Du er her

Engasjerande innblikk i krigs- og katastrofepsykiatri

Lynne Jones Outside the Asylum. A Memoir of War, Disaster and Humanitarian Psychiatry Weidenfeld & Nicolson, 2017. 369 sider

Lynne Jones skriv med stor kunne og mykje engasjement om sin karriere som psykiater i krigs- og katastrofeområde. Men boka kunne med fordel vore enda meir personleg.

Publisert
3. mai 2018

OUTSIDE THE ASYLUM er Lynne Jones sine memoarar om 25 år som psykiater i krigs- og katastrofeområde. Boka startar med hennar bakgrunn som ikkje-valdeleg idealist og utfrodringane ho hadde med å velje mellom medisin og sosialantropologi. Brikkene fell på plass då ho fann jobb som psykiater rundt om i verden. Først på Balkan under krigane der, så Vest-Afrika i etterkrigstida i Sierra Leone, innom tsunamiresponsen i Søraust-Asia, via Irak og flyktningleirar i Etiopia til Haiti etter jordskjelvet der. For å nemne noko. Erfaringane hennar er til å miste pusten av.

Eg-fortelling

Boka gjev lesaren eit solid innblikk i kva det vil seie å jobbe med psykiatri i krig og katastrofar. Det unike med denne boka er at ho beskriv eit slikt arbeid frå eit eg-perspektiv. Jones viser med stort engasjement korleis menneske med utviklingsforstyrringar, bipolar liding eller schizofreni, omtala som gale, anten blir lenkja fast og skjulte frå omverda eller går fritt rundt i si eiga verd, samstundes som dei blir slått og mishandla av folk rundt dei.

Forfattaren stiller gjentekne gonger spørsmålet om traume er blitt det store in-ordet for alle organisasjonar som hjelper i krig og katastrofar, og om samtalegrupper er løysinga på dette. Ho argumenterer for at vi ikkje må patologisere reaksjonar på forferdelege hendingar og håplause livssituasjonar. Ho understreker dette ved eigne observasjonar av at folk flest er svært motstandsdyktige og kreative i møte med store kriser. Som ei forlenging av dette peiker ho på at hjelparane må høyre enda meir på kva dei som skal ha hjelpa, sjølve seier. Hennar erfaring er at ofte er tryggleik, vatn, mat og hus den beste psykiske helsehjelpa ein kan gje i slike situasjonar. Dette gjeld òg lokale løysingar på mentale helseutfordringar, og ho har fleire avsnitt med spanande skildring av nyanserte lokale måtar å snakke om lidingar på som vi kjenner igjen i Vesten, men som vi brukar andre ord for.

Eit anna gjennomgåande tema i boka er Jones sitt brennande engasjement for at mental helse-intervensjonar både i krigs- og katastrofesituasjonar ikkje kan betraktast som isolerte, men at dei må sjåast i ein politisk samanheng. Av dette følgjer det at all hjelp til menneske i nød krev eit politisk engasjement for å få merksemd om dei systematiske ulikskapane i samfunnet som ligg til grunn for mange folk sine psykiske lidingar.

Ikkje nær nok

Poenga til Jones er framført med driv og stort engasjement. Samstundes opplever eg boka som noko grunn ved fleire tilfelle. Kasusa ho beskriv, er ofte korte, og svært enkle. Ho seier lite om kva ho tenkjer når ho deler ut psykofarmaka over ein låg sko. Kva skjer med pasientane når medisinane tek slutt? Korleis forsikrar ho seg om at pasientane faktisk tek medisinen som dei skal? Vurderer ho av og til at det er farleg å dele ut medisinar?

Vidare seier ho minimalt om dei ho ikkje greier å hjelpe. Ei heller nemner ho dei menneska ho ikkje har lyst til å hjelpe. Slike perspektiv hadde gitt boka fleire nyansar. Som lesar vert eg nyfiken på kven denne Lynne Jones er. Ho skriv mykje om kva ho har gjort, og i korte trekk kva som motiverte henne. Korleis held ho ut å sjå all denne lidinga og samstundes vite kor lite ho får gjort? Kva gjev henne denne ekstraordinære driven? Og kva er kostnaden med ein slik livsstil? Dette får lesaren i beste fall nokre få hint om.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 56, nummer 5, 2018, side 379

Kommenter denne artikkelen