Du er her

Barnslig ironi

Fireåringar er påvist å bruka ironi flittig i ein ny kanadisk studie.

Ved laboratorietesting av born si forståing av ironi finn ein så å seia inga forståing før rundt seksårsalderen, og lite før ungane er mellom ti og elleve. Ei gruppe kanadiske forskarar sette seg føre å observera foreldre og born som brukte sarkasme, overdriving, understatements og retoriske spørsmål på heimebane. Hovudforfattar Holly E. Recchia og kollegaer fann at små born kunne forstå og bruka ironisk tale, sjølv om dei ikkje kunne forklara kva det var. Studien, som er publisert i The British Journal of Developmental Psychology, inkluderte 39 familiar, alle med to foreldrar og to born med snittalder på fire og seks år.

Etter transkribering av meir enn 350 timar med samtale frå heimane fann forskarane at alle dei eldste ungane kom med minst ein ironisk kommentar, det gjorde òg 38 mødrar, 26 fedrar og 37 av dei yngste ungane. Totalt registrerte dei 1661 kommentarar med ironisk innhald.

– Dette er ei ny brikke i eit større puslespel, kommenterer Janet Wilde Astington til New York Times. Ho er professor i psykologi ved University of Toronto og har publisert mykje om barnespråk, men var ikkje involvert i denne studien. Astington meiner studien er viktig, fordi den viser ironiforståing hos så unge born, og fordi resultatet står i kontrast til det ein ville venta å finna basert på resultata frå eksperimentelle studiar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 11, 2010, side

Kommenter denne artikkelen