Rita Østensen 1937–2013

Rita Østensen kom til Førde og Sogn og Fjordane i 1975 med ei stor oppgåve. Ho skulle utvikle eit poliklinisk hjelpetilbod til barn og unge med psykiske vanskar i heile fylket. Med oppvekst i Ålesund var ho vestlending i hjarte og sjel.

Rita var då ho kom, psykologspesialist, og hadde tidlegare arbeidd både i vaksenpsykiatri og i ein kortare periode på Statens Senter for Barne- og ungdomspsykiatri. Ho hadde difor røynsle med dei aller mest utsette barna og ungdommane frå heile landet.

Arbeidsmåten til Rita var utoverretta og det vi i dag ville kalle brukarfokusert. Å sørgje for at tilbodet vart fordelt utover heile fylket og til dei som trong det mest, stod sterkt i hennar ideologi. Barnet sine vanskar vart forstått i samanheng med familie og oppvekstmiljø. Då var det like viktig å hjelpe dei som var nærast til å hjelpe barnet. Difor prioriterte Rita kontakt med fagpersonane i kommunane høgt. Det tverretatlege samarbeidet vart utvikla med Rita si støtte og sin kunnskap. Ho sparde seg ikkje når det gjaldt reising til kvar kommune i fylket om vegane var meir krokete og ferjestrekningane endå fleire enn i dag. Å gje omsorg og råd til kollegaer som trong det, var sjølvsagt for Rita. Ho var eit jamenneske, noko som førde til at førespurnader om til dømes foredrag nesten utan unntak vart positivt mottekne. Det var i møtet mellom fagfolk og brukarar ein synleggjorde kva barne- og ungdomspsykiatrien kunne hjelpe med. Då måtte ein møte folk, og Rita snakka så folk forstod.

Samstundes med at poliklinikken starta opp, vart òg forskingsprosjektet «Organisering av det barneog ungdomspsykiatriske arbeidet i Sogn og Fjordane » etablert. Lokalt hjelpeapparat og lærarar skulle intervjuast om deira syn på psykiske vanskar, slik at ein fekk ei oppfatning av korleis dette var før tilbodet starta. Dessutan skulle ein vurdere kva trong det var for hjelpetenester. Det skulle vise seg at kombinasjonen av forsking og oppstart av tenestene var særs krevjande. Rita som leiar «stod i stormen», og måtte balansere omsyna til begge kantar. Som person var Rita varm, rett fram, ujålete og humoristisk. Ho hadde også noko ungdommeleg i sin veremåte som varde livet ut.

Då Rita forlét Førde i 1984 for å starte privatpraksis i Oslo, etterlét ho seg ein fagleg profil for arbeidsmåten i BUP som framleis pregar verksemda. Det siste året var Rita alvorleg sjuk, og det synte seg i haust at ho ikkje kunne bli frisk og få det gode livet tilbake. Vi er mange som er Rita stor takk skuldig for hennar energiske innsats for å starte barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn og Fjordane. Våre tankar går til hennar næraste i sorga over tapet.

Signe minnet om Rita Østensen.

Ole Alvsvåg, Inge Nordhaug og Camilla Voss

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 51, nummer 1, 2014, side 85

Kommenter denne artikkelen