Du er her

Sterk samanheng mellom mobbing og PTSD

Eit snitt på 57 prosent av personar som har vore utsette for mobbing, rapporterer symptom på posttraumatisk stress over grenseverdiar for diagnosen.

Ein ny litteraturgjennomgang og metaanalyse frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at det er ein sterk samanheng mellom eksponering for mobbing i skule eller arbeidslivet og symptom på posttraumatisk stressforstyrring (PTSD). I alt 29 enkeltstudiar var inkluderte i gjennomgangen, skriv Dagens Medisin 6. mars. Eit snitt på 57 prosent av personane som hadde vore utsette for mobbing, rapporterte symptom på posttraumatisk stress over grenseverdiar for diagnosen.

Til samanlikning reknar ein med at cirka ein prosent av befolkninga til kvar tid lid av PTSD. Blant soldatar som har vore i krig, og blant katastrofeoffer, har 10–20 prosent symptom på forstyrringa. Det same gjeld for 30–40 prosent av dei som har vore utsette for valdtekt.

Alle studiane var basert på tverrsnittsdesign, der mobbing og posttraumatisk stress er målt på same tidspunkt. Det er difor ikkje mogleg å seia om mobbing fører til symptom på PTSD, eller om personar som allereie har PTSD, har auka sjanse for å oppleva seg som mobba, understrekar forskarane bak den publiserte studien.

Referanse: Nielsen, Morten Birkeland et al. (2015). Post-traumatic stress disorder as a consequence of bullying at work and at school. A literature review and meta-analysis. Aggression and Violent Behavior. Volume 21, side 17–24.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 4, 2015, side

Kommenter denne artikkelen