Du er her

Journalistisk tunnelsyn

I saka «Det store sviket» begår journalisten feilen som Asbjørn Rachlew advarar mot.

Publisert
1. mars 2017

PRESTESAKEN

DET VAR INTERESSANT å lese februarnummeret av Psykologtidsskriftet. Først las eg Nina Strand sitt intervju med Asbjørn Rachlew. Dette var svært lærerikt og omhandla «Etterforskningens psykologi». Rachlew er politioverbetjent og forskar. Han fortel om kva som kan gå gale i avhøyr og etterforsking. Her kjem faglege gullkorn på løpande band. Her er nokon døme: «Nøkkelordet er kognitive bekreftelsesfeller, altså tendensen vi har til å legge merke til og lete etter opplysninger som støtter våre antakelser.» «Fra det øyeblikket man gjør seg opp en mening, starter disse ubevisste forenklingsstrategiene.» Eg kjenner att mykje av dette frå saker der eg sjølv har rolla som sakkunnig. Rachlew la særleg vekt på kor viktig det er at ein som etterforskar kan ha fleire tankar og hypotesar i hovudet når ein går inn i ei sak. Gjer ein ikkje det, risikerer ein å køyre seg inn i feil spor. Dette kan føre til at ein berre får med seg opplysningar som stadfester det ein sjølv meiner. Rachlew seier på slutten mellom anna: «Vi etterforskere kan få tunellsyn, men det gjelder også psykologer – og journalister.» Etter å ha lese intervjuet, som berre er på to sider, kjende eg meg opplyst.

Så gjekk eg laus på å lese den neste artikkelen: «Det store sviket». Journalist Øystein Helmikstøl som etterforskar, eller «etterforskande journalist», heiter det kan hende. Her var det ikkje mykje å finne av det som Rachlew hadde omtala som ein burde gjere for å komme fram til best mogleg resultat. Eller sagt på ein annan måte, her fekk lesaren demonstrert i praksis mange av fellene som var omtala i intervjuet med Rachlew. Utan at eg kjenner saka, eller tek stilling til faktum, var det påfallande korleis Helmikstøl plukkar opp informasjonen som stadfester hypotesen som det ser ut til at han hadde då han starta med arbeidet. Eg fekk denne underlege kjensla av at så enkelt og innlysande kunne det ikkje vere. Kjensla av at her må det mangle noko i framstillinga. At alle andre kunne ta så mykje feil i ei så eintydig sak. Sett på spissen fekk eg etter kvart attkjenning av soga om han som kom heim ein mørk kveld og oppdaga at han hadde mista nøkkelknippet sitt på vegen heim. Då gjekk han og leitte etter nøklane under alle lyktestolpane. Der var det lettast å leite.

Det var synd at ikkje Øystein Helmikstøl hadde lese intervjuet med Rachlew før han gjekk i gang med arbeidet som etterforskar. Her hadde han funne mange god tips som han kunne hatt nytte av. Då trur eg at eg hadde kjent meg opplyst etter å ha lese dei 36 sidene Helmikstøl har brukt på sin debut som etterforskar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 55, nummer 3, 2017, side 311

Kommenter denne artikkelen