Du er her

Klagesaker skal på nett

– Vi er valde av medlemene til å forvalte fagetikken. Då må medlemmene kunne sjå korleis vi forvaltar tilliten dei har synt oss, seier Knut Dalen i Ankeutvalg for fagetiske saker i Psykologforeningen. Foto: Nevropsykolog.no

Konklusjonane i fagetiske klagesaker mot psykologar blir snart offentlege.

Publisert
5. juli 2015

Konklusjonane i klagesaker som kjem til Fagetisk råd (FER) i Psykologforeningen etter 1. januar 2016, skal publiserast anonymisert på nettsidene til foreininga. Dette er nå vedtatt, etter diskusjonar i FER, på Psykologforeningens leiarkonferanse og på landsmøtet.

Hensikta er at psykologane skal få meir kunnskap om fagetikk. Psykologforeningen håper fleire vil delta i ordskiftet om fagetiske spørsmål, noe foreininga meiner vil koma brukarane av psykologiske tenester til gode.

– Stort framsteg

– Dette vil sikkert opplevast krevjande i ein overgangsperiode, men det er eit stort framsteg, og på sikt vil det bare ha positive følgjer, seier leiar Gisken Holst i Fagetisk råd.

Holst seier at det har vore diskusjonar og vurderingar om moglege ulemper.

– Omsynet til klagaren må vega tyngst, og det kan tenkjast at dette i verste fall vil føre til ein høgare terskel for enkelte klagarar, fryktar Holst.

Leiaren i Fagetisk råd understrekar at det er viktig å informere så godt det lèt seg gjera, og sørgje for at dei som klagar, kjenner føresetnadene.

– Klagaren må kjenne seg trygg på at dette ikkje vil koma i konflikt med teieplikta vi har som autorisert helsepersonell, seier Holst, og seier at poenget ikkje er refs, men læring. Innsyn i vurderingar vil etter hennar syn skjerpe krava til kvalitet på arbeidet til psykologar.

Openheit

Også konklusjonane frå Ankeutvalg for fagetiske saker (AFEK) skal publiserast anonymisert på nett. Leiar Knut Dalen i AFEK meiner at dei fagetiske refleksjonane ikkje skal haldast inne i eit lukka rom.

– Samfunnet er meir og meir ope, og då treng vi openheit om korleis Psykologforeningen vurderer fagetiske saker, seier Dalen, som meiner at openheit om fagetikken skapar tilit både hos psykologar og publikum.

Han får støtte frå Ada Sofie Austegard, som i fjor klaga ein psykolog inn for Fagetisk råd, noko som enda med at FER støtta psykologen. Ho seier det kan vera ein fordel med openheit rundt spørsmål som angår klager.

– Ein som klagar på dårleg behandling eller påståtte brot på etiske spørsmål, har elles lita moglegheit til å skapa debatt rundt ei yrkesgruppe som stort sett sit i lukka rom og gøymer seg bak teieplikta, seier Austegard.

Knut Dalen vedgår at det vert ei utfordring å utforme vedtaka slik at ein ikkje kan kjenne att aktørane. Gisken Holst i FER opplyser at det er ein viktig føresetnad at konklusjonane blir gjengitt slik at klagar og innklaga psykolog ikkje kan kjennast att.

– Vi oppfordrar til å bruke mal for anonymisering, som det for eksempel er gjort i vedtaka til Statens helsepersonellnemnd og liknande, seier Holst.

Psykologforeningen skal samle erfaringar med ordninga i to år, og justere viss det blir nødvendig.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 7, 2015, side 604

Kommenter denne artikkelen