–Er du den same Knut Dalen som er på «Kav Halling» på Facebook?
Knut Dalen
- Knut Dalen
Nevropsykolog.no AS
Kan hende er det meir tillitvekkande for våre brukarar når vi tør å syne at vi også har eit liv utanom kontoret.

Knut Dalen
Foto: privat
Spørsmålet blir stilt på kav halling, med rett uttale av etternamnet mitt, slik ein gjer det når ein kan den lokale dialekta. Han som spør, er ein godt vaksen kar på min alder. Vi er ikkje på noko nettforum når spørsmålet kjem, men på kontoret mitt. Han er tilvist til nevropsykologisk undersøking, og vi er i gang med anamneseopptaket. Han er spent slik alle har lov til å vere når dei kjem til psykologen for første gong. Eg stadfester at det er eg som brukar å skrive innlegg på Facebook-gruppa «Kav halling». Skuldrene hans senkar seg, han set seg godt til rette i stolen, ser meg inn i augo og seier: «Då skal dette gå bra!»
Eg har hatt fleire innlegg på internasjonale konferansar der temaet har vore psykologar og bruk av sosiale medium. Ein av titlane var «Facing Facebook and other social media». Det er dei etiske sidene ved dette som eg særleg har vore oppteken av.

Illustrasjon: Kristian Utrimark
Det er meir enn tjuefem år sidan NPF fekk den første fagetiske klagesaka der ein psykolog vart klaga inn med bakgrunn i framferda hans på sosiale medium. Han var aktiv på Usenet, som var ei av dei få diskusjonsgruppene som eksisterte i steinalderen. Klagesaka enda med åtvaring, der han kom til å bli meld inn til Sentralstyret dersom han ikkje endra framferda si på Usenet. Den innklaga psykologen meinte at han ikkje var psykolog når han deltok på diskusjonsgruppa. Utsegnene som han kom med der, var like private som om han hadde komme med dei på puben som låg i nabolaget der han budde. Det var takt og tone i diskusjonsgruppa som var gjeldande, ikkje dei etiske prinsippa, som etter det han visste, ikkje omhandla cyberspace i det heile teke. Han hadde også si eiga webside som psykolog, der han hadde link til alle innlegga sine på Usenet. Han såg ikkje at dette kunne oppfattast som at han også var psykolog når han skreiv både usaklege og krenkande innlegg i diskusjonsgruppa. Utan å gå i alle detaljar, så konkluderte Fagetisk råd (FER) med brot på alle dei fire prinsippa i Etiske prinsipper for nordiske psykologer (EPNP): Respekt, kompetanse, ansvar og integritet. Psykologen var ikkje samd med FER sin konklusjon. Han la heile konklusjonen til FER ut på diskusjonsgruppa. Der låg konklusjonen i fleire år, og psykologen har såleis lagt grunnlaget for at eg fritt kan sitere frå konklusjonen i denne klagesaka. Det set eg pris på. Open refleksjon er avgjerande for å halde eit godt fagetisk nivå.
Klagesaka frå 2001 vart vurdert etter dei same etiske prinsippa som vi har i dag. I mellomtida har cyberspace eksplodert når det gjeld sosiale medium. Sjølv skaffa eg meg Facebook-profil i 2009, tjueto år etter at eg fekk mi første e-postadresse. Då eg tok til å bruke Facebook, var det 250 millionar som var på Facebook minst ein gong i månaden. Nå er det over tre milliardar daglege brukarar. Det har komme til ei rad nye plattformer, og mange er meir «på mobilen» enn dei er ute i den verkelege verda.
Ein tidlegare kollega ved UiB, professor Wenche Håland, sa ein gong at det mest provoserande med tenåringar er at dei er meir lik oss enn vi er sjølve. Eg vil seie noko liknande om å vere psykolog: «Det mest provoserande med å vere psykolog er at vi er meir psykolog enn det vi trur sjølve.»
I fagetisk samanheng, på sosiale medium, i den verkelege verda og i cyberspace, er vi meir psykologar enn det vi trur sjølve. Difor treng vi å ha den fagetiske refleksjonen med oss, også når vi trur at vi er på Facebook eller andre plattformer som privatpersonar. Vi har med oss dei faglege og etiske ideala frå Freud og dei andre som har brøyta vegen for oss. Skal vi framleis halde på dei gamle ideala som går ut på at vi skal syne minst mogleg av oss sjølve som personar? Klassiske psykoanalytikarar skulle ikkje eingong handhelse på sine pasientar. Er dette eit teikn på gode, profesjonelle grenser, eller kan det like godt oppfattast som dårleg folkeskikk?
Det finst psykologar som meiner at ein ikkje skal delta på sosiale medium. Facebook og liknande er i seg sjølv uetisk, er det nokon som seier. Eg meiner at ein ikkje kan rope: «Stopp verda, eg vil av!» Vi lever i ei verd der vi ikkje kan unngå å bli eksponert. Vi har likevel kontroll over korleis vi ønskjer å bli eksponert. Her kjem det inn korleis vi vel å eksponere oss. Som psykologar er det eingong slik at vi er representantar for yrkesgruppa vår, om vi likar det eller ikkje. Dette gjer at vi må vere klar over at vi aldri er fullt ut privatpersonar når vi opererer på sosiale medium.
Er det så farleg å bli sett? Kan hende er det meir tillitvekkande for våre brukarar, om vi kallar dei pasientar, klientar, observandar eller noko anna, når vi tør å syne at vi også har eit liv utanom kontoret. Slik eg forstår prinsippet om fagleg integritet i EPNP, kan vi vere redelege og tydelege også utanfor kontoret, utan at det kjem i konflikt med fagetikken.
«Ja, det er eg som skriv innlegg på Kav halling.» Då var settingen tryggare med ein gong. Han var kommen til ein heilt normal person som også hadde eit liv utanfor kontoret.