Psykologtidsskriftet

Møre og Romsdal

Psykologspesialist/
psykolog

Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledig
100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog fra 01.09.2025.

Seksjon Akutt psykisk helse Sunnmøre blei etablert våren 2025 etter ombyggingsprosess og omorganisering der to tidlegare akuttseksjonar blei slått saman til ein. Målet har vore å samle det akuttpsykiatriske fagmiljøet under ein seksjon, noko vi no har fått til. Akutt psykisk helse Sunnmøre er ein akuttseksjon med mottaksfunksjon, og vi har 10 pasientrom og 4 intensivsenger (skjermingsrom). I tillegg til ein psykologspesialist vil det vere 3 overleger, 1 LIS3 og 2 LIS1 ved seksjonen. Per i dag er det tilsett tre andre psykologspesialistar på avdelinga. Ein ved Lokal sikkerheitspsykiatri HMR, ein ved Utgreiing og behandling og ein som skal vere ved den nye psykoseseksjonen som er under etablering.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består elles av 6 seksjonar. Akutt psykisk helse Sunnmøre, Lokal sikkerheitspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri, Spesialisert habilitering og frå september 2025 ein nyoppretta seksjon for psykose.
Dei aller fleste pasientane er innlagde via øyeblikkeleg hjelp. Seksjonane samarbeider tett med kvarandre og andre avdelingar i føretaket og førstelinjetenesta.
Vi søkjer deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, du kan gi miljøpersonalet fagleg rettleiing og du ønskjer pasientbehandling med fokus på frivilligheit, medverknad og redusert bruk av tvang.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk vurdering og utgreiing

  • Sjølvstendig behandleransvar for pasientar

  • Behandling og stabilisering av pasientar som er i en akuttfase

  • Tett samarbeid med andre faggrupper

  • Vere ein pådrivar for fagleg utviklingsarbeid

  • Bistå andre seksjonar ved behov

  • Undervisning og rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist - fordel med vedtakskompetanse

  • Det er ønskjeleg med brei erfaring innen psykisk helsevern for vaksne

  • Psykologar som er i eit spesialistløp kan også søkje

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg motivert og har interesse for å utvikle ei framtidsretta akuttpsykiatri

  • Du trivst med å arbeide i team

  • Du har evne til å arbeide i ein hektisk kvardag og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

  • Du trivst med både sjølvstendig og tverrfagleg arbeid

  • Du har godt humør, er målretta og nysgjerrig

  • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel

  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre si kompetanse

    Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

  • Rekrutteringstillegg

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar med høy kompetanse

  • Ein inkluderande arbeidsplass

  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her