![]() | |||||||||
| Tidligere utgaver | Abonnement og løssalg | Stillingsannonser | For annonsører | Skriv for oss | Om oss | English | |||
Hundrevis av psykologar frå heile landet kom i slutten av august saman for å læra og tenkja kring tilhøvet mellom forsking og psykologisk praksis.
Hundrevis av psykologar frå heile landet kom i slutten av august saman for å læra og tenkja kring tilhøvet mellom forsking og psykologisk praksis.
Kunnskapsbasert psykologisk praksis – nye utfordringer! Dette var tittelen på Psykologikongressen 2006 som gjekk av stabelen i Oslo 31. august til 1. september. Over 350 personar hadde funne vegen til kongress-senteret i Folkets Hus i Oslo, og etter tilbakemeldingane å døma kom dei ikkje fåfengt.
– Evidensbasert praksis er ein del av kvardagen vår, seier kongressdeltakaren Anne Sund, som til dagleg jobbar som psykolog ved Folloklinikken. Vi møter henne og kollegaen Lise Ellis frå Jessheimklinikken i ein pause mellom foredrag, workshops og posters. I det polikliniske arbeidet er psykologane dagleg opptekne av å finna den behandlinga som gjev best effekt.
Begge var på kongress også i fjor, og strekar under at det gjev inspirasjon, i tillegg til fagleg påfyll.
OPPDATERTE: Psykologane Lise Ellis og Anne Sund fann både inspirasjon og relevant kunnskap på Psykologikongressen.
– Eg opplever absolutt å bli oppdatert i forhold til kva vi lærte på studiet, seier Lise Ellis. Som døme dreg ho fram Paul Salkovskis si vektlegging av at å nytta feil metode ikkje bare er gagnlaust, men at det beint fram kan vera skadeleg.
– Dette blei ikkje snakka om på studiet, fortel ho.
Anne Sund på si side likte det Leslie Greenberg sa om korleis pasientane sine eigenskapar og kjensler speler inn på terapisituasjonen.
– Kjempespanande og oppdaterande, er Lise Ellis si spontane oppsummering av ein workshop med Lars-Göran Öst om einsesjonsbehandling av spesifikke fobiar. Anne Sund valte å høyra Stine Laberg undervisa om «Kognitiv atferdsterapi ved behandling av spiseforstyrrelser», noko ho etter eiga fråsegn fann utruleg inspirerande.
Arrangørane hadde lagt opp til eit tett og innhaldsrikt program. Heile 13 plenumsforedrag og 17 workshops blei avvikla på to dagar. I tillegg kom kulturelle innslag ved Rhoda Ondeng Wilhelmsen og ein trio under leiing av saksofonisten Petter Wettre. Det sistnemnde innslaget var til ære for Torkil Berge, som på slutten av første kongressdag blei tildelt Åse Gruda Skardprisen for popularisering av psykologisk vitskap.
Dei utanlandske trekkplastera i år var professorane Paul Salkovskis og Leslie Greenberg frå høvesvis Storbritannia og Canada. Begge er føregangspersonar innanfor moderne psykoterapi og har på kvar sin kant vore sentrale i utviklinga av evidensbaserte terapiformer. Les dobbeltintervjuet med desse ein annan stad i denne utgåva av Tidsskriftet.
Helsedirektør Lars Hansen heldt eit eige foredrag der han oppmoda psykologar til å ta i bruk kunnskapane i Helsetilsynet sine rapportar. Svein Magnussen frå Universitetet i Oslo snakka om «Vitnepsykologi og psykologisk fagkyndighet». Han byrja med å forklara at det å vera sakkunnig dessverre ikkje alltid var det same som å vera fagkunnig, og kom så med ei rekkje døme på situasjonar frå rettsvesenet der psykologar hadde uttalt seg utan fagleg fundament.
Fredagen presenterte mellom anna Dan Olweus frå Universitetet i Bergen forsking og aktuelle tiltak i samband med mobbing i skulen, og medlem i FN sin komité mot tortur, Nora Sveaas, heldt eit engasjert og innhaldsrikt innlegg under tittelen «Det internasjonale arbeidet mot tortur – en utfordring for psykologisk virksomhet».
![]() | Fellesfaktorer: ingen kur for alt John Kjøbli & Terje Ogden |
![]() | Positive Psychology Progress Empirical Validation of Interventions Martin E. P. Seligman et al. |
![]() | Evidenskravet i psykoterapi Asle Hoffart et al. |
![]() | Klinisk kunst og vitenskap må blandes Hanne Weie Oddli et al. |
![]() | Evidensbasert psykologisk praksis An-Magritt Aanonsen |
![]() | Evidensbasert foreldretrening: Hvordan kan forskning bidra til at flere barn med atferdsvansker får bedre hjelp? John Kjøbli et al. |
Søk
Søk på tittel, tema, forfatter, dato eller fritekst
Finn
Bla deg fram til det du leter etter
Foreningen for psykologer i privatpraksis med og uten driftstilskudd Seminar og årsmøte i Drammen 24–26. oktober
Videreutdanning i arbeidsrettet rehabilitering 2013/14
Kronisk traumatisering og strukturell dissosiering av personligheten, med Ellert Nijenhuis Bergen, aug. 2013–mai 2014
Emosjonsfokusert terapi i behandling av spiseforstyrrelser Bergen 14.–15. juni 2013
| Tidsskrift for Norsk Psykologforening | Postboks 419 Sentrum, N-0103 Oslo | Tlf. (+47) 23 10 31 30 | Telefaks: (+47) 22 42 44 20 |
| Ansvarlig redaktør: Bjørnar Olsen bjornar@psykologtidsskriftet.no | Nettansvarlig: Arne Olav L. Hageberg arne.olav@psykologtidsskriftet.no |
| RSS | Tips og tekster: redaksjonen@psykologtidsskriftet.no | Annonser og abonnement: tidsskrift@psykologtidsskriftet.no |
| Utgitt av Norsk Psykologforening: www.psykologforeningen.no |