Du er her

Kva er ein psykolog?

Det er stor forskjell på å vere psykologstudent i Japan og i Noreg. Første overrasking møtte eg allereie då eg skulle presentere meg i fagmiljøa.

Publisert
6. november 2012

SPRÅK OG RØYNDOM: Bildet viser dei japanske teikna for «klinisk psykolog». Psykologi er eit svakt og oppstykka felt i Japan. Dei 24 666 personane som kallar seg klinisk psykolog, jobbar mest med klinisk vurdering og rådgiving, og meir med testing enn med behandling.

I Japan er det vanleg at ein første gong ein treffer nokon, presenterer seg med namn og «tilhøyring», det vil seie kva ein studerer, og gjerne kvar ein studerer det. Ut frå denne presentasjonen finn ein ut kvar i hierarkiet ein høyrer heime i forhold til den ein snakkar med, og dermed kor formell ein skal vere i språket. Ut frå ein norsk kontekst skulle det å studere psykologi ha plassert meg i ein relativt god posisjon sosialt sett. Men då eg i starten presenterte meg som psykologstudent, etter å ha leita lenge på nettet for å finne den rette offisielle termen for dette, var det var få som i det heile tatt forstod kva eg dreiv med når eg presenterte meg som psykologstudent.

Splitting

Psykologi er eit svært svakt og oppstykka fagfelt i Japan. Som psykolog står ein i ein svak posisjon i det offentlege helsevesenet. Ein av dei viktigaste årsakene til dette er antakeleg at medan psykolog i Noreg er ein statsautorisasjon med ein beskytta tittel, er psykolog i Japan ein av fleire liknande titlar som kan tildelast av forskjellige foreiningar. Det finst det meir enn 30 psykologforeiningar i Japan, og det har vist seg vanskeleg å få psykologar til å samlast og einast om retningslinjer for profesjon og profesjonsutøving. I det siste har forskjellige foreiningar arbeidd aktivt for å gjere noko med denne oppstykkinga, og «Foundation of the Japanese Certification Board for Clinical Psychologists» (FJCBCP ) er ein samleorganisasjon for 16 psykologforeiningar som har oppretta ein delvis beskytta psykologtittel. Or ganisasjonen hadde anno 2012 akkreditert 24 666 individ med tittelen ‘?????’ (rinshoushinrishi), som direkte omsett tilsvarar den norske tittelen klinisk psykolog.

Ifølgje FJCBC er psykologars virkeplass, som i Noreg, innanfor utdanningssektoren, helsevesenet, innanfor velferdssektoren, på arbeidsplassen, og i fengsels- og jussektoren. I motsetnad til Noreg stipulerer organisasjonen klinisk vurdering og rådgjeving som sitt hovudområde, og fokuset er på psykometrisk testing heller enn behandling. Dette er ifølgje mi kjelde ein konsekvens av at legar har einerett til å diagnostisere.

Den posisjonen psykologar har i Noreg, er utenkjeleg for psykologar i Japan, og mange blir sjokkerte når eg fortel at legar og psykologar ofte arbeidar side om side

Svak posisjon

Sjølv om ein av mine kollegaer i Japan forsikrar meg om at det er stor individuell variasjon i kor fritt spelerom den enkelte psykolog får ved sin arbeidsplass, er realiteten for mange psykologar i det offentlege helsevesenet at dei står i ei relativt svak komplementærstilling til psykiatrar og legar. Det er til sist dei med medisinsk utdanning som formelt sett står med det faglege behandlingsansvaret. Behandling både i institusjon og poliklinikk er sentrert rundt psykiateren.

Ein annan konsekvens av den manglande statsautorisasjonen er at psykologbehandling ikkje vert dekka av den offentlege japanske helseforsikringa. Dette, saman med den relativt lave sosiale posisjonen ein endar opp i dersom ein vel å arbeide i det offentlege helsevesenet, fører til at mange psykologar vel å arbeide privat.

Den japanske legeforeininga har lang fartstid i Japan og blir sagt å ha direkte påverknadskraft på regjeringa, og mange psykologar trur at ein av grunnane til at psykologane ikkje klarar å hevde seg, er at legeforeininga aktivt prøver å halde sin sterke posisjon i det japanske samfunnet. På den andre sida hevdar mange legar at grunnen til at psykologar ikkje klarar å hevde seg, er at dei ikkje greier å einast nok til å setje seg ned og byggje ut eit system som har gjennomslagskraft. FJCBC arbeider for å styrke psykologposisjonen, men med tanke på kor vanskeleg det hittil har vore for psykologstanden i Japan å kome saman som fagfelt, er det nok ikkje urimeleg å tru at profesjonen har ein lang veg å gå før han vil klare å hevde seg i det japanske samfunnet.

Den posisjonen psykologar har i Noreg, er utenkjeleg for psykologar i Japan, og mange blir sjokkerte når eg fortel at legar og psykologar ofte arbeidar side om side, og at det er langt frå utenkjeleg at psykologar her kan ha leiarposisjonar, sjølv på institusjonar der det arbeidar legar og psykiatrar.

ase.mattson@gmail.com

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 11, 2012, side

Kommenter denne artikkelen