Psykologtidsskriftet

Vi må tydeleggjere kva kompetanse psykologar treng

Signe Hjelen Stige, Endre Visted, Elisabeth Schanche & Jon Vøllestad
  • Signe Hjelen Stige

    Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen

  • Endre Visted

    Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen

  • Elisabeth Schanche

    Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen

  • Jon Vøllestad

    Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen

Publisert: 11.05.2026

Profesjonen må reflektere over og tydeleg formidle den breie kompetansen som ligg i psykologrolla.

Debattinnlegget  gir uttrykk for skribentane sine meiningar.

Det komande året skjer fleire endringar som gjer spørsmålet om kva kompetanse psykologar treng, særleg aktuelt for profesjonen. Vi meiner fagfellesskapet i for lita grad har diskutert og tydeleggjort den breie kompetanseprofilen psykologar treng for å utføre oppgåvene dei er sette til. Både grunn- og spesialistutdanningane treng i større grad å ta inn over seg korleis klinisk kompetanse utviklast over tid, og kva som krevst for å fremje denne utviklinga.

Kvifor rette søkelyset mot kompetanse?

Psykologutdanningane i Noreg har vore tufta på scientist–practitioner-modellen (American Psychological Association, 1947). I dei nye nasjonale retningslinjene heiter det at «Studiemodellen er basert på at veiledet ferdighetstrening og intern og ekstern praksiserfaring med ulike pasient- og brukergrupper er integrert med undervisning i basalfag, anvendte fag og forskningsmetode gjennom hele utdanningsløpet» (Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning, 2020, § 22). Modellen vektlegg at ein psykolog, til skilnad frå ein teknikar som er opplært i spesifikke metodar, må settast i stand til å tenke systematisk og ope kring eige kliniske arbeid. Psykologen må ta med seg ei forskande haldning inn i eige klinisk arbeid, danne seg hypotesar, samle informasjon og justere forståing og kurs etter det som skjer i det kliniske møtet.

Vi spør oss om denne grunnleggjande måten å forstå psykologrolla på i dag er blitt så sjølvsagt at psykologstanden ikkje lenger reflekterer over og formidlar tydeleg nok kva slags kompetanse han faktisk inneber. Dermed risikerer avgjerdstakarar og utdanningsinstitusjonar å ta for lett på kva kompetanse som trengs i opplæringa av studentar og i utøvinga av det kliniske arbeidet.

Kompetansekrav i utdanningane

Psykologar utgjer ei av dei største yrkesgruppene i psykisk helsevern, og 35 % av dei som har fått autorisasjon som psykolog dei siste fem åra, har utdanning frå utlandet (Helsedirektoratet, 2023. Godkjenning av utanlandske utdanningar har så langt vore rettleia av Nasjonal plan, som har spesifisert omfang av undervisning innan ulike fagområde. Frå neste år skal utdanningane vurderast ut frå retningslinjene frå 2020, som har konkrete læringsutbytteskildringar innan seks ulike kompetanseområde. Den nye måten å vurdere psykologkompetansen på er meir krevjande enn å telje timar og sjå på undervisningsomfang. Fagleg råd for Helsedirektoratet arbeider difor med å utvikle kriterium for slike vurderingar.

For å kunne sikre naudsynt opplæring må utdanningsinstitusjonane ha klart for seg kva kompetanse psykologar treng. Fire av landets profesjonsutdanningar i psykologi har utvikla undervisningsopplegg over fleire tiår og gjort justeringar ut frå nye krav i retningslinjene frå 2020. Dei to nye profesjonsutdanningane i Stavanger og Kristiansand har derimot konstruert utdanningsløp i tråd med retningslinjene heilt frå starten av. Dei ulike føresetnadene for utdanningane reiser heilt konkrete spørsmål: Kva skal ein nyutdanna psykolog faktisk kunne gjere på dag éin i ein klinisk kvardag? Og kor går grensa mellom det ein skal kunne ved uteksaminering, og det som må lærast gjennom rettleiing i dei første åra i arbeid? For å kunne svare på desse spørsmåla trengs ei felles forståing av kva slags kompetanse utdanningane skal levere.

Livslang læring

Ei sameint forståing av naudsynt kompetanse for psykologar er også relevant etter fullført grunnutdanning. Det er ei klar forventning om livslang læring frå myndigheitene (Meld. St. 19 (2023–2024), s. 66), og psykologar har lange tradisjonar for å tenke profesjonell utvikling gjennom heile karrieren. Men også her oppstår praktiske dilemma: Kva slags kompetanse skal prioriterast når klinikarar har avgrensa tid til fagleg oppdatering? Korleis vektar ein breiddekompetanse mot spesialisering i eit pressa helsevesen? Og kva inneber det i praksis å vere «fagleg oppdatert» – å kunne nye metodar, eller å utvikle dømmekraft i møte med komplekse pasientforløp? Spørsmålet om kva kompetanse psykologar treng, er openbert tett knytt til korleis spesialistutdanninga skal utviklast og forvaltast framover.

Kva kompetanse treng så psykologar?

Dei nasjonale retningslinjene frå 2020 artikulerer eit minimumsnivå av kompetanse ein psykolog må ha tileigna seg i løpet av utdanninga for å få autorisasjon i Noreg. Dei seks kompetanseområda som er spesifisert, er: «Vitskapsteori og psykologiens historie; Psykologisk forskningsmetode og akademisk formidling; Psykologiske basaldisipliner og deira anvendelsesområder; Psykologisk utgreiing og behandling; Helsefremmende og førebyggjande psykologisk arbeid; og Psykologrollen, kommunikasjon og leiing» (Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning, 2020, § 3).

Det er ikkje lett å omsetje dei mange og detaljerte læringsutbytteskildringane til utdanningsprogram som faktisk understøttar kompetanseutvikling og progresjon. Det er vanskeleg å seie kva dei inneber i praksis.

Endringa i retningslinjer gjer det også relevant å vite om dei nasjonale retningslinjene samsvarer med internasjonale standardar, noko vår nyleg gjennomførte metasyntese viser at dei gjer (Stige et al., 2026). Samstundes gav analysane våre eit viktig korrektiv: Det som er synleg i klinisk praksis – til dømes evna til å handtere dei ulike fasane i eit klinisk forløp – kviler på to andre og meir grunnleggande nivå av kompetanse: 1) essensiell kompetanse, som evna til å møte andre med respekt og forstå og regulere seg sjølv, og 2) prosess- og konseptualiseringsferdigheiter, som evna til å samanstille, vekte og reflektere over informasjon frå fleire ulike kjelder som grunnlag for handling.

Denne tydelege hierarkiske strukturen understrekar betydinga av å tenke systematisk kring korleis ein kan sikre progresjon og moglegheiter for ferdigheitsutvikling innan alle naudsynte kompetansegrupper gjennom utdanningsløpet. Han peikar samstundes på eit praktisk dilemma: Korleis legg ein til rette for at studentar faktisk utviklar desse underliggjande ferdigheitene – og ikkje berre tileignar seg teoretisk kunnskap eller lærer seg prosedyrar?

Seleksjon og skikkaheit

Betydninga av personlege eigenskapar når ein selekterte studentar til klinisk psykologi, vart sterkt vektlagt då scientist–practitioner-modellen vart foreslått (American Psychological Association, 1947). I dag selekterer ein studentar basert på vidaregåandekarakterar, medan løpande skikkaheitsvurdering skal sikre at studentane har dei andre føresetnadane som krevst. Den hierarkiske strukturen i metasyntesen vår viser at det er viktig å diskutere korleis ein selekterer studentar til profesjonsutdanninga i psykologi. Vi meiner at opptak basert på karakterar åleine gir eit for snevert grunnlag for å vurdere kven som har føresetnader for å utvikle den breie kompetanseprofilen psykologrolla krev. Særleg risikerer ein å undervurdere betydninga av relasjonelle ferdigheiter, sjølvregulering og evne til refleksjon.

Diskusjonen knyt seg også an til prosessane som har vore dei siste åra om vegar til autorisasjon for kandidatar med utanlandsk utdanning. Helsedirektoratet har uttrykt forventning om at profesjonsutdanningane i psykologi skal hjelpe til med å utforma ein test for å sjå om ein psykologutdanna er eigna for autorisasjon. Universiteta, Psykologforeninga og brukarorganisasjonane har derimot peika på at det er vanskeleg å sjå for seg ein valid test som fangar kompleksiteten i klinisk kompetanse (Oxman, 2025). Resultata frå metasyntesen støttar den sistnemnde posisjonen. Det er difor gledeleg at Helse- og omsorgsdepartementet no har bestemt seg for å søke unntak for psykologar (Oxman, 2026).

Sikre kontinuerleg utvikling

Til slutt peikar funn frå metasyntesen vår på måten psykologar er forventa å kontinuerleg evaluere eigen kompetanse på og søke tilleggsressursar ved behov. Til no har spesialistløpa vore hovudmåten å sikre at arbeidsgivarar legg til rette for profesjonell og fagleg utvikling, på. Når rammene for spesialistutdanninga no er i endring, er det avgjerande at avgjersler kviler på ei tydeleg forståing av breidda i psykologkompetansen – og korleis dei ulike delane av denne kompetansen speler saman i praksis.

Referansar

  1. American Psychological Association. (1947). Committee on Training in Clinical Psychology. Recommended graduate training program in clinical psychology. American Psychologist, 2(12), 539–558. https://doi.org/10.1037/h0058236

  2. Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning (2020). Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning (FOR-2020-01-03-16). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-01-03-16

  3. Helsedirektoratet (2023). Statistikk autorisert helsepersonell. Helsedirektoratet. https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/statistikk-autorisert-helsepersonell

  4. Meld. St. 19 (2023–2024). Profesjonsnære utdanningar over heile landet. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/4ab6bbb12ed54f9f959 364aec06ba3f6/nn-no/pdfs/stm202 320 240 019 000dddpdfs.pdf

  5. Oxman, M. (2025). Går videre med test for å autorisere­ psykologer, tross varsku. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 62(4), 194–195.

  6. www.psykologtidsskriftet.no/artikkel/2025as03ae-G-r-videre-med-test-for-autorisere-psykologer-tross-varsku

  7. Oxman, M. (2026, 12. mars). Regjeringen snur om egnethetsprøver for å autorisere psykologer. Tidsskrift for Norsk psykologforening. www.psykologtidsskriftet.no/artikkel/2026as03ae-Regjeringen-snur-om-egnethetspr-ver-for-autorisere-psykologer

  8. Stige, S. H., Visted, E., Schanche, E. & Vøllestad, J. (2026). Mapping core competencies for clinical psychologists: A qualitative meta-analysis of nine international standards and accreditation documents. Clinical Psychology: Science and Practice. https://doi.org/10.1037/cps0000329