Du er her

Auka psykologmakt i barnevernet

Prinsippet om utviklingsfremjande tilknyting vil medføra fleire omsorgsovertakingar. Likskapen med presteskapet si handsaming av taterfolket er slåande.

Publisert
5. april 2013

SKJØN: – Psykologane si makt er ganske lik posisjonen til prestane under verjerådslova for over 60 år sidan, som råka særleg borna til taterfolket, skriv Joar Tranøy. Liks prestane nyttar psykologane eit vidt skjøn utan krav til prov.

Foto: YAY Micro

DEBATT: SAKKYNDIGHET I BARNEVERNSSAKER

 

Makta til psykologane i norsk barnevern har auka sterkt dei siste 20 åra. Auken kjem fyrst og fremst av barnevernlova av 1992 og opprettinga av fylkesnemnda der psykologane har ein markant posisjon.

Raundalen & Co vil redda barn som lever under «utviklingshemmende omsorgsbetingelser». Dette psykologskapte omgrepet vil truleg føra til fleire omsorgovertakingar

Deltakinga i fylkesnemnda er at dei som fagkunnige medlemer i nemnda tek avgjerder i saker der born vert fjerna frå foreldra sine. Samstundes er psykologar i regelen sakkunnige i saksførebuing. Rolla til psykologane er diagnostisk. Dei sakkunnige psykologane er som regel kliniske spesialistar utan skolering i utgreiingsmetode, til dømes kjeldekritikk. Rapportane manglar vitskapleg validitet og reliabilitet, og det trugar rettstryggleiken til born og foreldre.

Eit vidt skjøn utan krav til prov

Psykologane si makt er ganske lik posisjonen til prestane under verjerådslova for over 60 år sidan, som råka særleg borna til taterfolket. Til liks med prestane nyttar psykologane eit vidt skjøn utan krav til prov. Prestane nytta sin autoritet til å ta born frå foreldre etter påstandar om sedløyse. Kriteria for inngrep var diffuse moralske omgrep som «sædelig Fordærvelse» (§ 1a) og «sædelig forkomne» (§ 1b). Minst 1500 taterborn vart plasserte anten i fosterheim eller barneheim i perioden 1900?1970. Psykologane si tilnærming er å gripa inn med førebyggjande omsorgsovertaking på grunnlag av det dei meiner kan vera «manglende utviklingsfremmende tilknytning». Psykologekspertane meiner barnet må vernast mot framtidig skadeleg utvikling.

Psykologisering tek no vekk fokus på at dei fleste klientar i barnevernet slit med dårleg økonomi og marginalisering. Befring- utvalet slo dette fast for 10 år sidan. Utvalet meinte at styresmaktene ikkje synte vilje til å vedgå fattigdomsproblem i Noreg.

Flaggsak: Å redusera det biologiske prinsippet

Opprettinga av «Forum for sakkyndige psykologer» (FOSAP) i 1994 har gjeve psykologprofesjonen ei strategisk posisjon til departementet. Ei av flaggsakene er å redusera det biologiske prinsippet i lovverket. FOSAP utarbeidde eit notat til departementet om det biologiske prinsippet i 2002 og konkluderte med at:

Det er gruppas oppfatning at det biologiske prinsippet får for stor vekt i forhold til hensynet til barnets beste i noen av de alvorligste sakene, på tross av formuleringene i Lov om barneverntjenester § 4?1. Vi vil derfor anbefale at adgangen til å kunne la det biologiske prinsippet vike i enkeltsaker presiseres ytterligere i denne paragrafen.

Nedtoninga av det biologiske prinsippet står i motsetnad til teksten i lovforarbeidet til barnevernlova av 1992:

Det er et grunnleggende prinsipp i vårt samfunn at foreldrene selv sørger for sine barn. Selv om det påvises svikt hos foreldrene i deres forhold til barn – kanskje problemer av alvorlig karakter – er utgangspunktet derfor at problemene primært bør søkes bedret ved hjelpetiltak. Et annet utgangspunkt ville bryte radikalt med de rådende normer i dag.

Fleire omsorgovertakingar

Raundalen-utvalet vil innføre prinsipp om utviklingsfremjande tilknyting. Det vil medføra fleire omsorgsovertakingar. Likskapen med presteskapet si handsaming av taterfolket er slåande. Raundalen & Co vil redda barn som lever under «utviklingshemmende omsorgsbetingelser».

Dette psykologskapte omgrepet vil truleg føra til fleire omsorgovertakingar, grunna heimel i barnevernlova av 1992 § 4?12, som legg opp til framtidsvurdering. Psykologane vil ikkje skjøna at det er ei stor påkjenning for borna å verta fjerna frå foreldra sine, og at desse skadeverknadene vert feilvurderte som konsekvens av manglande omrorg frå foreldra si side.

joartranoy@hotmail.com

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 4, 2013, side

Kommenter denne artikkelen