetrea i parken som står i solskinet og glitrar om kapp med sprøytespissane i graset. Etter 30 års psykologgjerning har han innsikt i problemstillingar på det rusfaglege feltet. Trass i sollys er det ikkje mykje optimisme å spore innunder taket på kontoret.

– Rusmeldinga «Se meg» er tannlaus, fortset Skuterud. Han forventa langt meir enn det han ser som ein bunke med tomme ord utan innhald. I tillegg til at han meiner at anbodssystemet må endrast, serverer han ei lita smørbrødliste over ting han meiner må på plass.

– Det klagast over dårleg samarbeid mellom stat og kommune. Men etter mi meining er det vel så mykje samhandlingsutfordingar innanfor kommunane og innanfor dei statlege tiltaka, hevdar Skuterud. Han meiner at det krev ei enorm satsing å få betre strukturar innanfor kommunane, og at NA V-reforma ikkje heilt har henta inn att funksjonane til det gamle sosial-, arbeids-, og trygdekontoret. Men når dette er sagt, så peikar han, i likskap med pasientane og den faglege leiaren ved Phoenix Haga, på manglar i ettervernet.

– Omgrepet «ettervern» er direkte øydeleggande, det impliserer at behandlinga er slutt, og at det som kjem etterpå, er ein slags parentes, held Skuterud fram. Den tyngste jobben gjerest ikkje medan ein er på institusjon, men når ein skal ut i det vanlege livet, fylle livet med meining, og eventuelt møte seg sjølv i døra, med sine indre smerter, traumar og liknande.

– Fleire kommunepsykologar må på plass, set fagsjefen fram som eit absolutt krav.

DEI SMÅ OG SÆRE TING: Frustrasjonen skal ut, men i blekkform. Steffen André Simensen har sete mange gonger på «Slepp-benken».

Frp skil seg ut

Psykologtidsskriftet tar ein runde med partia, og me spør: Korleis skal ein sikre at behandling og ettervern får ein saumlaus overgang? Og: Korleis skal samhandlingsreforma tre i kraft på rusfeltet?

Frps Kari Kjønaas Kjos skil seg ut i svarreplikkane. Ho er den einaste som refererer til eige arbeid med rusmisbrukarar. Ho skildrar utfordringar som rusmisbrukarane ho har kontakt med, møter. Kjos skil seg også ut på politiske punkt, fyrst i spørsmålet om korleis behandling og ettervern skal sikrast betre.

– Statleg finansiering av heile behandlingsrekka trengst. Det er den einaste måten å få slutt på dagens praksis, der stat og kommune slåst om å sleppe å ta rekninga, framfor å finne rett behandling, meiner Kjos. Dette er Frp aleine om å foreslå. Kjos peikar på at samhandlingsreforma ikkje bør innlemme rus- og psykiatripasientar enno.

– Før me utvider samhandlingsreforma, ynskjer me å rydde opp i alle ulempene og svakheitene som er avdekt. Det er ingen grunn til å tilføre rus og psykiatri dei same problemstillingane, held ho fram.

Også Venstre og Høgre kjem med ei generell åtvaring om forhasta innføring av samhandlingsreforma til rus og psykiatri.

Statleg finansiering av heile behandlingsrekka trengst

Kari Kjønaas Kjos, Frp

– Staten må finansiere og opne for ulike forsøksprosjekt i fyrste runde. Ei rask innføring av enkle økonomiske insentiv innanfor rus og psykiatri til kommunane vil kunne ha konsekvensar me ikkje ser i dag, forklarar Høgres Bent Høie.

Det er ein annan tone og valør på utspela til dei raudgrøne. Dei held fram sterk kommuneøkonomi som eit essensielt punkt.

– Regjeringa har styrkt kommuneøkonomien med 60 milliardar kroner dei siste åra, viser Ap til, og også SV og Sp seier at det er viktig å satse på opptrapping av helsetilboda lokalt gjennom tilskotsordingar til kommunane. Aps Wenche Olsen dreg fram kor viktig samhandlingsreforma er.

Konfrontasjon, arbeid og nettverk er nøkkelorda her

Steffen André Simensen, pasient og flugefiskar

– Samhandlingsreforma er heilt sentral. Dei avtalane som no blir inngått mellom kommune og sjukehus, må ha fokus på rus, og tett samarbeid mellom begge nivåa i helsetenesta, forklarar Aps representant. Ho hevdar at samhandlingsreforma allereie gjeld rus og psykiatri, men at dei finansielle ordningane ikkje har kome på plass enno.

Venstre har andre løysingar for kommunane, noko Ingvild Boe Hornburg presiserer:

– Venstre meiner at større kommunar lettare vil tilby eit godt ettervern, og me meiner at kommunesamanslåing vil vere ein del av løysinga.

Venstre peikar på at det i dag er tilfeldig kva ettervern den enkelte pasienten får etter avslutta behandling.

Fastpsykologordning à la Frp

På spørsmål om korleis det skal tilførast fleire kommunepsykologar, har partia ulike forslag. Også her skil Frp seg ut med det tydelegaste standpunktet:

– Me ynskjer at psykologar skal likestillast med fastlegeordninga. På den måten vil me få svært mange fleire psykologar, foreslår Kjos frå Frp. Høgre foreslår etablering av eit allmennpsykologtilbod, gjerne i samlokalisering med fastlegar lokalt. Sp på si side peikar på at ein vil vidareføre og styrke dagens tilskotsordningar for oppretting av kommunepsykologstillingar. Her har dei storebror i ryggen:

Eg vil halde meg borte frå tidlegare rusmiljø og potensielt mangelfull oppfølging frå kommunen

Ørjan Nilsen, pasient ved Phoenix Haga

– Regjeringa har gjennom øyremerkte tilskot allereie sikra langt fleire psykologar til kommunane. Denne ordninga vil me vidareføre og styrke, lyder kommentaren frå Youngstorget.

Anbod eller ikkje anbod?

Politikarane svarar også på spørsmålet: Er partiet for å vidareføre anbodssystemet? Og: Korleis ser partiet på nedlegginga av Phoenix Haga?

På det fyrste svarar Aps Wenche Olsen noko diffust:

– Me er for å sikre ideelle organisasjonar langsiktigheit. Alle parti er bundne av EØSavtala, men me ynskjer å nytte handlingsrommet me har til å skjerme ideelle krefter frå konkurranse frå dei kommersielle.

Sp og SV er tydelegare:

– SV vil avvikle dagens anbodssystem, seier Olav Magnus Linge i SV, og Senterpartiets Lars Vangen held fram at Sp på si side ser store svakheiter innanfor anbodssystemet. Sp vil heller ha ei ordning med langsiktige avtaler basert på kvalitet.

Både KrF, Venstre, Frp og Høgre vil vidareføre anbodssystemet, men dei peikar på at endringar må på plass.

– I dag fører anbodssystemet til at gode ideelle tilbod må leggast ned fordi dei taper anbodsrunden, seier Venstre, og får støtte frå KrF, som også meiner at dagens praktisering av anbodssystemet har øydelagt mange gode tilbod innanfor rusfeltet. KrF hevdar at dagens regjering ikkje nyttar handlingsrommet som EØS-avtalene opnar for. Høgres Bent Høie vil kjempe for at fritt sjukehusval også skal gjelde rus og psykiatri, og vil innføre ei ordning med fritt behandlingsval, som skal inkludere alle godkjende institusjonar, anten dei har vunne anbod eller ikkje.

På spørsmålet om nedlegginga av Phoenix Haga er dei fleste partia opprørte. Dei borgarlege partia ytrar kommentarar som at vedtaket er «trist», «meiningslaust», «frustrerande», og at det viser «uakseptabel nedprioritering av ruspasientar». SV er også frustrert, og meiner nedlegginga viser at anbodssystemet ikkje fungerer i rusomsorga. Ap på si side peikar mot jussen:

– Phoenix Haga fekk ikkje forlenga si kontrakt med Helse Sør-Øst fordi ein fann at andre institusjonar leverte betre tilbod. Det har vist seg å vere umogleg å gje institusjonen ein midlertidig avtale utan å bryte lova, slår Ap fast.

RUNE HAFSTAD: Fagleg leiar. Tidlegare narkoman.

Se meg = gløym meg?

Når det gjeld rusmeldinga «Se meg» (2011– 2012), anar ein misnøye hjå opposisjonspartia. Dei borgarlege partia meiner at «Se meg» står utan framtidsretta og konkrete tiltak. Venstre, Høgre og Frp seier dei er skuffa over at meldinga ikkje inkluderer fleire av tiltaka som vart skissert i Stoltenberg-utvalet sin rapport.

– Det er vanskeleg å finne att Stoltenberg-utvalet sine anbefalingar og innspela frå fagmiljøa i rusmeldinga, hevdar Høgres Bent Høie. Han såg for seg at rusmeldinga kom til å inkludere ein forpliktande opptrappingsplan for rusfeltet, men meiner at meldinga i hovudsak berre påpeikar kunnskapsmangel. Både Høgre og Venstre sakna at rusmeldinga skulle inkludere heroinassistert behandling. Her får dei, ikkje så uventa, motbør frå KrF:

Omgrepet «ettervern» er direkte øydeleggande, det impliserer at behandlinga er slutt, og at det som kjem etterpå, er ein slags parentes

Fagsjef i Norsk Psykologforening, Anders Skuterud

–Heroinstøtta behandling er uaktuelt. Me meiner at rusfridom må ligge til grunn, slår KrFss Line Henriette Hjemdal fast.

SVs kommentar i høve til rusmeldinga peikar mot manglande stoltheit over dokumentet:

– Rusmeldinga fylgjer opp Stoltenbergutvalet sin rapport på mange viktige område, men SV meiner at det er viktig å sjå vidare på fleire av Stoltenberg-utvalet sine tiltak i arbeid med betring av rusomsorga, seier SVs Olav Magnus Linge. Frå systerpartiet Sp sporar ein meir entusiasme:

– Rusmeldinga er tydelegare på alkoholpolitikk og førebygging av alkoholmisbruk enn Stoltenberg-utvalet var. Og forslaget om å gjere rusomsorga statleg, slik Stoltenberg-utvalet foreslo, vart ikkje innlemma i rusmeldinga fordi dette ville svekke det førebyggande arbeidet som må skje i kommunen, seier Lars Vangen frå Sp.

Kva er rus, eigentleg?

Me vender nasa attende til behandlingsfellesskapet på Mysen, der fagleg leiar og pasientar diskuterer seg imellom på tunet.

PÅ VEGGEN SÅ SOM I HOVUDET: Verdisystemet på Phoenix Haga.

–Me manglar ei reell forståing av avhengigheitsproblematikk i Noreg, hevdar Rune Hafstad. Han meiner det er mildt sagt misforstått når ein sausar forståingar av rus og avhengigheit for tett saman med forståingar av psykiske lidingar. Ein må la vere å presse rus- og avhengigheitsproblematikken ned i skuffen til psykisk helse, og ein må forstå avhengigheitsproblematikk for seg.

Her går den faglege leiaren på Phoenix Haga mot straumen, trass i at han skryter godt av psykologen som tidlegare arbeidde med tanke- og handlingsmønster blant pasientane, ei stilling som vart fasa ut i tråd med nedlegginga.

Hafstad får motbør frå fagsjefen i Psykologforeininga, Anders Skuterud, som meiner at rus og psykisk helsevern må koplast tett saman, og han meiner at sjølv om det finst pasientar som ikkje starta å ruse seg på grunn av ei psykisk liding, så vil eit langvarig rusmisbruk ofte tilføre traumar og psykiske problem som kan lettast ved psykologhjelp.

Her er dei politiske partia meir på linje med Psykologforeininga, dei er samde i at psykisk helsevern og rus må koplast betre saman.

Vegen ut

Pasientane på Phoenix Haga, Ørjan Nilsen og Steffen André Simensen, veit kva rus og avhengigheit er, dei har kjent det på kroppen, og dei har funne vegen ut.

– Verdiane på veggen her tilbyr grunnleggande sett det motsette av kva ruslivet tilbaud oss, seier pasientane, og dei viser til ei tavle av tre på murveggen i resepsjonen. Det er desse verdiane, og nyinnkjøpte flugefiskestenger, arbeid, studiar og nettverk, som skal vegleie dei inn i haustmørket, anten horisonten er blå eller raud.

PHOENIX HAGA

  • Rusinstitusjon på Mysen, for unge narkotikamisbrukarar
  • Drive av Phoenix, ein ideell stiftelse, gjennom 23 år
  • Arbeider med «fellesskapet som metode» og med rusfridom som mål
  • 7 av 10 som fullfører behandlinga, er rusfrie fem år etter
  • Tapte anbodsrunde i Helse Sør-Øst; lagt ned hausten 2013

RUS I NOREG

  • 55 000 pasientar i kommunal eller statleg rusbehandling i året
  • 8000 injiserande heroinmisbrukarar
  • 5 prosent av befolkinga er alkoholavhengige
  • 2500 pasientar på ventelister
  • Overdosedødsfall: 294 i 2011

RUSPOLITISKE GREP

  • Samhandlingsreforma (2012): Skal sikre tenester lokalt, med fleire oppgåver til kommunane og pengar til å utføre dei
  • Stoltenberg-utvalets rapport (2010): Rapport om narkotika, inneheld 22 forslag til forbetring av rusfeltet, blant anna heroinbruk innanfor legemiddelassistert rehabilitering, og samling av økonomisk ansvar på eitt forvaltningsnivå
  • Stortingsmelding «Se meg» (2011–2012): Regjeringas tiltak for ein heilskapleg rusmiddelpolitikk for narkotika, alkohol og doping. Denne har vurdert, men ikkje tatt opp i seg, alle forslaga frå Stoltenberg-rapporten

Tips eller reaksjoner? Send til frilansjournalist Ingelin Westeren på westerenfrilans@gmail.com eller til redaksjonen@psykologtidsskriftet.no.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 9, 2013, side 932-942

Kommenter denne artikkelen