Du er her

Fra arkivet: 1932/1978

Er det psykoanalyse?

Psykologi plar være spanande lesning; særlig den moderne plar være fengslande, – ikkje minst når han kjem inn på psykoanalysen eller delar av psykologien som er i slekt med den. Ein gled seg til å ta fatt på ei bok om slike emne.

Så mykje større er vonbrotet når ein ikkje får noko ut av boka. Og eg må seie at det var eit vonbrot å lese denne boka av Strømme. Vel visste ein fyreåt at dr. Strømme ikkje er godkjend av den psykoanalytiske unionen, og at ein altså har lita trygd for kunnskapane hans: men at boka hans skulde være så gørrande keidsam, det hadde ein ikke kunna drøyma om.

I heile boka er det mykje snakk; ofte heilt uforståeleg snakk. For ein part kjem dette av at målet er så gruverdig dårleg. Setningsbygnaden er keiveleg og ofte uklår; og ordvalet gjør det ikkje betre. Slik ein vrimmel av framandord skal ein leite lenge etter. Eit lite døme: «I det øieblik at et individuelt kjønnsdriftsengram ekforeres, anslåes de assosiativt tilknyttede fyliske engrammer der inneholder arbeidslyst-erindringer, selv om disse ikke alltid kommer til å stå i bevisst konneks med psyken.» – Har ikkje forlaget ein konsulent som kunne hjelp forfattaren til å få litt greie på språket sitt? Om det så er «sjeledypets språk», så må det kunne bli klårare!

Verre er det at Strømme gjennom heile boka brukar lause hypotesar som om det skulde vere handfaste fakta, ofte med ei mine av at det ikkje bare er prova, men reint sagt sjølvsagde. Det «er til overdådighet bevist, at alle menneskelige prosesser er kausalt betinget av engrammer.» Ja, er det det? Er ikkje heile engram-teorien ennå svært omstridt? Iminsto kan ein vel ikkje på nokon måte ta engramma så konkret som Strømme gjør. «Man får skaffe sig nye engrammer», seiar han så floitt ein stad, mest som ein kunde tinge dei i posten! – At det «fyliske engrammer» (nedarvede minnespor) finst, det er Strømme ikkje det minste i tvil om. Det er vel og grunnlaget for at «vi kan bevise at de (plantene) har en sjel og altså liv, som jo er erindring + energi(ånd)», – og at «hver eneste liten celle i f. eks. planten har arvet sine erfaringer fra sine foreldre».

– Er det ikkje òg litt djervt å hevde at «hvis barnet fikk kontakt med de fyliske erfaringer, vilde disses forståelse gjøre barnet til et geni»? Iminsto så lenge det er overlag tvilsamt om ein i det heile kan gjøre noko for å få frem et sjeni. – Likeeins heiter det: «Læren om den infantile rot til og ødipussituasjonens mektige innflytelse på religionsdannelsen er selvsagt riktig.» Sjøvagt? – Og er det verkelig så, at det er «hemningene» som skaffar fram kolera, svartedaude og andre farsottar? Er det so at «homoseksualitet absolutt ikke kan være medfødt»? Bakterologi, endokrinologi og andre vitskapar blir det tydelegvis lite att av etter dette! Og lesaren blir sitjande som eit levande spursmålsteikn lange, fange stykke. Det hender diverre óg når ein les sjukedomshistoriene; dei er lite overtyande.

Heile tida roper Strømme på Freud, og talar om «vi anagoge analytikere som arbeider på Freuds eget strenge grunnlag»; då er det ikkje råd anna enn å undre seg over at han set inn så mykje på aktiv suggestjon overfor patientane sine. Er ikkje det nokså sterkt i strid med «Freuds eget strenge grunnlag»?

Elles meiner Strømme at han på dette grunnlaget har laga seg ei eiga retning: «Die Richtung Strømme». Skilnaden millom denne retninga og psykoanalysen elles kan eg ikkje kome inn på, men måten han omtalar seg sjølv på, verkar ikkje bare sympatisk; skal ein mann være martyr, bør han helst overlate utropinga til andre. Ein slengut og ikkje heilt finsleg omtale av motstandarar, særlig medisinarar og prestar, kan heller ikkje gagne den som skriv.

Ï det heile er det eit spursmål kven denne boka kan gagne. Den ekte psykoanalysen blir det sikkert ikkje, og knapt andre heller. Dersom denne boka kan få verkelege psykoanalytikarar til å skrive bøker for ålmenta om sine synsmåter og røynsler, vil ho likevel ha gjort nytte.

Åse Grude Koht (senere Skard) anmelder Johs. Irgens Strømmes «Sjeledypets Sprog», opprinnelig publisert i Norsk Pedagogisk Tidsskrift, nr. 9 1932, republisert i Psykologtidsskriftet september 1978.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 56, nummer 6, 2018, side 513

Kommenter denne artikkelen