Du er her

Psykolog/psykologspesialist

Statens Barnehus Bergen

Er du vår nye psykolog/psykologspesialist? 


Statens Barnehus Bergen har ledig to faste stillingar i 100 % som psykologspesialist SKO 1304 i barnefagleg team. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar som psykologspesialist vil vi vurdere tilsetjing i stiling som psykolog SKO 0794. Det kan òg vere aktuelt å tilsetje i lavere stillingsprosent (minimum 50 %).

Statens Barnehus Bergen og avdeling Førde består for tida av 19 tilsette. Gjennom aktiv samhandling skal vi sørgja for tryggleik, god helse og rettstryggleik for overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming. Barnehusene har i 2024 fått utvida mandat og tilbodet skal inkludera unge mistenkte for seksuallovbrot. Vi er eit tverretatleg samarbeidstiltak som formidlar kunnskap innan feltet og fremjar samarbeid med andre instansar. Hos oss får du vere ein del av ein utfordrande og spennande arbeidsplass der kompetanse og evne til samarbeid og god kommunikasjon blir høgt verdsett.

Du blir ein del av barnefagleg team saman med øvrige seniorrådgjevarar og psykologspesialist. Det faglege arbeidet blir leia av seksjonsleiar for Statens Barnehus og avsnittsleiar for barnefagleg team.

I tillegg til barnefagleg team har vi fem konsulentar og ein teamleiar for administrativ støtte og tekniske oppgåver, og ein av konsulentane er lokalt tilsett ved avdeling Førde.

Statens Barnehus er ein del av Felles eining for førebygging i Vest Politidistrikt. Det blir arbeidd på tvers av alle fagmiljø i politiet som arbeider med utsette barn og unge, samt med relevante fagmiljø som jobbar med overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming.

Fast arbeidstad for stillinga er i Bergen, men noko reiseverksemd og arbeid ved avdeling Førde må påreknast.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen


Annonsen er fra Psykologtidsskriftets mai-utgave som har utgivelse 2. mai 2024  
 

Søknadsfrist
20. mai 2024