Du er her

DIAGNOSEN

Om trær, flis og bollar – og ein diagnose.

Publisert
2. september 2016

Eg hadde arva Unge Lovande frå ein kollega. Unge Lovande hadde arva meg. Gratulerer med dagen! Så sat me der då – Unge Lovande og eg, Skjelvande Ospelauv. Ein dag i april. Sola skein inn glaset på kontoret. Eg skulle servera Unge Lovande diagnosen. DIAGNOSEN. På eit sølvfat. Informert, partert og ferdig diskutert. Eg hadde berre møtt Unge Lovande eit par gongar før. Resten av arbeidet var det min kollega, Stødige Fjell, som hadde gjort. Ho var diverre slutta. Så her satt eg og blomstra.

Kven i helsike er eg til å sitja her og sette alle desse DIAGNOSANE? Kan henda eg har både ein og to av desse sjølve. Kva veit eg? Utsikten lyt vel innskrenka innsikta i somme fall, og visa versa. Det var det der med å sjå flis i andre sitt auge, men leva godt og uvitande om bjelken i ditt eige. Og omvendt med han Narcissus. Eg veit ikkje kor mykje av verda rundt han fekk med seg, der han låg og spegla seg i vatnet.

Eg kjende eg burde tatt meg ein bolle. Ein stor ein. Roa meg kraftig ned. Eg tok sats og kasta DIAGNOSEN på bordet. Ferdig stempla, kategorisert og tverrfagleg vurdert.

Eg kjende det som et stort tre hadde ramla ned med eit brak imellom oss. Men eg var den einaste som høyrde det. Unge Lovande var heilt urørt. Eg kunne ikkje tenke på anna. Eg styrte og kava. «No e det sånn at…», «Basert på den utgreiinga me har gjort…», «Me trur at…», «Det betyr at…». Eg rodde febrilsk rundt. Padla og kava.

Eg veit ikkje kva Unge Lovande gjorde med DIAGNOSEN. Om han tok den med seg. Prøvde den på framfor spegelen heime. «Litt trong i halsen, men det går seg vel til. Han er jo ny, denne DIAGNOSEN.» Kanskje han heller la den ifrå seg på venterommet, mellom Donald-blad og Illustrert Vitenskap. Eller kanskje han ikkje eingong tok den med seg ut ifrå kontoret. Kanskje den ble liggande der. På golvet. I solsteiken i april.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 53, nummer 9, 2016, side 744

Kommenter denne artikkelen